Mann med hovudet mot eit regnvått vindu

Pasientar med depresjon får tilnærma same medisinering, men ho fungerer ikkje for alle. Foto: Pixabay

– Upresise retningslinjer for persontilpassing av antidepressiva

Gena avgjer kva medisindose som fungerer best for den enkelte pasient med depresjon. Men dosen blir ikkje nøyaktig når modellen er unøyaktig.

Av Torstein Helleve
Publisert 16. juni 2021

Få vanlege sjukdommar er så lite forstått som depresjon. Det er mange som vert ramma av sjukdommen, og anslag seier at rundt ein av fem vil bli ramma minst ein gong i livet.

– Depresjon er ein sjukdom som berre er definert ut frå eit sett av psykiske symptom, men vi veit veldig lite om biokjemiske mekanismar og årsaker som ligg til grunn, seier Espen Molden, forskingsleiar ved Senter for psykofarmakologi ved Diakonhjemmet sjukehus og professor II ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Han samanliknar med sjukdommar som vi kan langt meir om, som til dømes leukemi, òg kjend som blodkreft, der det biologiske grunnlaget er godt beskrive.

Får den same behandlinga

– Leukemi vert òg beskrive gjennom symptoma sine, men her kan vi skilja mellom ulike biologiske mekanismar og årsaker som gjev den same sjukdommen, forklarar han.

– Dermed kan vi utvikla medisinar som spesifikt hemmar ein bestemt mekanisme. Dermed kan pasientane få behandlingsval som passar best for den enkelte, det som ofte blir kalla presisjonsmedisin.

For depresjon er situasjonen ein annan. Sjølv om det finst ulike legemiddel mot depresjon med ulike verkestoff, er det berre marginale forskjellar i korleis dei verkar. Pasientane får i prinsippet den same behandlinga ut frå symptombiletet.

– Denne behandlinga fungerer berre på omlag ein tredjedel av pasientane. Det blir som om vi skulle gje penicillin til alle som har feber. Men feber kan som kjent ha mange andre årsaker enn det som heiter grampostive bakterielle infeksjonar, som er det penicillin verkar mot, seier han.

Prøving og feiling

Det er altså i dag nærmast uråd å velja ein medisintype mot depresjon som ein er sikker på at vil ha effekt. Då er det i alle fall viktig å gje ei dosering som passar den enkelte pasient.

Men her er det òg slik at pasientar med depresjon i stor grad får den same dosen av eit gitt legemiddel. Det fungerer bra for nokon, men ikkje for andre. Mange får alvorlege biverknadar ved ei dosering som andre ikkje får nokon som helst effekt av, verken positivt eller negativt.

– Denne «one size fits all»-tilnærminga blir som å definera at alle pasientane svarar til gjennomsnittspersonen. Ergo trengst det endå meir prøving og feiling for å finna ei dosering som passar.

Men denne prøvinga og feilinga kan bli historie.

– Vi har lenge kjent til kva enzym som primært bryt ned desse legemidla i kroppen. Effekten av dette enzymet varierer ut frå kva variantar pasienten har av eit bestemt gen, det vi kallar genotype, forklarar Molden.

Set skapet på plass

– Ved å undersøkja kva variant av dette genet pasienten har, kan vi med ein presis modell predikera kva dose som sannsynlegvis vil gje best effekt og minst biverknadar.

Vel og merke dersom modellen hadde vore god nok. Retningslinjer for korleis ein skal vektleggja betydninga av genvariantane er utarbeidd av det amerikanske fagmiljøet, som nærmast har kuppa området. Molden er kritisk til korleis dei har kome fram til modellen sin.

– Dei har brukt eit spørjeskjema og henta inn «synspunkt» frå 37 framståande ekspertar. Men alle skjønar at denne metoden ikkje er særleg vitskapleg robust. Vi har forsøksdata som kan svara mykje betre på dette. Det er desse dataa som viser at den eksisterande modellen ikkje er presis nok, seier Molden litt oppgitt.

– Så då eg vart invitert til å skriva ein vitskapleg artikkel om dette temaet, var det ein sjanse til å setja skapet på plass. No får vi håpa at artikkelen kan føra til at retningslinjene og modellen vert forbetra.

Ferdig med det

Molden understrekar at det er sjølve modellen han har noko å utsetja på, ikkje persontilpassing av verken antidepressiva eller andre psykofarmaka. Senteret han jobbar ved, analyserer alt i dag rundt 10 000 pasientprøvar i året for dette formålet.

– Men analyseresultata av prøvane må tolkast av modellar som er basert på fakta. Fyrst då kan vi oppnå høg presisjon på dosering og betre behandlingsresultat i psykiatrien. Det er ikkje som for hjarte/karsjukdommar, der ein nærmast kan tilpassa dosen ved å måla blodtrykket og ferdig med det.

Den vitskapelege artikkelen

Molden & Jukic: CYP2D6 Reduced Function Variants and Genotype/Phenotype Translations of CYP2D6 Intermediate Metabolizers: Implications for Personalized Drug Dosing in Psychiatry. Frontiers in Pharmacology, Apr 2021

Emneord: Farmasi