Grisehovud

Grisehud, spesielt frå øyra, er svært lik menneskehud, og enklare å skaffa. Foto: Pixabay

Hud frå griseøyre og kunstige cellemembranar gjev svar om framtidige legemiddel

Ein nyleg oppdaga væsketype gjev håp om legemiddel basert på grøne råvarer. Men er han ufarleg å bruka i menneskekroppen?

Av Torstein Helleve
Publisert 14. sep. 2021

NADES vert kalla den tredje væsketypen, ved sida av vatn og lipid, altså feittstoff. Titan har tidlegare skrive om moglegheitene NADES gjev for bruk i legemiddel for kroniske sår.

NADES står for Natural Deep Eutectic Solvents og vart fyrst beskrive så seint som i 2010. Nokre stoff har eigenskapen at når dei vert blanda saman i bestemte mengdeforhold vert dei flytande ved langt lågare temperatur enn smeltepunktet for dei enkelte stoffa. NADES er slike blandingar basert på berre naturlege komponentar.

Stoffa som vert brukte i NADES finst naturleg i cellene i kroppen, og dannar dermed eit godt utgangspunkt som grøne komponentar i nye legemiddel. Men vegen dit er lang, og mykje forsking står att.

Må ikkje skada membranen

– Det har vore forska ein del på om NADES er skadeleg for celler eller bakteriar. Men så vidt vi kjenner til, er dette fyrste gongen det er forska på effekten av NADES på cellemembranen, seier Helene Liepelt Nystedt, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Alle celler er omgjevne av ein membran som fungerer som ein slags portvakt. Godsaker som næringsstoff slepp inn, og avfallsstoff vert skilt ut. Alt som vert tilført kroppen vår, både innvortes og utvortes, vil koma i kontakt med cellemembranar.

– Skal vi kunna bruka NADES i legemiddel, må vi vera trygge på at membranen ikkje vert skada. Det er til dømes mogleg at NADES kan brukast i legemiddel mot bakteriar, men den effekten vil vera likegyldig om våre eigne celler òg tek skade av behandlinga, forklarar Liepelt Nystedt.

Helene Liepelt Nystedt
– Skal NADES brukast i legemiddel, må vi vera trygge på at cellemembranen ikkje vert skada, seier Helene Liepelt Nystedt. Foto: Adam R. Babinski, UiO

Gode nok svar frå griseøyre

Fyrst testa dei legemiddel med NADES på liposom, som er kunstige cellemembranar. Liposom består av ulike fosfolipid, som er dei viktigaste byggesteinane i cellemembranane hjå menneske.

– Resultata var lovande. Liposommembranen vart ikkje betydeleg endra, så NADES verka ikkje å ha nokon klart uynskte effektar der, fortel Liepelt Nystedt.

I tillegg til å studera effekten på cellemembranen, ynskte forskarane å undersøkja om NADES påverka korleis legemiddel vert tekne opp gjennom huda og om hudstrukturen vart endra. Til det brukte dei hud frå griseøyre.

– Det finst forsking på ekte menneskehud, men for formålet vårt gjev griseøyre gode nok svar, forklarar Liepelt Nystedt.

Utnytta positive eigenskapar

– Tidlegare forsking har vist at grisehud, spesielt frå øyra, er svært lik menneskehud. Og det er enklare å skaffa, utan dei praktiske og etiske heftingane som fylgjer med menneskehud. Slakteria er berre glade for at slakteavfall kan brukast til noko nyttig.

Igjen var utfallet positivt, men Liepelt Nystedt understrekar at det enno er langt fram til produkt som inneheld NADES vert å finna på nærmaste apotek.

– Det er i høgaste grad grunnforsking vi driv med. Det er mange sider ved NADES som må kartleggjast før vi veit om og korleis vi kan utnytta dei positive eigenskapane deira, seier ho.

Den vitskaplege artikkelen

Interactions of natural deep eutectic solvents (NADES) with artificial and natural membranes, Journal of Molecular Liquids, April 2021.

Emneord: Farmasi