Gipset arm i fatle.

Når det vert danna mindre beinvev, aukar risikoen for beinbrot. Foto: Colourbox

Mykje brukt medisin mot magesår kan gje knekte bein – enzym kan avdekka årsaka

For mykje av enzymet legumain kan føra til beinskøyrheit. Det same kan mykje brukte syredempande medisinar. Kanskje er det ein samanheng.

Av Torstein Helleve
Publisert 22. okt. 2020

– Legumain finst for det meste inne i celler, og det finst i nesten alle celler i kroppen. Det er eit enzym som har mange ulke funksjonar, fortel Tatjana Bosnjak.

Ho disputerer 22. oktober for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho har forska på kva rolle legumain spelar i utviklinga av beinskøyrheit, ein sjukdom som rammar ein fjerdedel av norske kvinner over 50 år, ifølgje Store norske leksikon.

Beina i kroppen vår inneheld stamceller som kan utvikla seg til enten feittceller eller til osteoblastar. Dei siste er celler som produserer beinvev. Forsking dei siste åra har vist at når det er mykje legumain til stades der cellene vert danna, dannar stamcellene fleire feittceller og færre osteoblastar.

Beinskøyrheit og beinbrot

– Med færre osteoblastar vert det danna mindre beinvev, og dermed vert beina svakare, forklarar Bosnjak.

Beinskøyrheit er òg ein risiko ved langvarig bruk av det som heiter protonpumpehemmarar, som hemmar syreproduksjon i celler. Derfor er det mykje brukt mot magesår og liknande.

– Protonpumpehemmarar er blant dei aller mest brukte legemidla i verda. Derfor er det urovekkjande at det etter kvart har blitt klart at dei kan ha alvorlege biverknadar, som beinskøyrheit og beinbrot, seier Bosnjak.

Ny verknadsmekanisme

Tatjana Bosnjak
– Vi har avdekka ein ny verknadsmekanisme for protonpumpehemmarar som kan vera ei mogleg forklaring på biverknadar knytte til langvarig bruk, seier Tatjana Bosnjak. Foto: Privat

– Men det er vel å merka ved feil, det vil seia langvarig, bruk. Dei skal berre brukast over kortare tid, men vert likevel gjeve til pasientar i mange år, nærmast som ein fast medisin.

Bosnjak meiner grunnen kan vera at protonpumpehemmarane er veldig effektive og lenge har vore rekna som relativt trygge. Det er dei òg – men berre ved riktig bruk.

– Fram til no har ein trudd at dei berre verkar på protonpumper i magen. Men vi har avdekka ein ny verknadsmekanisme for dei. Dei hemmar legumain, og dermed forstyrrar dei enzymet sin funksjon i kroppen. Det kan vera ei mogleg forklaring på biverknadar knytte til langvarig bruk av protonpumpehemmarar, seier Bosnjak.

Paradoks

Som kjend er vitamin D bra for beinbygninga, og vitaminet er ein standard del av behandling mot beinskøyrheit. Når for mykje legumain kan vera skadeleg for skjelettet, skulle ein tru at dei to stoffa verkar i motsett retning. Men det skjer ikkje heilt.

– Vi har funne ut at i osteoblastar fører vitamin D faktisk til ein auke av legumain. Kvifor er det slik? Det er eit paradoks som vi ikkje kjenner forklaringa på endå, fortel Bosnjak.

Bosnjak har òg funne ut at legumain finst i det som heiter eksosom. Dei er bitte små pakker som vert skilde ut av cellene og som fungerer som kommunikasjonssystem mellom dei.

– Vi har altså avdekka at eksosoma frå beinceller inneheld legumain, men lenger er vi ikkje komne endå. Meir forsking må til for å finna ut kva rolle enzymet spelar her, seier Bosnjak.

Disputas:

Tatjana Bosnjak disputerer 22. oktober over avhandlinga «Regulation and functional studies of the cysteine protease legumain in bone cell biology»

Vitskaplege artiklar:

Lunde m.fl.: Mammalian legumain – A lysosomal cysteine protease with extracellular functions? Biochimie, Nov 2019.

Bosnjak m.fl.: Lansoprazole inhibits the cysteine protease legumain by binding to the active site. Basic & Clinical Pharmacology & Toxicology, March 2019.

Emneord: Farmasi