Forskarane har kartlagt retningslinjene for bruk av antidepressiva hjå gravide i 46 europeiske land. Ill.: Pixabay/montasje: UiO

Forskarar har kartlagt retningslinjene for bruk av antidepressiva hjå gravide i 46 europeiske land. Illustrasjon: Pixabay/montasje: UiO

Store forskjellar mellom nasjonale retningslinjer for antidepressiva og svangerskap

Sjølv om symptoma er felles over landegrensene, er det sprik i behandlingane. Mange land har ikkje retningslinjer i det heile.

Av Torstein Helleve
Publisert 11. mai 2022

Dei fleste har høyrt om fødselsdepresjonar, depresjonar som mor opplever etter fødselen. Men depresjonar kan òg oppstå i løpet av svangerskapet, eller mor kan ha hatt diagnosen før ho vart gravid. Omgrepet perinatal depresjon omfattar depresjonar under svangerskapet og innan eitt år etter fødselen.

Men status for nasjonale retningslinjer for perinatal depresjon og legemiddelbruk er stussleg i mange europeiske land. Dette er retningslinjer som legen kan støtta seg på når ho eller han skal behandla pasienten, og ligg føre for ei rekkje medisinske tilstandar.

– Eg har leia ei kartlegging av retningslinjene i 46 europeiske land. Det finst som regel generelle retningslinjer for behandlinga av depresjonar. Men sidan nokre legemiddel kan ha effekt på barnet, trengst det eigne retningslinjer for perinatale depresjonar, forklarar forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Tilstanden til mor må vera del av totalvurderinga

– I ein del land der nasjonale retningslinjer for perinatal depresjon finst, har ein ikkje inkludert farmakoterapi, altså behandling med legemiddel. Dermed var ikkje desse heller relevante for studien vår.

Til slutt sat forskarane igjen med berre tolv sett retningslinjer som tilfredsstilte krava til å bli inkludert i studien. Til gjengjeld var det ein god del bra i desse.

– Når ein vurderer legemiddelbruk i svangerskap og under amming, fokuserer ein ofte berre  på risikoen for barnet. Det er to personar som er involverte, og kor alvorleg tilstanden for mor er, må vera ein viktig del av ei totalvurdering, understrekar Lupattelli.

– Vi såg mange døme på retningslinjer som ikkje hadde blitt oppdatert på mange år, seier Angela Lupattelli. Foto: UiO

Ulike kulturar for legemiddelbruk

– Men sjølv om dei tok omsyn til mor sin tilstand, tilrådde dei fleste ikkje-farmakologiske tiltak fyrst. Behandling med legemiddel vart fyrst tilrådd vurdert om dei ikkje-farmakologiske tiltaka ikkje hadde ynskt effekt.

Men noko sakna ho likevel i dei fleste retningslinjene.

– Ei ulukke kjem sjeldan åleine, heiter det jo, og perinatal depresjon går gjerne hand i hand med angstproblem som krev behandling. På slike og liknande tilstandar, altså der mor har symptom på fleire vanskar, kunne retningslinjene ofte vore betre, seier Lupattelli.

Når dei samanlikna praksis med retningslinjene, fann dei at legane fylgde retningslinjene ganske bra. Men ulike land har ulike kulturar for legemiddelbruk, og det synte seg her òg.

Heile tida ny kunnskap

– I nokre austeuropeiske land er det langt meir vanleg å bruka benzodiazepinar hjå gravide enn antidepressiva. Det skjer sjølv om antidepressiva er fyrsteval òg mot angst, som er den lidinga benzodiazepinar vanlegvis vert brukt mot, fortel Lupattelli.

– Det er uheldig, ikkje berre fordi det antakeleg ikkje er det beste legemiddelet å bruka, men det gjev òg høgare risiko for barnet enn antidepressiva gjer. Og vi kjenner jo til risikoen for avhengigheit og misbruk med benzodiazepinar.

At det er fornuftig med felles retningslinjer for dei same symptoma mellom land, er ikkje så vanskeleg å sjå. Lupattelli peikar på eit anna poeng òg: Det kjem heile tida ny kunnskap på området. Som døme trekkjer ho fram ein annan studie ho nyleg var med på, frå Danmark:

Mange retningslinjer ikkje oppdatert

– Vi fann at risikoen for alvorlege psykiske tilstandar hjå mor auka dersom ho avbraut behandling med antidepressiva under svangerskapet – men ikkje dersom ho avslutta behandlinga før ho vart gravid, fortel ho.

– Det er døme på ny kunnskap som burde bli avspegla i retningslinjene. I dette tilfellet kan det godt koma til å skje, sidan nett denne studien er heilt ny. Men vi såg mange døme på retningslinjer som ikkje hadde blitt oppdatert med ny kunnskap på mange år. Felles retningslinjer vil vera enklare å halda oppdatert.

Arbeidet inngår i Riseup-PPD COST ACTION, ei stor EU-finansiert satsing for å finna og ikkje minst samla kunnskap om det forskarane kallar perinatal depresjon. Arbeidet starta i 2019 og skal vera ferdig i 2023.

Vitskaplege artiklar:

Kittel-Schneider mfl: Treatment of Peripartum Depression with Antidepressants and Other Psychotropic Medications: A Synthesis of Clinical Practice Guidelines in Europe. International Journal of Environmental Research and Public Health, februar 2022.

Liu mfl: Antidepressant discontinuation before or during pregnancy and risk of psychiatric emergency in Denmark: A population-based propensity score–matched cohort study. PLOS Medicine, januar 2022.

Emneord: Farmasi