Sykehusseng ved vindu.

Infusjonsvæsker kan mista effekten av å bli utsette for lys over lengre tid. Foto: Colourbox

Etterlengta handbok om legemiddel som ikkje toler dagens lys

Legemiddel som vert utsette for lys over lengre tid, kan mista effekten eller bli giftige. No kjem hjelpa helsevesenet har venta på.

Av Torstein Helleve
Publisert 16. juni 2020

Papir gulnar. Maling mister fargen. Tekstilar falmar. Desse effektane av lys kjenner alle frå kvardagen.

– Då bør det ikkje overraska nokon at noko liknande òg kan skje med legemiddel som vert utsette for lys, seier professor Hanne Hjorth Tønnesen ved Farmasøytisk institutt på UiO .

– Produsenten har ansvaret for kvaliteten til legemiddelet, men berre fram til det vert teke i bruk. Så snart vi tuklar med det på ein eller anna måte – tynnar det ut eller blandar det med andre legemiddel, for eksempel – kan produsenten vanskeleg ha det ansvaret lenger, forklarar Tønnesen.

Sidan tidleg på 1980-talet har ho vore oppteken av kva som skjer med legemiddel som vert utsette for lys under oppbevaring og bruk, for eksempel på sjukehus eller heime hjå pasienten. Kunnskapen om dette er liten, ikkje berre blant sjukepleiarar og legar, men òg farmasøytar.

Dramatiske konsekvensar

– Eit typisk døme er infusjonsvæsker som vert gjevne intravenøst frå stativ ved senga eller som pasienten går rundt med. Det er eit sikkerheitskrav at slike væsker skal vera klare og i gjennomsiktig emballasje, slik at ein kan kontrollera at dei ikkje inneheld partiklar, seier Tønnesen.

Hanne Hjorth Tønnesen får jamlege førespurnader frå helsepersonell og farmasøytisk industri om legemiddel og lys. Foto: UiO

– Men dermed vert dei sjølvsagt òg meir utsette for lys.

Konsekvensane kan vera dramatiske. Ho fortel om den gongen ho vart kontakta av sjukepleiarane på ei sjukehusavdeling.

Og rett nok: Væska vart gjeven over 24 timar, som er lenge i ein slik samanheng. Heile denne tida hang posen utsett for lys ved pasienten si seng. Då Tønnesen undersøkte posen på slutten av denne perioden, inneheldt den berre 10 prosent av det aktive legemiddelet. Resten var brote ned til spaltingsprodukt.

– Dermed hadde det naturleg nok mindre effekt, så legen dobla dosen. Men då fekk pasienten ein fersk pose, der konsentrasjonen jo var 100 prosent. Konsekvensen var alvorlege biverknadar, seier Tønnesen.

Barn som er fødde for tidleg

Eit anna døme er næringsvæska som blir gjeven til barn som er fødde for tidleg. Ho inneheld aminosyrer, feitt, vitamin og anna som den nyfødde ikkje lenger kan få gjennom mora.

– Dette er òg stoff som er fotokjemisk ustabile. Dei vert brotne ned til stoff som heiter peroksid og som er svært reaktive. Ein vanleg utvikla person har forsvarsmekanismar som handterer dette, forklarar Tønnesen.

– Men desse små kroppane har ikkje det same forsvaret, og ein mistenkjer no at lysutsett næringsvæske faktisk kan ha forårsaka dødsfall. Derfor er det ein del fokus på dette om dagen.

Ho understrekar at slike dramatiske døme etter alt å døma berre er toppen av isfjellet.

– Om ein pasient har biverknadar som er utan opplagt årsak, men som er mindre alvorlege, er det langt frå sikkert at ein brukar tid på å finna ut kvifor.

Mangla detaljert kunnskap

Saman med ein kollega hadde Tønnesen ei stund ein ambisjon om å undervisa om lys og medisinar på norske sjukehus, men dei fann fort ut at det var for ambisiøst fordi det var vanskeleg å nå særleg mange helsearbeidarar om gongen.

Dei får jamlege førespurnadar frå helsepersonell og farmasøytiske bedrifter om legemiddel og lys, så behovet for kunnskap er absolutt til stades. Likevel fann dei ingen som var villige til å finansiera ei handbok som kunne delast ut.

– Men for eit par år sidan vart eg kontakta av Becton Dickinson, eit firma som produserer infusjonsutstyr. Dei kjende godt til problema, men mangla detaljert kunnskap på området.

– I utgangspunktet heldt eg eit kurs for utvalde tilsette hjå dei. Men etterpå oppmoda dei meg til å søkja på eit av stipenda dei deler ut for å produsera informasjonsmateriell. Dei er jo opptekne av at produkta deira skal ha så god effekt som råd ved bruk.

Vil du ha fleire forskingsnyheiter om medisin, realfag og teknologi? Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt

Gje helsepersonell riktig bakgrunn

Forsida av boka "Medicines and light"
Boka vert delt ut gratis til sjukehus over heile verda.

Og no er handboka her. Ei lita bok på 60 sider, i eit format som gjer ho enkel å stikka i lomma. Likevel er ho full av eksempel og anbefalingar som skal gjera det lettare å gjera ei vurdering sjølv for dei som ikkje kan noko om emnet frå før.

– Det er nemleg individuelle forskjellar på dei fotokjemiske reaksjonane. Det er ikkje slik at alt som er løyst opp i glukose reagerer på ein måte, medan alt som er løyst opp i ei saltløysing reagerer på ein annan måte, seier Tønnesen.

– Det er så mange faktorar som spelar inn at det er vanskeleg å gjera ei vurdering utan å ha riktig bakgrunn. Med denne boka ynskjer vi å gje helsepersonell denne bakgrunnen.

Non-profit

Becton Dickinson skal no dela ut boka til sjukehus over heile verda som dei er i kontakt med, utan vederlag. Ho skal òg omsetjast til fleire språk enn engelsk, i fyrste omgang til spansk. Skulle nokon ynskja ein eller fleire kopiar av boka, kan dei kontakte Becton Dickinson på adressa BD.MMS.support@bd.com.

– Prosjektet er non-profit, så eg sjølv tener ikkje ei krone på dette. Men etter å ha jobba med denne problemstillinga i snart 40 år, er det løn nok å få denne kunnskapen ut der den kjem sjukehusa og ikkje minst pasientane til gode, seier Tønnesen.

Kontakt:

Hanne Hjorth Tønnesen, professor ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo

Les meir på Titan.uio.no

Medisinar med grøne råvarer kan gje lindring for kroniske sår

Nye målemetodar kan gje betre medisinering etter nyretransplantasjon

Forskarane må velja om produktet deira er kosmetikk eller legemiddel

Emneord: Farmasi