Utdanningskvalitetsprisen til CSE

Av Morten Dæhlen
Publisert 25. apr. 2012

CSE ("Computing in Science Education") fikk i dag den nasjonale utdanningskvalitetsprisen av NOKUT. CSE fikk andre pris på 300.000,- kroner. Tilstede under tildelingen, som ble foretatt av kunnskapsminister Kristin Halvorsen, var Anders Malthe-Sørenssen, Knut Mørken og Hanne Sølna, se bildet under.  Les også omtale i Uniforum og tidligere omtaler her på Dærnt´s Corner finner du både her og her. En vel fortjent pris til CSE-prosjektet, og jeg vil derfor benytte anledning til å gratulere alle som har arbeidet med CSE over mange år.

 

Juryen begrunnet prisen til CSE slik: "Computing in science education (CSE) har som mål å fornye det faglege innhaldet i bachelor-utdanninga i realfag med ein integrert komponent av matematikk og informatikk (referert til som bereikningar). Noko ein ser som verdfult. Studentane vert sett i stand til å studere realistiske problem tidleg i studiet. Inkludering av bereikningsperspektivet i grunnutdanninga i realfag er grunngjeve ut i frå endra utøving av faga og ikkje primært ut frå pedagogiske omsyn. Prosjektet har lagt stor vekt på å skapa nettverk for samarbeid og erfaringsdeling mellom vitskapleg tilsette frå ulike fagmiljø. I tillegg har studentar vorte involverte i arbeidet med å endre det faglege innhaldet i utdanningane. Den faglige endringa har gjeve mange spennande moglegheiter. Både ved å gjere utdanninga meir relevant for studentane og betra kommunikasjonen mellom student og vitskapleg tilsett. Dei har evna å inkludere studentane i utforminga av utdanninga og tenkje nytt om undervisninga generelt. Av læreresultat det vert synt til vil komitéen framheve både nivåheving av vidarekomande emne og eksamenar på bachelornivå. Dei som gjeng vidare til master fortare kjem i gong med forskingsarbeidet fordi dei er meir operative i berekningsmetodar. Studentar kan alt i andre semester arbeide med bereikningsmessige prosjekt i forskingsfronten. Ei slik systematisk fornying av utdanning krev eit felles fagleg fokus på tvers av faggrenser, entusiasme mellom dei vitskapleg tilsette, solid forankring og stønad i leiinga, smidig administrativ stønad og aktivt engasjement hjå studentane. Alle desse elementa har vorte sameint på ein vellukka måte i CSE-prosjektet. Prosjektet kan ha overføringsverdi og innanfor samfunnsvitskap og humaniora. Det er relevant for meir enn realfagsmiljø og ingeniørutdanningar."