Image
Colourbox

Klozapin kan vera sløvande og gje vektauke. Foto: Colourbox

Mysteriet med behandlinga som vert avslutta

Farmasøytane kan sjå at pasientane avbryt behandling med det antipsykotiske legemidlet klozapin i serumet deira. Men kvifor veit dei ikkje.

Klozapin er eit kraftig antipsykotisk legemiddel som har vist seg å ha god effekt hjå pasientar med schizofreni. Men det fører òg med seg ein risiko for alvorlege biverknadar, som gjer at pasienten må ta hyppige blodprøvar.

– Derfor vert det berre brukt som siste utveg, når minst to andre antipsykotiske legemiddel har vore prøvde utan å ha ynskt effekt, seier Lennart Kyllesø. Han er tilsett ved Senter for psykofarmakologi ved Diakonhjemmet sykehus samstundes som han tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Senteret analyserer kvart år 200 000 blodprøvar for klozapin og andre psykofarmaka, altså legemiddel som skal hjelpa mot psykiske lidingar. Prøvane kjem frå primærhelseteneste, institusjonar og sjukehus i Helse Sør-Øst-området.

Resultata vert òg tolka for å gje meir persontilpassa og rasjonell legemiddelbruk i psykiatrien. Kyllesø forskar på bruken av klozapin med utgangspunkt i prøvane dei får inn.

Aukar ikkje dosen

Frå blodprøvane kan han sjå kven som brukar klozapin og held fram med det, og kven som sluttar med det. Og her er det mysteriet dukkar opp.

– Effekten av klozapin er individuell, og varierer med dosen. Nokre pasientar treng høgare dose enn det andre kan ha god effekt av. Men det vi ser, er at dei som sluttar med klozapin, får låge dosar, og har relativt låg konsentrasjon i blodet, seier Kyllesø.

– Så kvifor avbryt legen deira behandlinga? Kvifor aukar dei ikkje dosen i staden for?

Siste utveg

Datagrunnlaget Kyllesø arbeider med har ein innebygd svakheit som gjer at dei ikkje kan spørja pasientane.

– Når nokon bestiller ein analyse, får vi vita namn, alder, kjønn og kva legemiddel dei brukar. Men av personvernomsyn får vi ikkje vita noko om pasienten sine symptom, seier Kyllesø.

I tilfellet klozapin ville slike opplysningar vera nyttige for å prøva å finna eit svar på kvifor pasientar sluttar med legemidlet.

Alvorlege biverknadar

Lennart Kyllesø
– Datagrunnlaget har ein svakheit: Av personvernomsyn får vi ikkje vita noko om pasienten sine symptom , seier Lennart Kyllesø. Foto: Tore Haslemo/Diakonhjemmet sjukehus

Å avbryta behandling med eit legemiddel som er siste utveg, har sjølvsagt konsekvensar. Pasienten må kanskje tilbake til behandling med legemiddel som ikkje har verka tilfredsstillande, eller til kombinasjonsbehandlingar som heller ikkje er vist å være særleg effektive.

– Hypotesen vår, som vi altså har små moglegheiter for å testa med våre metodar, er at dette er pasientar som har opplevd plagsame eller alvorlege biverknadar som gjer det vanskeleg eller umogleg å gje høgare dosar, meiner Kyllesø.

Nokre av biverknadane av klozapin er uavhengige av dosering og konsentrasjon i blodet, og dermed uføreseielege. Men dei biverknadane som er avhengige av doseringa kan vera alvorlege og ubehagelege nok.

Ser etter andre forklaringar

– Klozapin kan både vera sløvande og gje vektauke. Saman eller kvar for seg kan desse føra til passivitet, og auka risikoen for livsstilsjukdommar som diabetes og hjarte-/karsjukdommar, seier Kyllesø.

– Alvorleg forstopping og auka spyttproduksjon er to andre moglege biverknadar som begge kan føra til seriøse komplikasjonar.

Kyllesø forklarar at dei ikkje veit sikkert kvifor nokre pasientar opplever fleire og kanskje meir alvorlege biverknadar, men meiner at stoffskiftet kan spela ei rolle. Enzym er stoff som bidreg til å bryta ned mellom anna legemiddel, og det viktigaste enzymet for klozapin heiter CYP1A2.

– Men dersom CYP1A2 var den skuldige, burde vi vera i stand til å sjå endringar i CYP1A2-metabolittar, altså nedbrytingsprodukt etter dette enzymet, i analysane. Sidan vi ikkje gjer det, ser vi etter andre forklaringar, seier Kyllesø.

Anonymiserte opplysningar enklare

– Vi spekulerer derfor i om stoffskiftet hjå dei som avsluttar klozapin-behandlinga kan vera forskyvd slik at det vert danna meir av andre klozapin-metabolittar, av ein type som kan gje auka biverknadar.

Men denne mistanken er ikkje lett å få bekrefta. Nokre av desse metabolittane let seg nemleg ikkje påvisa i serumanalysane. Dei har svært kort halveringstid, som gjer at dei vert borte som ånder i ein fillehaug før forskarane kan finna dei.

– Desse metabolittane vert i sin tur brotne ned til nye nedbrytingsprodukt. Foreløpig kan vi ikkje påvisa desse neste nedbrytingsprodukta heller, men det vert jobba med moglegheita, seier Kyllesø.

– Det enklaste hadde sjølvsagt vore om vi kunne samanhalda våre data med anonymiserte opplysningar frå pasientjournalane, Det er heller ikkje på plass i dag, men er òg ei løysing det er lov å håpa vil koma på plass. Men det skjer nok ikkje i løpet av mitt doktorgradsprosjekt.

Den vitskaplege artikkelen

Kyllesø m.fl.: Absolute and Dose-Adjusted Serum Concentrations of Clozapine in Patients Switching vs. Maintaining Treatment: An Observational Study of 1979 Patients. CNS Drugs, Aug 2021.