""

Rull med porsjonsposar for multidose. I posar merka med namn og tidspunkt får pasienten medisinane sine frå apoteket. Foto: Anette Vik Jøsendal/Nasjonalt senter for e-helseforsking

Færre feil: Elektronisk legemiddelliste skal erstatta telefaksen

Apotek, lege og heimesjukepleie utvekslar framleis legemiddellister for multidosebrukarar på faks. Digitale lister gjev færre feil.

Av Torstein Helleve
Publisert 23. feb. 2022

Multidose er eit system der apoteket pakkar pasienten sine medisinar i porsjonspakker, som gjer det lettare å ta rett medisin til rett tid. I heimesjukepleia får ein tredjedel av brukarane medisinane sine på denne måten.

– På ein del område har helsevesenet enno ikkje fått digitale løysingar. Når legen, apoteket og heimesjukepleia skal utveksla legemiddellister for denne pasientgruppa, skjer det enno på faks, fortel Anette Vik Jøsendal ved Nasjonalt senter for e-helseforsking i Tromsø. Ho tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Legemiddellista til pasienten finst altså i minst tre ulike utgåver. Det kan vera endå fleire, til dømes dersom pasienten har vore innlagd på sjukehus, som òg vil ha ei slik liste, seier Jøsendal.

Tid for pensjonering? Nye elektroniske løysingar i helsevesenet kan erstatta den trufaste telefaksen. Foto: Colourbox

Legemiddellister for 100 brukarar

Jøsendal forklarar at med så mange versjonar som skal oppdaterast kvar for seg, aukar risikoen for at det oppstår avvik mellom listene. Det kan skje om pasienten startar eller sluttar med eit legemiddel, eller doseringa vert justert.

Men snart kan faksen pensjonerast, i alle fall for denne oppgåva. I 2018 prøvde Oslo kommune ut eit elektronisk system for ei felles legemiddelliste for brukarar i heimesjukepleia. Jøsendal har forska på korleis det gjekk.

– Vi samla inn legemiddellister for 100 brukarar som skulle over til felles legemiddelliste, og tilsvarande for 89 brukarar frå ein nabobydel, som utgjorde kontrollgruppa, fortel Jøsendal.

Medisineringar endrar seg

Resultata var oppløftande. I det nye systemet vart talet på avvik redusert frå 389 til 122. I kontrollgruppa var det berre ein liten nedgang, frå 521 til 503. Samanfallet mellom legemiddellistene auka frå 77 prosent til 94 prosent med den nye, felles lista.

– I ei ideell verd ville ein ynskt null feil, og det kan godt henda det går an å gjera det endå betre enn tala vi ser her. Men alle som jobbar med legemiddellister er på det reine med at listene er ferskvare, seier Jøsendal.

– Medisineringar endrar seg heile tida, så det er ikkje realistisk at alle listene skal stemma 100 prosent overeins på eitt bestemt tidspunkt.

Sjølv om funna er gledelege, vil ikkje Jøsendal leggja æra for heile betringa på den elektroniske legemiddellista.

– Alle som jobbar med legemiddellister veit at listene er ferskvare, seier Anette Vik Jøsendal. Foto: Sjarm fotostudio

Prøver ut for alle i Bergen

– Før systemet vart teke i bruk, tilrådde vi ei harmonisering av listene for brukarane som skulle inn i systemet. Tilsvarande vart ikkje gjort for kontrollgruppa, så vi kan antakeleg anta at ein del av betringa kom av denne harmoniseringa, seier Jøsendal.

– Men det er òg sannsynleg at ei felles liste vil gje færre avvik enn det fleire parallelle lister vil gje. Og det viktigaste er jo at det har skjedd ei betring som kjem brukarane til nytte.

Systemet som vert innført i Oslo, var avgrensa til multidosebrukarar i heimesjukepleia. Men i Bergen prøver ein for tida ut Pasientens legemiddelliste. Dette er det det same systemet, men brukt for alle pasientar og ikkje avgrensa til heimesjukepleia, noko som vil gje tryggare legemiddelbruk i heile samfunnet.

Vitskapleg artikkel:

Jøsendal mfl: Implementation of a shared medication list in primary care – a controlled pre-post study of medication discrepancies. BMC Health Services Research, desember 2021.

Emneord: Farmasi