Artikkel

Plantefôr svekkjer ikkje immunsystemet til laksen

laksesmolt i akvarium
Laksesmolt av typen som vart brukt i forsøket. Frå Nofima sitt oppdrettsanlegg på Sunndalsøra. Foto: Nofima

Plantefôr svekkjer ikkje immunsystemet til laksen

Laksefôr inneheld meir planteolje og mindre langkjeda, fleirumetta omega-3-feittsyrer enn det gjorde før. Det går bra for fisken sin del, men for oss menneske kan det på lang sikt ha uventa konsekvensar.

Menneska på jorda vert fleire, og vi et stadig meir fisk. Det er bra, for fisken inneheld mange næringsstoff som er viktige for oss. Nokre av desse stoffa kjenner vi frå eit utal fjernsynsreklamar som omega-3-feittsyrer, ei gruppe fleirumetta feittsyrer. To av feittsyrene som er spesielt gunstige, er EPA og DHA, som finst i feit fisk og tran. Begge to er av typen som vert kalla langkjeda omega-3-feittsyrer.

Løfta fram av ein aukande etterspurnad samstundes som tilfanget av villfisk minkar som fylgje av overfiske og restriksjonar, har akvakulturnæringa stige fram som den raskast veksande sektoren i verda innan matproduksjon.

I 2016 utgjorde akvakultur 80 millionar av 170 millionar tonn fisk som gjekk til matproduksjon, så det er berre eit tidsspørsmål før akvakulturen passerer fisk som er fanga i det fri som matkjelde.

Utsette for smittsame sjukdommar

Men oppdrettsfisken må ha fôr. Tidlegare utgjorde fiskeprodukt ein stor del av dette fôret, men dermed var det jo framleis ei stor belastning på havfisket. I den seinare tida har derfor ein del av fiskeinnhaldet blitt erstatta med plantebaserte bestanddelar.

– Med mindre innhald av typen fiskemjøl og fiskeolje i fôret gjekk òg innhaldet av langkjeda fleirumetta feittsyrer i fiskefôret ned, forklarar Adriana Andresen, som 31. januar disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

– Det er godt dokumentert at desse feittsyrene er viktige for immunsystemet hjå mange virveldyr. Sidan mange oppdrettslaks lever saman på liten plass, er dei svært utsette for smittsame sjukdommar. Derfor vaksinerer vi fisken for å hindra slike sjukdommar i å bryta ut.

Viktig for produksjonen

Adriana Andresen
– Oppdrettslaks lever saman på liten plass, derfor vert dei vaksinerte for å hindra smittsame sjukdommar i å bryta ut, seier Adriana Andresen. Foto: Privat

Spørsmålet var om nedgangen i omega-3-feittsyrene i laksen fører til at effekten av vaksinane vert redusert. Andresen undersøkte dette, som del av eit større prosjekt med mange samarbeidspartnarar under leiing av Nofima.

– Faktisk er det ikkje gjort mange studiar på samanhengen mellom diett og effekten av vaksinar. Det er litt underleg når vi veit kor viktige nokre næringsstoff, som altså til dømes fleirumetta feittsyrer, er for immunsystemet, seier Andresen.

Forsøket vart gjort med ulike stammer av laks som hadde ulike nivå av eitt bestemt enzym i kroppen. Dette enzymet er viktig for produksjonen av feittsyrene EPA og DHA. Håpet er at fisk som har meir av dette enzymet, skal kunna produsera meir EPA og DHA, som vi i sin tur kan få i oss.

Oppmuntrande resultat

Fiskane vart delte i fire ulike testgrupper, som fekk kvar sin diett med varierande EPA- og DHA-innhald i tre månadar i Nofima sitt forskingsanlegg på Sunndalsøra.

Deretter vart dei vaksinerte. Så gjorde forskarane to ulike målingar for å måla ulike effektar av vaksinen. Den fyrste gjorde dei dagen etter vaksineringa, den andre to månadar seinare.

Resultata var oppmuntrande: Medan det var ein liten forskjell mellom dei ulike laksestammene, let det seg ikkje gjera å påvisa at dietten hadde gjort nokon forskjell.

– Det fortel oss at laksen og immunsystemet hans er robuste for endringar i dietten. Men det er viktig å understreka at forsøka er gjort i laboratoriet. Stress og andre faktorar kan hindra at vi vil sjå same effekten i merdane, seier Andresen.

Ikkje dropp fiskemiddagen

Men sjølv om mindre langkjeda, fleirumetta feittsyrer ikkje hemmar effekten av vaksinar på laksen, kan dei ha ein effekt på ein heilt annan art: mennesket.

– Mindre omega-3 i fôret betyr mindre omega-3 i fisken. Og dei fleirumetta feittsyrene er jo ein svært viktig grunn til at fisk er så sunt for oss, så dersom desse stoffa på lang sikt vert redusert for mykje, vil det vera uheldig for oss.

Foreløpig er det ingen grunn til å droppa fiskemiddagen. Ein studie på oppdrettsfisk frå Skottland har vist nedgang i fleirumetta innhald i fisken, men ikkje så lågt at det har noko å seia for dei som et han.

Den vitskaplege artikkelen

Andresen m.fl.: Interaction between dietary fatty acids and genotype on immune response in Atlantic salmon (Salmo salar) after vaccination: A transcriptome study. Plos ONE 2019.

Les meir på Titan.uio.no:

Kommentarer

Patrick Andresen

Først vil jeg si at det er flott med forskning som viser at man kan produsere laks med mindre marine oljer for å skåne miljøet. Men jeg syns det er synd at man skal anbefale diverse matvarer utelukkende fordi det har visse sunne fettsyrer. Like viktig er det å tenke på hvilken miljøbelastning det har å spise fisk sammenlignet med å følge et plantebasert kosthold. Det finnes også lett tilgjengelig ALA-fettsyrer i plantebaserte råvarer som raps og linfrø som kan omdannes til EPA og DHA. Det kan diskuteres om omdanningen er tilstrekkelig, men jeg kan ikke se klare bevis på at folk som ikke spiser fisk er skrøpelige. Hva med å definere hva som er bra nok istedet for hva som (for helsen) er optimalt? Nye gjennomganger av forskning på helseeffekter av omega 3-fettsyrer utfordrer dagens oppfatning om helsegevinster ved inntak av omega 3 og jeg håper vi kan slutte å overdrive hvor sunt fisk er.

Les også

Odobenus rosmarus

The boom and bust economy of the Greenland Norse walrus ivory trade

The Norse settlements on Greenland was founded by Erik the Red around 985 and lasted almost 500 years. New research show that the settlers hunted walrus and traded tusks and ivory across Europe during the Middle Ages, but the hunt became so intense that it may have led to the collapse of Norse Greenland.