Gul blome med ei bie på

Maskebie på engsoleie. Foto: Marianne Strand Torvanger

Vi plantar feil blomstrar for å hjelpa truga bieartar

For å hjelpa truga bieartar, plantar vi blomsterstriper langs åkerkantar. Men dei plantane som kan hjelpa dei mest truga artane, manglar ofte.

Av Torstein Helleve
Publisert 13. juni 2024

Folk har etter kvart fått augo opp for at det har sine ulemper om insekta som pollinerer plantane våre blir borte. For nokre år sidan la den førre regjeringa jamvel fram ein nasjonal pollinatorstrategi.

Eitt tiltak som vert nemnd fleire gonger i planen er å planta nye eller skjøtta eksisterande blomsterenger. Biar likar jo blomstrar, ikkje sant? Grei skuring.

Men så enkelt er det ikkje, ifylgje stipendiat Marianne Strand Torvanger ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo. Ein blomster er ikkje berre ein blomster og ei bie ikkje berre ei bie.

Lange tunger til blomstrar med lange kronblad

– Det finst 210 bieartar i Noreg, og dei lever på mange ulike måtar. Nokon har reir i sand, nokon i ved. Nokon bur i koloniar med ei dronning, andre er det vi kallar solitære, der kvar ho byggjer reir for seg sjølv og berre har ansvar for sine eigne larvar, forklarar Torvanger.

– Og det viktigaste i denne samanhengen: dei er avhengig av svært forskjellige blomstrar. Nokon er generalistar og hentar pollen frå mange ulike blomstrar. Spesialistane besøkjer kanskje berre ein eller to artar.

Kva blomstrar biene besøkjer vert òg bestemt av tungelengda. Mange bier er spesialiserte på blomstrar med lange kronblad, og har derfor lange tunger. Andre bier har korte tunger og besøkjer blomstrar med korte kronblad.

Blomsterstriper i kantsoner

– Doktorgradsprosjektet mitt er om utbreiingsmodellering av ville bier, og studerer utbreiinga over eit område som strekkjer seg frå Noreg, gjennom Danmark og ned til Nord-Tyskland, fortel Torvanger.

– Ved å studera innsamla data sidan 2017 ser eg at det er spesialistane som er mest sjeldne her oppe hjå oss. Naturleg nok er dei mest sårbare dersom plantane dei treng, forsvinn. Mistar plantane habitatet sitt, gjer spesialistbiene det òg.

Eitt tiltak som er nemnd i Pollinatorstrategien, er blomsterstriper i kantsoner, som skal vera viktig for å sikre mangfald av pollinatorar. Men det fungerer ikkje heilt etter planen, seier Torvanger.

– Eg har vore ute og gjort innsamling i slike planta blomsterstriper. Der finst det ofte mykje honningurt, som er ein innført art, og raudkløver som har lange kronblad. Desse artane passar bra for honningbier og andre generalistbier med lange tunger, som ein del humler, fortel Torvanger.

Har ikkje gjort noko for biodiversiteten

– Men det er jo lite til hjelp for dei korttunga spesialistane, som er dei som er mest truga og som vi burde fokusera på. Det blir ikkje betre av at humler kan fly mange kilometer for å finna nektar, medan dei solitære villbiene har ein aksjonsradius på kanskje berre eit par hundre meter. Finn dei ikkje dei riktige plantane, døyr dei av matmangel.

Ho har eit par moglege forklaringar på kvifor vi har enda opp med bevaringstiltak som verkar mot si hensikt, eller i alle fall ikkje så bra som ein trur.

– Vi er jo glade i honningbier som produserer honning, og humler som summar i blomsterenga. Så tenkjer dei at når dei har fått til det, så har dei gjort noko for naturen, sjølv om det ikkje har gjort noko som helst for biodiversiteten, seier Torvanger.

La løvetannen stå

– Og så handlar det kanskje litt om økonomi. Eg trur ikkje honningurt er den dyraste frøblandinga, akkurat. Norske villbier føretrekkjer uansett regionale blomstrar, ikkje innførde, som honningurt altså er.

Ho fortel at NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) arbeider med å utvikla regionale frøblandingar som eignar seg betre, men at desse foreløpig er for dyre for landbruket.

– Gule korgplantar som føllblom, flekkgrisøyre, hårsveve, haukeskjegg, og geitskjegg er døme på plantar som fleire av dei raudlista bieartane, for eksempel korgsandbie og buksebie, likar, seier Torvanger.

– Det er slike plantar vi bør planta på stader der dei har moglegheit til å veksa og trivast. Og hugs å la litt løvetann stå att til biene!

Marianne Strand Torvanger med ei bie som sit på fingeren hennar
Marianne Strand Torvanger viser fram ei buksebie, ein art som er klassifisert som sårbar i den norske Raudlista. Foto: Privat
Emneord: Biovitenskap, Naturvitenskap