Image
Nærbilde av en nyre.

Kroppen sitt immunsystem brukar lang tid på å godta ei transplantert nyre. Illustrasjon: Pixabay

Nye målemetodar kan gje betre medisinering etter nyretransplantasjon

Immunsystemet hjå nyretransplanterte må hindrast i å få kroppen til å støyta frå seg det nye organet. Men legemiddeldosen må tilpassast pasienten.

I lang tid etter ein nyretransplantasjon må pasienten bruka såkalla immundempande legemiddel. Men å setja forsvarssystemet til kroppen delvis ut av spel, fører sjølvsagt til uynskte biverknadar. Derfor ynskjer ein å finna det riktige doseringsnivået hjå den enkelte pasient.

– Innan fagfeltet mitt, terapeutisk legemiddelmonitorering, arbeider vi med å finna måtar for denne typen persontilpassa medisinering, forklarar farmasøyt Rolf Anton Klaasen, som disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo i slutten av mai. Til dagleg er han forskar ved Oslo universitetssjukehus.

Det er nemleg usikkert om dagens metodar gjev dei beste målingane for å vurdera legemiddelnivået. I forskinga si har Klaasen undersøkt dette og lagt grunnlag for arbeid med nye og betre metodar.

Konsentrasjon i blodet

– Eit mykje brukt immundempande legemiddel er takrolimus. Sjølv om det vert brukt etter nyretransplantasjonar, har det den nesten ironiske biverknaden at det er nyretoksisk, altså giftig for nyrene, seier Klaasen.

– Då er det viktig å passa på at ein tek nok av legemiddelet til å oppnå den immundempande effekten, samstundes som ein ikkje tek så mykje at det er skadeleg.

Klaasen har samanlikna to ulike målemetodar for takrolimus-nivået hjå dei same pasientane i eitt år etter operasjonen. Den eine metoden måler nivået i blodet, medan den andre måler nivået i lymfocyttane, dei kvite blodcellene der legemiddelet skal gjera jobben sin. I dag vert dosen tilpassa berre etter konsentrasjonen i blodet.

– Samsvaret mellom resultata ved dei to ulike metodane var berre sånn passe. Det var eigentleg ganske lågt, seier Klaasen om funna.

Svar etter nokre timar

Då skulle ein jo tru at saka var enkel og at ein gjekk over frå å måla nivået i blodet, som i dag, til å måla nivået i lymfocyttane. Så enkelt er det ikkje.

Portrett av Rolf Anton Klaasen
– Ei fallgruve innan legemiddelmonitorering er å vurdera eitt legemiddel om gongen, seier Rolf Anton Klaasen. Foto: Privat

– Lymfocyttane utgjer berre 1 prosent av blodet. Vi må fyrst skilja desse cellene frå resten av blodet, ekstrahera legemiddelet, plassera det i ei løysing og undersøkja det med kromatografi og massespektrometri. Prosessen krev tid og ressursar, og det er fyrst nyleg at dei fleste laboratorium har instrument som er sensitive nok til å køyra analysane.

– Samanlikna med den nye metoden er det ein enkel prosess å analysera fullt blod, og ein får svaret etter nokre timar, seier Klaasen.

Han har dermed vist at dagens metode med å måla i blod ikkje reflekterer konsentrasjonen av legemiddelet der det eigentleg fungerer, men at det trengst vidare forsking for å utvikla betre alternativ.

Prøven blir sentrifugert

Pasientar som får for sterkt nedsett nyrefunksjon av takrolimus, kan flyttast over til belatacept. Legemiddelet kom på marknaden for nokre år sidan, og til no har det ikkje eksistert nokon test for å overvaka legemiddelnivået hjå pasientane, som har blitt medisinerte nærmast etter «one size fits all»-prinsippet: 5 mg pr. kilo kroppsvekt, rund baut.

Fordi testar for belatacept ikkje finst frå før, la forskarane her vekt på å utvikla ein metode som ikkje skulle vera meir komplisert enn at det er realistisk å ta han i bruk i praksis. Det lukkast dei med.

– Prøven blir sentrifugert og plassert i analysemaskinen, ein trykkjer på ein knapp, og så er resultatet klart etter tre timar. Svara var som dei skulle: Det målte nivået gjekk opp rett etter at pasientane hadde teke legemiddelet og sokk så gradvis.

Må produsera DNA

Så står det att å tolka svaret ein får. Klaasen seier dette er ei fallgruve innan legemiddelmonitorering: Ein måler nivå og effekt av eitt legemiddel om gongen. Men ofte tek pasienten fleire legemiddel som ein må vurdera samla. Ved nyretransplantasjonar er det gjerne snakk om tre-fire ulike immundemparar åleine.

Ein av desse er mykofenolat, som ofte vert føreskrive saman med enten takrolimus eller belatacept. Her valde forskarane ei anna tilnærming: Som alternativ til å måla nivået av legemiddelet i blodet, målte dei effekten av det.

– Når lymfocyttane i immunsystemet vert aktiverte, deler dei seg og blir mange som tek opp kampen mot inntrengjaren. For å få til denne delinga, må cella produsera DNA, og for å få til det, treng ho eit bestemt enzym.

– Mykofenolat hindrar dette enzymet. Dermed kan ikkje lymfocytten produsera DNA, celledelinga kjem ikkje i gang, og immunsystemet er sett ut av spel.

Lågare enzymaktivitet

Dette enzymet finst i ulike versjonar i aktiverte og ikkje-aktiverte lymfocyttar. Ved å samanlikna aktivitetane til dei to versjonane i celler som var tekne frå dei same pasientane, kunne ein sjå at effekten av mykofenolat var større på enzymet i aktiverte lymfocyttar, heilt etter planen.

– Vi såg òg at over det året vi fylde pasientane, vart verknaden jamt dårlegare, som om enzyma utvikla ei slags motstandskraft.

Denne metoden er òg for ressurskrevjande til å ta i vanleg bruk, men Klaasen ser i alle fall eit mogleg bruksområde:

– Like etter operasjonen var det lågare enzymaktivitet hjå dei pasientane som måtte redusera mykofenolatdosen på grunn av biverknadar. Ved å måla enzymaktiviteten før og like etter operasjonen, kan det vera råd å identifisera pasientar som kan klara seg med lågare dosar mykofenolat.