To personer jogger i et vakkert landskap.

Når du trenar, dannar kroppen mjølkesyre som potensielt kan vera eit forsvar mot Alzheimers. Foto: Pixabay

Mjølkesyre som vert injisert, påverkar hjernen annleis enn den kroppen lagar sjølv

Mjølkesyre er viktig når hjernen dannar nye nerveceller, noko som kan motverka Alzheimer. Men effekten varierer med korleis mjølkesyra vert tilført.

Av Torstein Helleve
Publisert 12. feb. 2021

Tidlegare forsking har påvist at når eit protein i cellemembranen kalla HCA1 vert aktivert av mjølkesyre, vert det danna fleire blodårer i hjernen. Det kan potensielt vera som eit forsvar mot aldersrelatert nedgang i kognitive evner, som til dømes Alzheimers.

Nye nerveceller er eit anna viktig forsvar. I den vaksne hjernen vert dei i hovudsak danna i to område: den subgranulære sona i hippocampus-området (SGZ) og den ventrikulær-subventrikulære sona (V-SVZ).

Vi kjenner alle til at kroppen dannar mjølkesyre når vi trenar. Men forskinga på danning av nye blodårer i hjernen viste at mjølkesyre tilført som injeksjonar kan gje same effekt. Det er inga orsaking for dei som ikkje kjem seg opp av sofaen, men kan vera nyttig i behandling av dei som er for sjuke eller svake til å trena vanleg.

Mjølkesyre og saltvatnsløysing

Spørsmålet var om danninga av nye nerveceller vart påverka av aktivering av HCA1-proteinet på same måte som danning av blodårer, og i tilfelle korleis. Det har Marvin Lambertus, doktorgradsstudent ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo, undersøkt.

Marvin Lambertus
– Hjå vanlege mus førde injisert mjølkesyre til at det vart danna fleire nerveceller i den ventrikulær-subventrikulære sona i hjernen, foklarar Marvin Lambertus. Foto: Privat

– Vi samanlikna vanlege mus med mus der genet for HCA1 er slått av. Slike vert kalla HCA1 knockout-mus. Samanlikninga set oss i stand til å observera funksjonen til HCA1-proteinet i korleis nerveceller vert danna, forklarar han.

Musene vart sette på ulike regime. Nokre vart sette i hardtrening, med intensiv intervalltrening fem dagar i veka i sju veker. Ei anna gruppe fekk injeksjonar med mjølkesyre, medan ei kontrollgruppe fekk injeksjonar med saltvatnsløysing.

Forsøka viste at det var forskjellar mellom musene, men òg mellom sonene SGZ og V-SVZ. I begge sonene vart danning av nerveceller stimulert av trening hjå begge variantane mus.

Mann eller mus

– I V-SVZ var det derimot ein forskjell når mjølkesyra vart tilført som injeksjonar. Hjå knockout-musene, der aktiveringa av HCA1 var slått av, fann vi ingen effekt, fortel Lambertus.

– Men hjå vanlege mus førte injisert mjølkesyre til at det vart danna fleire nerveceller.

Han forklarar at når dei på denne måten har vist at HCA1 har denne rolla å spela i korleis nye nerveceller vert danna, kan det opna vegen for nye måtar å behandla kognitiv nedgang på.

– I denne samanhengen er det likegyldig om du er mann eller mus. Inni er vi så like at det er dei same mekanismane som styrer oss.

Den vitskaplege artikkelen:

Lambertus m.fl.: L‐lactate induces neurogenesis in the mouse ventricular‐subventricular zone via the lactate receptor HCA1. Acta Physiologica, november 2020

Emneord: Farmasi