Image
Oversiktsbilete frå akuttmottaket på Diakonhjemmet

I akuttmottaket ved Diakonhjemmet sykehus vert pasientar vurderte for vidare behandling. Foto: Nicolas Tourrenc/Diakonhjemmet sykehus

Kvar femte innlegging i akuttmottaket kunne knytast til legemiddelbruk

Biverknadar som trengde legetilsyn var den langt vanlegaste årsaka, men feilbruk av legemiddel utgjorde òg ein betydeleg del av tilfella.

– Ein har i mange år rekna at om lag 10 prosent av innleggingar av eldre ved medisinske sjukehusavdelingar i Noreg er legemiddelrelaterte, fortel klinisk farmasøyt Lisbeth D. Nymoen.

– Men i studien vår fann vi at så mykje som 19,7 prosent av besøka i akuttmottak, uansett alder, kunne knytast til legemidla pasientane hadde brukt før innlegginga. Ettersom vi har brukt ein meir samansett metode enn dei tidlegare studiane, meiner vi at dette oppsiktsvekkjande resultatet er nærmare sanninga.

Nymoen er doktorgradsstudent ved Diakonhjemmet Sykehusapotek og Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Funna hennar skriv seg frå ein studie som vart gjennomførd ved akuttmottaket på Diakonhjemmet i 2017 og 2018.

Feila kan ha fleire årsaker

– I akuttmottaket vurderer legen om pasienten skal leggjast inn eller sendast heim. Om legen er meir bevisst på at innlegginga kan vera legemiddelrelatert, kan dette føre til meir målretta og effektiv behandling av pasienten, seier Nymoen.

– Det vil òg vera ein risiko for feilbehandling dersom det ikkje vert oppdaga at innlegginga er legemiddelrelatert. Og med akuttmottak under aukande press over heile verda, er det viktig med raske avklaringar, slik at avgjerda om pasienten skal leggjast inn på ein sengepost eller sendast heim vert teken på riktig grunnlag.

Om lag eitt av seks, 16,5 prosent, av dei legemiddelrelaterte tilfella skuldast feil bruk av legemiddelet. Nymoen forklarar at feila kan ha fleire årsaker. Pasienten kan ha misforstått instruksen frå legen, eller kan ha avslutta medisineringa på eiga hand.

Mange biverknadar ikkje moglege å førebyggja

Biverknadar var likevel den vanlegaste legemiddelrelaterte årsaka til at folk kom til akuttmottaket. Dei utgjorde heile 72 prosent av dei legemiddelrelaterte tilfella.

– Eg hugsar godt ein pasient som i løpet av ei veke hadde teke store mengder Ibux mot leddsmerter. Pasienten vart innlagd med magesår, som er ein kjend biverknad av Ibux, seier Nymoen.

– Men ho var antakeleg blant dei mange som trur at legemiddel du kan kjøpa i butikken er ufarlege. Ho hadde i alle fall teke langt meir enn det som er tilrådeleg.

Mange av dei biverknadene som vart registrert i studien var ikkje mogleg å førebyggja. Men historia ovanfor viser at ein del av biverknadene like gjerne kunne ha vore klassifisert som det som vert kalla førebyggbare feil. Slike feil er råd å gjera noko med, til dømes ved god informasjon ved kjøp av legemiddel.

Ekspertteam vurderte innleggingane

Lisbeth D. Nymoen utanfor Diakonhjemmet Sykehusapotek
– Eit ekspertteam vurderte om innleggingane kunne knytast til pasientane sin legemiddelbruk. Metoden vi brukte, er unik for denne studien, seier Lisbeth D. Nymoen. Foto: Hilde Frøyland/Diakonhjemmet Sykehusapotek

– Ei anna, liknande kjelde til førebyggbare feil er når pasienten får fleire legemiddel som skal verka mot ulike sjukdommar, men som kan gje same type biverknadar. Dei kan då forsterka kvarandre og auka risikoen. Den risikoen kunne vore unngått om pasienten hadde fått jamlege legemiddelgjennomgangar, seier Nymoen.

Nymoen fortel at studien deira omfattar alle som kom til akuttmottaket, ikkje berre dei som endar opp med å verta innlagde på sengepost. Dei har heller ikkje nøydd seg med å sjå på biverknader, men òg på andre legemiddelrelaterte problem som resulterte i innleggingane i akuttmottaket. Desse problema vart identifiserte av kliniske farmasøytar som gjennomførte legemiddelgjennomgangar for pasientane medan dei var i akuttmottaket.

– Informasjonen frå legemiddelgjennomgangen vart samla saman med annan viktig informasjon om pasienten, til dømes resultat frå blodprøvar og endeleg diagnose. Eit ekspertteam samansett av kliniske farmasøytar og legar vurderte på bakgrunn av denne informasjonen om innleggingane kunne knytast til pasientane sin legemiddelbruk. Denne metoden er unik for studien, og gjer at vi meiner våre funn er robuste.

Utanlandske studiar gjev liknande tal

Dette er den fyrste studien som undersøkjer legemiddelrelaterte innleggingar i norske akuttmottak. Men sjølv om tala er høgare enn det som har vore avdekka internasjonalt, understrekar Nymoen at det er forhold som kan forklara i alle fall ein del av forskjellane.

– Studien er relativt liten og utførd ved eitt sjukehus, så vi kan ikkje sjå bort frå at vi kunne fått andre tal ved andre sjukehus.

– Det norske tilvisingssystemet, der innlegging i sjukehus skjer via fastlege eller legevakt, fører òg til nokre forskjellar i pasientgrunnlaget som blei undersøkt, samanlikna med andre land der pasientane kan venda seg direkte til akuttmottaket, seier ho.

– Det fører til noko høgare gjennomsnittsalder på dei som kjem til akuttmottaket, samanlikna med internasjonale studiar. Men studiar frå utlandet som er justerte for alder, gjev tal som liknar våre.

Den vitskaplege artikkelen

Nymoen m.fl.: Drug-related emergency department visits: prevalence and risk factors. Internal and Emergency Medicine, Feb 2022