torsk, tørrfisk

Eitt av spørsmåla Anne maria Eikeset jobbar med, er korleis næringsnettet med dei ti viktigaste kommersielle fiskeartane i Barentshavet vert påverka av klima og fiske. Foto: Colourbox

– Alle kan bidra til forsking på havet

Biolog Anne Maria Eikeset arbeider tverrfagleg for å lage noko som kan bli skikkeleg stort og vitskapleg viktig. – Du har eit ansvar når du jobbar med naturen, sier ho.

Av Åsmund H. Eikenes, Wenche Willoch
Publisert 20. des. 2017

– Eg er teoretikar, så det er ikkje meg du tar med på fisketur for å satse på storfangst, seier forskar Anne Maria Eikeset ved Institutt for biovitskap.

Vi møtest til ein prat om forskinga hennar på same tid som ein flokk barnehagebarn er på ekspedisjon i Kristine Bonnevies hus. Ungane er tydeleg begeistra over fiskane i akvariet, ikkje ulikt forskarane som arbeider med naturresursane i havet utanfor norskekysten.

– Då eg begynte å jobbe med fisk, slo meg at det betyr veldig mykje for veldig mange. Det handlar om fisk, havet og klima. Det er så mykje ein kan gjere, og alle kan bidra, seier Eikeset.

Ho har kombinert interessa for naturen med kunnskap om statistikk og modellering, og etterkvart vart ho ein del av forskingsmiljøet ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES).

Tverrfagleg med fisken i sentrum

Anne Maria Eikeset

Dei siste åra har Eikeset utvida forskinga si til å inkludere dei økonomiske ringverknadane av fiskenæringa. I dei tverrfaglege tilnærmingane er ho i kontakt med fagfolk innan statsvitskap og økonomi.

Eitt av spørsmåla ho utforskar, er korleis næringsnettet med dei ti viktigaste kommersielle fiskeartane i Barentshavet vert påverka av klima og fiske. Ho undersøker også korleis store trålarar og små fiskebåtar påverkar økosystemet og kva som skjer i det politiske landskapet når fisken bevegar seg inn i nye farvatn.

– Forskinga rommar stadig fleire og meir omfattande spørsmål. Vi ser ikkje berre på fisken isolert sett, men i samspel med menneska, klima og andre artar. Forskinga blir stadig meir kompleks, men også meir relevant og spennande, utbryt ho.

Eikeset lagar ulike modellar for å nyansere korleis titals faktorar påverkar kvarandre. Statistiske modellar, simuleringar, nettverksmodellar og matrisemodellar lagar eit samansett, digitalt bilete av naturen. Deretter nyttar ho modellane til å teste konsekvensane av store og små endringar som kan påverke torsken.

– Det er viktig at vi føler oss trygge på det vi har bygd. Eg bruker lang tid på å bygge, herje og leike med modellane, forklarar ho. 

Ideen kom før ho begynte på doktorgraden

– Kva forskingsartikkel er du mest stolt av?

– Den som kom ut i PNAS i 2013. Ideen fekk eg før eg begynte på PhD-en min. Vi laga ein modell for korleis fisketrykket påverkar modninga av torsken, og så la vi inn dei potensielle økonomiske effektane av endringa.

fiskebåter, Lofoten

Eikeset forklarar at det å drive omfattande fiske på ein vill bestand, kan samanliknast med eit ukontrollert avlsforsøk. Dersom store delar av bestanden forsvinn på grunn av fiske, kva skjer då med dyra som er att? Vert dei større eller mindre, og korleis vil dette påverke økonomien til fiskeria?

På veg mot svaret etablerte ho kontakt med andre forskarar, reiste på sommarkurs til Austerrike og forsvarte doktorgradsavhandlinga si. Ideen ho fekk i 2006, vart til slutt publisert sju år seinare.

– Vi møtte mykje motstand. Det var vanskeleg å publisere, kanskje fordi vi ikkje gav enkle ja-nei-svar på problema, seier Eikeset.

Større enn sitt eige

At svaret inneheld mange nyansar og førehald heng saman med at tverrfagleg forsking rører ved mange ulike interesser. Eikeset er likevel positiv til tverrfaglege tilnærmingar og synest det er viktig å nytte biologikunnskapane sine til å løyse problem som er større enn sitt eige fagfelt.

– Eg synest det er eit ansvar ein har når ein jobbar med naturen. Vi må gjere ein forskjell, sette vårt eige arbeid inn i noko større, seier ho.

Som nytt medlem i Akademiet for yngre forskere møter ho 33 andre forskarar som har liknande utfordringar og erfaringar.

– Vi er i same båt i karriereløpet, seier ho.

Er du interessert i forskingsnyheiter om realfag og teknologi? Følg oss på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.

Ikkje noko imot konkurranse

I fjor haust presenterte Akademiet resultata frå ei undersøking der berre halvparten av 840 norske forskarar ville anbefale dagens unge om å ta fatt på ei forskarkarriere. Eikeset er overraska over resultata og har stort sett vore positiv i sin omtale av forskarlivet.

– Forsking er jo fantastisk gøy, konstaterer ho.

Det største problemet, slik Eikeset ser det, er mangelen på moglegheit til å tenke langsiktig.

– Eg har ikkje noko imot konkurranse, men det må jo vere mogleg å få komme inn og spele på bana, kommenterer ho.

Ho meiner at det også bør leggast til rette for at forskarar kan få undervisningserfaring for å kvalifisere seg til faste forskarstillingar.

Har blitt vant til tanken

Eikeset peikar vidare på utfordringar knytt til familieplanlegging for yngre forskarar.

– Dersom ein har barn, vert det endå meir usikkert. Som midlertidig forskar er ein ikkje garantert å få dekka foreldrepermisjon, og prosjektet kan bli nøydd til å betale. Postdoktorane er i utdanningsstillingar, så dei vert dekka, men det er ikkje nødvendigvis slik for forskarane. Det er i tillegg uheldig for likestillinga, då det ofte er kvinner som tek lengst foreldrepermisjon.

– Har du fast jobb?

– Nei.

– Bekymrar det deg?

– Vel, eg trudde ikkje det, eg var blitt vant til tanken. Men i det siste har det endra seg.

Ho fortel at mange av hennar nære kollegaer og vener i utlandet har etablert seg som forskarar og kan bygge opp eigne forskingsgrupper og tenke langsiktig.

– Det kjem jo nokre faste stillingar av og til, men nokre gonger tenker eg at det å jobbe så tverrfagleg, ikkje løner seg. Når eg ser på framtidige stillingar og moglegheiter, så  bekymrar det meg.

Pose og sekk

Midlertidigheit påverkar også moglegheitene til å bygge noko større av forskinga og til å planlegge langsiktige samarbeid, understrekar Eikeset.

– Vi bruker veldig fort sju millionar over tre år når vi skal jobbe tverrfagleg, særleg fordi vi treng fleire stillingar. Vi vil jo lage noko som kan bli skikkeleg stort og vitskapleg viktig, seier ho.

Det er likevel ikkje tvil om at Eikeset trivst i jobben som forskar.

– Eg ser at ettersom tida går, så har eg begynt å foreine teoretisk biologi med engasjementet for naturvern. Eg får i pose og sekk.