Nærbilete av tysbast

Å bruka ein giftplante som medisin høyrest ut som ein dårleg ide. Men vassekstraktet av tysbast er ikkje særleg giftig. Foto: Enrico Blassuto/Wikimedia Commons

Hentar gamle medisinplantar fram frå gløymeboka

Gamle medisinbøker omtalar mange medisinplantar som ikkje vert nytta i dag. I laboratoriet vert løyndommane deira avslørte.

Av Torstein Helleve
Publisert 29. mai 2024

 – Mennesket har ikkje berre brukt naturen som ei kjelde til mat, men òg til medisin. Gjennom prøving og feiling har dei leita seg fram til plantar som har gjeve lindring mot ei rekkje plager og lidingar, fortel Hussain Shakeel Butt.

– Dei har validert funna sine etter dei metodane dei hadde til rådvelde den gongen. I dag brukar vi andre metodar, men prinsippet er ikkje ulikt.

Butt har vore ein del av det tverrfaglege forskingsprosjektet REA:Life. 22. mai disputerte han for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Tradisjonell kunnskap for nye medisinar

– Ein reknar at det finst rundt 380 000 plantar på jorda. Mange av desse inneheld garantert komponentar som kan isolerast og brukast i legemiddel. Men med så mange moglegheiter vert litt som å leita etter nåler i ein stor høystakk, seier Butt.

– Men ved å gå tilbake og sjå kva plantar folk brukte tidlegare, vert høystakken betydeleg mindre, og nålene lettare å finna.

REA:Life er samansett av farmasøytar, biologar, historikarar og botanikarar. Prosjektet har teke i bruk det som vert kalla ei etnofarmakologisk tilnærming, der ein baserer seg på tradisjonell kunnskap for å finna nye medisinar.

Potensial til å bli brukt i legemiddel

 – Min del av prosjektet starta med å gå gjennom dei historiske kjeldene som beskriv desse plantane og bruken av dei. Eg har bakgrunn frå kjemien, så det var ei heilt ny erfaring å jobba på denne måten, seier Butt.

Butt si oppgåve var å ekstrahera stoff frå to kjemiske grupper, polysakkarid og polyfenolar.

– Dette er stoff som ofte har immunmodulerande eigenskapar, altså at dei er i stand til å utløysa responsar i immunsystemet. Stoff som utløyser den immunresponsen vi ynskjer, har potensial til å bli brukt i legemiddel, forklarar Butt.

Giftplante som medisin

Hussain Shakeel Butt
– Med  verkestoff frå naturen har plantane alt gjort finarbeidet for oss, seier Hussain Shakeel Butt. Foto: Adam R. Babinski/UiO

– Vi identifiserte 23 plantar som såg lovande ut, og som vi drog ut og samla inn frå naturen. Tilbake på instituttet ekstraherte vi dei i kokande vatn, som var eit av de løysemidla folk hadde tilgang på før i tida.

– Ekstrakta sende vi til immunologen på Rikshospitalet som vi samarbeider med, som køyrde haugevis av celleprøvar på ekstrakta våre.

Basert på resultata frå celleprøvane bestemte Butt seg for å gå vidare med tre spesielt lovande plantar: fjellkvann, strandkvann og den giftige planten tysbast.

Å bruka ein giftplante som medisin høyrest kanskje ut som ein dårleg ide.

Shakeel Butt

– Men vi fann ut at vassekstraktet av tysbast ikkje var særleg giftig. Då oppdaga vi at dei giftige forbindelsane i planten er feittløyselege, fortel Butt.

Plantane har gjort arbeidet

– Dei løyser seg med andre ord dårleg i vatn, så dei blir i liten grad med når vi kokar planten i vatn.

Han fortel at gjennom heile prosessen har både polysakkarid og molekylære forbindelsar frå tysbast peika seg ut som dei mest lovande kandidatane for legemiddel. Han understrekar at vegen dit er svært lang, og at det slett ikkje er sikkert at nokon av stoffa vil enda opp som verkestoff i eit legemiddel nokon gong.

– Eg trur legemiddelindustrien kunne tent på å henta opp gløymd kunnskap på denne måten. I dag går mykje av jakta på nye verkestoff føre seg framfor PCen, seier Butt.

– Men rett som det er endar du opp med å modellera molekyl som er så kompliserte at det neste er uråd å framstella dei syntetisk. Med stoffa frå naturen, derimot, har plantane alt gjort finarbeidet for oss.

Emneord: Farmasi