Tidlegare forsking har påvist at når eit protein i cellemembranen kalla HCA1 vert aktivert av mjølkesyre, vert det danna fleire blodårer i hjernen. Det kan potensielt vera som eit forsvar mot aldersrelatert nedgang i kognitive evner, som til dømes Alzheimers.
Nye nerveceller er eit anna viktig forsvar. I den vaksne hjernen vert dei i hovudsak danna i to område: den subgranulære sona i hippocampus-området (SGZ) og den ventrikulær-subventrikulære sona (V-SVZ).
Vi kjenner alle til at kroppen dannar mjølkesyre når vi trenar. Men forskinga på danning av nye blodårer i hjernen viste at mjølkesyre tilført som injeksjonar kan gje same effekt. Det er inga orsaking for dei som ikkje kjem seg opp av sofaen, men kan vera nyttig i behandling av dei som er for sjuke eller svake til å trena vanleg.
Mjølkesyre og saltvatnsløysing
Spørsmålet var om danninga av nye nerveceller vart påverka av aktivering av HCA1-proteinet på same måte som danning av blodårer, og i tilfelle korleis. Det har Marvin Lambertus, doktorgradsstudent ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo, undersøkt.
– Vi samanlikna vanlege mus med mus der genet for HCA1 er slått av. Slike vert kalla HCA1 knockout-mus. Samanlikninga set oss i stand til å observera funksjonen til HCA1-proteinet i korleis nerveceller vert danna, forklarar han.
Musene vart sette på ulike regime. Nokre vart sette i hardtrening, med intensiv intervalltrening fem dagar i veka i sju veker. Ei anna gruppe fekk injeksjonar med mjølkesyre, medan ei kontrollgruppe fekk injeksjonar med saltvatnsløysing.
Forsøka viste at det var forskjellar mellom musene, men òg mellom sonene SGZ og V-SVZ. I begge sonene vart danning av nerveceller stimulert av trening hjå begge variantane mus.
Mann eller mus
– I V-SVZ var det derimot ein forskjell når mjølkesyra vart tilført som injeksjonar. Hjå knockout-musene, der aktiveringa av HCA1 var slått av, fann vi ingen effekt, fortel Lambertus.
– Men hjå vanlege mus førte injisert mjølkesyre til at det vart danna fleire nerveceller.
Han forklarar at når dei på denne måten har vist at HCA1 har denne rolla å spela i korleis nye nerveceller vert danna, kan det opna vegen for nye måtar å behandla kognitiv nedgang på.
– I denne samanhengen er det likegyldig om du er mann eller mus. Inni er vi så like at det er dei same mekanismane som styrer oss.
Den vitskaplege artikkelen:
Lambertus m.fl.: L‐lactate induces neurogenesis in the mouse ventricular‐subventricular zone via the lactate receptor HCA1. Acta Physiologica, november 2020