Image
Røngenbilde av ribbein og bekken.

Kreft i bukspyttkjertelen gjev auka risiko for diabetes og muskelsjukdommen kakeksi. Illustrasjon: Colourbox

Kreftceller frå bukspyttkjertelen endra stoffskiftet i muskelceller

Ikkje berre forbrenn kreftcellene feitt mindre effektivt enn friske celler. Dei kan òg ha dårleg påverknad på muskelceller i same retning.

Alt for hundre år sidan beskreiv den tyske forskaren Otto Warburg at stoffskiftet i kreftceller er annleis enn i dei fleste andre celler i kroppen.

Men framleis er det mykje forskarane ikkje veit om denne prosessen. Eller desse prosessane, for det finst eit utal ulike typar med kreft, variantar innan dei ulke krefttypane, eigenskapar som kan samanliknast og måtar det kan gjerast på.

– Det vi har undersøkt, er korleis stoffskiftet skjer i celler frå ein bestemt krefttype i bukspyttkjertelen samanlikna med friske celler derifrå, seier Solveig Astrid Krapf, stipendiat ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Hyppig celledeling

– Warburg og andre har vist at kreftceller forbrukar meir sukker og produserer meir mjølkesyre enn dei friske cellene. Omsetjinga av feitt har derimot ikkje vore undersøkt i særleg grad i desse kreftcellene tidlegare, supplerer Jenny Lund, som er postdoktor same stad.

– Vi fann at sjølv om dei tek opp meir feitt enn dei friske cellene, forbrenn dei mindre av det, altså er dei friske cellene meir effektive til å omsetje feittet, seier Krapf.

Sjølv om dei har vist at det er slik det heng saman, veit dei enno ikkje kva som er årsaka. Ein moglegheit er at kreftcellene treng energien frå feittstoffa for å gjennomføra den hyppige celledelinga som karakteriserer sjukdommen.

Ei form for muskelsvinn

Ikkje nok med at kreft er ein alvorleg sjukdom i seg sjølv, ulike kreftformer fører òg med seg risiko for andre alvorlege sjukdomar. Pasientar med bukspyttkjertelkreft er spesielt forbunde med auka risiko for å utvikla diabetes type 2 og tilstanden kakeksi.

– Kakeksi er ei form for muskelsvinn som oftast rammar kreftpasientar. Ho fører med seg tap av muskelmasse, ei kjensle av å vera utmatta og dårleg matlyst, forklarar Lund.

Kreftcellene skil ut spesielle protein og peptid som vi for enkelheits skyld kan kalla faktorar. Det har blitt foreslått at dei kan påverke stoffskiftet i musklane, men spesifikke faktorar har ikkje blitt beskrive tidlegare.

Lågare forbrenning av feitt

Solveig Astrid Krapf og Jenny Lund
– Kreftcellene frå bukspyttkjertelen påverkar muskelcellene til å forbrenna mindre feitt, seier Solveig Astrid Krapf (t.v.) og Jenny Lund. Foto: UiO

Celler som vert dyrka i laboratoriet, er plasserte i ei væske eller ein substans som inneheld næringsstoffa dei treng og som vert kalla dyrkingsmedium. Faktorane som kreftcellene skil ut, hamnar her. Eit slikt medium vert kalla kondisjonert.

– Vi behandla muskelceller frå friske menneske med det kondisjonerte mediet som hadde vore på kreftcellene. Vi ynskte å undersøkja korleis faktorane frå kreftcellene i mediet påverke muskelcellene, forklarar Krapf.

– Eit svært interessant funn var at muskelcellene si forbrenning av feitt gjekk ned då vi gav dei det kondisjonerte mediet. Så ikkje berre har kreftcellene frå bukspyttkjertelen lågare forbrenning av feitt, men dei påverkar òg muskelcellene til å forbrenna mindre, seier Lund.

Nokre steg vidare

– Sekretomet, det settet av protein som vert skilt ut av cellene, var klart ulikt hjå dei friske cellene og kreftcellene. Vi fann fleire ulike protein som er viktige for regulering av stoffskifte i sekretomet til kreftcellene. Det kan forklara korleis forbrenninga av feitt vart redusert i muskelcellene.

– Kanskje kan sekretomet òg vera med på å forklara kvifor pasientar med denne krefttypen i større grad har risiko for å få sjukdomar som type 2-diabetes og kakeksi, seier dei to. Men dei understrekar:

– Vi har kome nokre steg vidare for å forstå stoffskiftet ved kreft i bukspyttkjertelen og samspelet med musklane, men resultata våre skriv seg frå basalforsking på celler frå ein spesifikk krefttype i bukspyttkjertelen der vi har undersøkt nokre spesifikke prosessar.

– Det står att mykje forsking før vi kjenner alle dei komplekse prosessane som påverkar stoffskiftet til desse pasientane og kvifor dei er meir utsette for andre sjukdomar. Deretter må vi finna ut korleis vi kan gjera nytte av den forståinga i behandlingsformer.

Den vitskaplege artikkelen:

Krapf, Lund m.fl.: Pancreatic cancer cells show lower oleic acid oxidation and their conditioned medium inhibits oleic acid oxidation in human myotubes. Pancreatology, April 2020