Image
Dropeteljar, prøvehaldar og batteri

Når ein utviklar nye metodar, kan ein bli nøydd til å laga utstyret sjølv. Dette er utstyret Magnus Saed Restan har brukt til forsøka sine. Foto: UiO

Eitt steg nærmare legemiddelsjekk ved kjøkkenbordet

For ein del legemiddel er det nødvendig å overvaka innhaldet i blodet for å kontrollera at pasienten får riktig dosering. I framtida kan pasientane kanskje kontrollera dette sjølve.

Stipendiat Magnus Saed Restan ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo forskar på ein teknikk som heiter elektromembranekstraksjon, eller EME. Det er ein metode for prøveopparbeiding, altså å førebu biologiske prøvar for analyse.

– Prinsippet for EME er ganske enkelt. Utgangspunktet er ei biologisk væske som inneheld eit stoff som vi ynskjer å måla mengda av. Den biologiske væska kan vera til dømes blod, spytt eller urin, seier Restan.

– Før vi kan analysera innhaldet, må prøven reinskast så mykje som råd. Det gjer vi ved å trekkja prøven gjennom ein membran ved hjelp av elektrisitet. Grumset vert liggjande att, medan det berre er stoffet vi er interesserte i, som slepper gjennom. Vi får eit veldig reint ekstrakt som kan analyserast.

«Shaken and stirred»

Skisse av elektromembranekstraksjon
Skisse av elektromembranekstraksjon. Når det går straum gjennom elektrodane, vert stoffet som skal analyserast trekt opp gjennom membranen. Illustrasjon: Magnus Saed Restan

Men dagens utstyr for EME er relativt omfangsrikt. For å vera sikker på at ein måler riktig nivå av stoffet som skal undersøkjast, må prøven ristast slik at innhaldet vert jamt fordelt.

– Du kan samanlikna det med å sleppa ein sukkerbit i ein kopp med vatn.

– Dersom han berre vert liggande i ro, tek det ekstremt lang tid før sukkermolekyla er jamt fordelte i løysinga. Men om du ristar eller rører i koppen, går det som kjent mykje fortare.

Både shaken and stirred, med andre ord, så det spørst kva James Bond ville ha tenkt om dette. Men verre skal det bli, for Restan ynskjer å finna ein framgangsmåte som fungerer sjølv om prøven er verken rørt eller rista, men heilt i ro.

Så låg prøve som råd

– Vi leitar etter måtar å forenkla EME på og utvikla utstyr som er lett å frakta med seg. Då var det nærliggjande å fjerna ristemaskina, som er litt for tung og kronglete å drassa rundt på.

Men framleis er behovet der for å sikra at ein har ei fordeling av innhaldet i prøven som er så jamn at ein måler riktig nivå av stoffet ein skal finna. Løysinga er å gjera prøven så låg som råd.

– Låg er kanskje ikkje det vanlegaste adjektivet å bruka når ein snakkar om væsker, men poenget er å gjera avstanden til membranen så liten som råd. Stoff beveger seg tregt gjennom sjølve prøven, men raskt gjennom membranen, så vi ynskjer at så mykje som råd av prøven skal vera i kontakt med membranoverflata, forklarar Restan.

Fungerte betre enn venta

Portrett av Magnus Saed Restan
– Dersom pasienten kan måla legemiddelnivået heime hjå seg sjølv, har dei antakeleg ikkje større hastverk enn at det går greitt å venta ein time, meiner Magnus Saed Restan. Foto: UiO

Metoden hans er å plassera ein bloddråpe nede i ein haldar. Over denne set han ned ein liten behaldar som inneheld det som heiter akseptorfasen, som er den væska stoffet frå blodet skal over i for vidare analyse. Akseptorfasen er gjerne vassbasert.

Botnen av behaldaren med akseptorfasen er membranen som stoffet som skal undersøkjast vert trekt gjennom.

– Det fungerte betre enn eg trudde, eigentleg. Når ting er stilleståande, går det veldig treigt. Men etter ein time hadde vi eit resultat som kunne brukast.

Restan understrekar at risting likevel er litt kjappare og litt meir presist enn den nye metoden og at han har ofra både noko nøyaktigheit og noko hurtigheit for enkelheit.

Laga utstyret sjølv

– Men dersom dette set pasienten i stand til å måla legemiddelnivået heime hjå seg sjølv, slik diabetikarar måler sitt eige blodsukker, til dømes, har dei antakeleg ikkje større hastverk enn at det går greitt å venta ein time.

Han understrekar at det står att mykje forsking før ein eventuelt er komen så langt. Det dei har gjennomført, er ein såkalla feasibility study – eller moglegheitsstudie på norsk. At dei har vist at teknikken er mogleg å bruka, inneber ikkje nødvendigvis at han vil visa seg å fungera i praktisk bruk.

– Det ligg jo i korta at når vi utviklar nye teknikkar som dette, må vi laga utstyret sjølv. Det er jo ingen som har laga noko som vi kunne brukt, sidan teknikken ikkje har funnest! Eit kommersielt produkt ville sett langt mindre heimelaga ut.

Den vitskaplege artikkelen:

Restan et al: Towards exhaustive electromembrane extraction under stagnant conditions. Analytica Chimica Acta, April 2020.