Oversiktsbilete frå akuttmottaket på Diakonhjemmet

I akuttmottaket ved Diakonhjemmet sykehus vert pasientar vurderte for vidare behandling. Foto: Nicolas Tourrenc/Diakonhjemmet sykehus

Legar i akuttmottak brukar sju minutt og 48 sekund på legemiddellista til pasienten

Ofte inneheld listene feil som kan fylgja pasienten vidare, men svakheiter i systema og hektiske arbeidsdagar tvingar legane til å prioritera.

Av Torstein Helleve
Publisert 8. feb. 2022

Ein treng ikkje ha sett amerikanske TV-seriar for å førestella seg den hektiske kvardagen i eit akuttmottak på eit sjukehus. Stadig kjem det inn nye pasientar som skal undersøkjast og vurderast: skal pasienten leggjast inn på ei av dei andre avdelingane? Eller kan hen sendast heim igjen og fylgjast opp av fastlege?

To av oppgåvene til legane i akuttmottak er å innhenta og dokumentera ei liste over legemidla pasienten brukar, det som heiter ei legemiddelliste. Når behandling i akuttmottak og under sjukehusopphald skal setjast i verk, er det viktig å ta omsyn til kva legemiddel pasienten brukar frå før.

– Men ofte stemmer ikkje legemiddellistene som vert dokumenterte ved innlegginga i akuttmottak, overeins med  pasienten sin faktiske legemiddelbruk. I ein studie vi gjorde i 2014, fann vi at så mange som 62 prosent av legemiddellistene som var dokumenterte i akuttmottaket hadde feil som var klinisk relevante.

– Det kunne potensielt føra til skadar for pasienten, fortel klinisk farmasøyt Lisbeth D. Nymoen, doktorgradsstudent ved Diakonhjemmet Sykehusapotek og Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Legen må leggja puslespel

Problemet med feil i legemiddellister er ikkje nytt, og det finst databasar som felles kjernejournal og Reseptformidlaren, der elektroniske reseptar vert registrerte slik at vi kan henta dei på apoteket utan meir dokumentasjon enn gyldig legitimasjon.

– Men databasane er ikkje betre enn opplysningane som ligg der. Legemiddel kan ha blitt avslutta – seponert –  utan at databasane har blitt oppdatert. Pasienten kan òg ha avslutta behandlinga på eiga hand, ikkje bruka legemiddelet som føreskrive, eller bruka andre legemiddel som ikkje er registrerte. Og denne informasjonen er det spesielt viktig å få tak i ved innlegging i akuttmottak, forklarar Nymoen.

Dermed er legemiddellista eit lite puslespel akuttlegen må leggja. Pasienten sjølv, når det er mogleg, pårørande og primærhelseteneste er viktige kjelder.

– I ein studie vi nyleg har gjennomført ved akuttmottaket på Diakonhjemmet sykehus, vart Reseptformidlaren berre konsultert for om lag kvar fjerde innlagde pasient. Det syntest vi fyrst var litt overraskande. Men Reseptformidlaren er ofte ikkje heilt oppdatert, så vi trur kanskje forklaringa er at legane ikkje har full tillit til opplysningane der, seier Nymoen.

Mest utsette oppgåva for avbrytingar

– I eit akuttmottak må og skal legen gjera prioriteringar, som kan gjera at arbeidet med legemiddellista kan måtte vika for noko anna, seier Nymoen. Foto: Lina Nordli/Diakonhjemmet sykehus

I studien har Nymoen sett på tidsbruken til 31 legar ved mottaket, og fyrst og fremst kor mykje tid som vart brukt til legemiddelrelaterte arbeidsoppgåver. Dette er den fyrste studien internasjonalt som har sett på dette spesifikke området.

– Litt over ein sjettedel av tida, tilsvarande dryge ti minutt kvar time, gjekk med til legemiddelrelaterte arbeidsoppgåver. Av denne tida igjen brukte legane nesten to tredelar på å innhente og dokumentera legemiddellister. Dei observerte legane behandla om lag ein pasient i timen, dermed svarar det til sju minutt og 48 sekund i snitt på kvar legemiddelliste, fortel Nymoen.

– Vi fann at dokumentasjon av legemiddellistene var den legemiddelrelaterte oppgåva som var mest utsett for avbrytingar. I tillegg er prosessen med å henta inn og dokumentere legemiddellister i seg sjølv fragmentert, fordi informasjonen må skaffast frå fleire ulike kjelder, gjerne både skriftlege og munnlege.

Moglege vegar for å avhjelpa problemet

Studien fann òg at legane ofte multitaska under arbeidet med legemiddellistene, som heller ikkje hjelper på konsentrasjonen. Dermed aukar risikoen for moglege feil, i følgje tidlegare studiar. Men Nymoen understrekar at ho ikkje er ute etter å kritisera legane.

– I eit akuttmottak må og skal legen gjera prioriteringar, som kan gjera at innhentinga og dokumentasjonen av legemiddellista kan måtta vika for noko anna, seier Nymoen.

Men feila i legemiddellista kan fort fylgja pasienten gjennom heile sjukehusopphaldet, med dei konsekvensane det kan ha. Nymoen meiner løysinga kan liggja i omgjevnadane til legane, og skisserer to moglege vegar å gå for å avhjelpa problemet.

Farmasøytar som innhentar legemiddellister

– Både i Helse Vest og i Helse Midt-Noreg testar ein no ut nye system som på sikt kan gje betre informasjonsflyt rundt legemiddellistane til pasientane ved innlegging i akuttmottak. Men det kan liggja nokre år fram i tid før disse er implementert i heile landet, så vi bør òg sjå på løysingar som kan setjast i verk raskare, seier ho.

– Ettersom legane må prioritera mellom fleire ulike oppgåver, kan ei nærliggjande løysing vera å ha personell ved akuttmottaket som har dokumentasjon og kvalitetssikring av legemiddellister som si dedikerte oppgåve, som for eksempel kliniske farmasøytar.

Denne løysinga er vald i fleire andre land, og ho fortel at ved Diakonhjemmet har dei kliniske farmasøytar som innhentar legemiddellister i akuttmottaket.

– Men det er berre ei halv stilling, så farmasøytane når ikkje alle pasientane. Og i Noreg ligg det formelle ansvaret uansett hjå legen, seier ho.

Den vitskaplege artikkelen

Nymoen m.fl.: Emergency department physicians’ distribution of time in the fast paced-workflow-a novel time-motion study of drug-related activities. International Journal of Clinical Pharmacy, 2021

Emneord: Farmasi