Artikkel

Morsmjølkbankane tek vare på «det kvite blodet»

Spebarn som mates med sonde i nesen
Nyfødde som ikkje kan få mjølk av mora, kan matast med donormjølk gjennom ein sonde. Foto: Colourbox

Morsmjølkbankane tek vare på «det kvite blodet»

Noreg er i verdstoppen for morsmjølkbankar. Men i motsetning til andre land pasteuriserer vi ikkje all morsmjølka som vert donert. Då er det påkravd med klare retningsliner for sikkerheita.

«Det kvite blodet», kallar Hedvig Nordeng morsmjølka. Ho samanliknar dei tolv norske morsmjølkbankane med dei meir kjende blodbankane.

– Mottakarane av donormjølk er dei minste og mest sårbare medlemmene i samfunnet vårt. Vi er forplikta til å gje dei så godt tilbod som vi berre kan, seier ho.

Nordeng er professor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho har sete i ei breitt samansett gruppe klinikarar og ekspertar som nyleg har lagt fram oppdaterte retningsliner for norske morsmjølkbankar.

Mange millionar år

Hedvig Nordeng
– Evolusjonen har brukt mange millionar år på å optimalisera samansetjinga av morsmjølka vår, seier Hedvig Nordeng. Foto: Ola Sæther/UiO

– Norske morsmjølkbankar er spesielle på to måtar. Den eine er at vi er det landet som donerer mest mjølk per innbyggjar. Den andre er at vi til liks med andre sjølvsagt sjekkar mjølka for virus og bakteriar, men derimot pasteuriserer vi  ikkje all mjølka, seier Nordeng.

Årsaka er at varmebehandlinga i pasteuriseringsprosessen ikkje berre tek livet av uynskte mikroorganismar, men òg øydelegg mange av dei viktige stoffa som morsmjølka inneheld.

– Sjølv om vi ikkje veit når pattedyra begynte å gje ungane mjølk, kan vi trygt slå fast at evolusjonen har brukt mange millionar år på å optimalisera samansetjinga av morsmjølka for den enkelte arten, seier Nordeng.

– Når vi pasteuriserer mjølka, endrar vi òg denne samansetjinga og senkar kvaliteten på «det kvite blodet», påpeikar ho.

– Vi ville jo ikkje finna på å pasteurisera vanleg blod! Og sjølv om vi kan ha gode morsmjølkerstatningar, manglar dei ein del viktige protein og immunstoff.

Er du interessert i forskingsnyheiter om farmasi, teknologi og andre realfag: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt

Sikker som banken

Morsmjølkbankar finst berre på norske sjukehus, og dei er i hovudsak meinte for for tidleg fødde som av ulike årsaker ikkje kan få mjølk av si eiga mor.

– Ein vanleg grunn er rett og slett at kroppen til mora ikkje er førebudd på å gje mjølk på kanskje to–tre månadar. Då er sjukehusa sin morsmjølkbank uunnverleg, seier Nordeng.

Anne Grøvslien foran kjøleskap med beholdere med morsmelk
Revisjonsarbeidet er leia av Anne Grøvslien, nasjonal koordinator for norske mjølkebankar. Her ved sida av fersk donormjølk. Foto: OUS

Donorane av «det kvite blodet» er mødrer som produserer meir mjølk enn dei treng sjølve. Retningslinene for morsmjølkbankar inneheld lister over kva legemiddel dei ikkje kan bruka og òg kva dei kan bruka.

– Vi må òg vita om donorane brukar naturmiddel. Nokre typar legemiddel er det uproblematisk å bruka, medan andre inneber kortare eller lengre karantenetid, seier Nordeng.

– Vi må ha full kontroll på kva mjølka inneheld. Ho må vera sikker som banken.

Avgjerande med farmasøytisk kompetanse

Ho poengterer at når forskarar frå akademia er med og utarbeider retningsliner for drift i helsevesenet, er det ei form for forskingsformidling som ikkje alltid er like synleg, men som er svært viktig for samfunnet.

– Det er heilt avgjerande med farmasøytisk kompetanse når ein møter overordna problemstillingar knytte til legemiddel, slår ho fast.

Dei neste fem åra skal Nordeng delta i eit større europeisk forskingsprosjekt som skal byggja opp ein morsmjølkbank ved Uppsala universitet. Formålet her er òg å studera overføring av legemiddel gjennom morsmjølk, men denne gongen mellom mor og eige barn.

Meir infomasjon om morsmjølkbankar:

Drift av morsmelkbanker (helsebiblioteket.no)

Les meir på Titan.uio.no:

Kategori: 

Les også

Eili Tranheim Kase på laboratoriet, Farmasøytisk institutt

Forskere planlegger opptrapping av kampen mot overvekt og diabetes

Det er bedre for helsa å være aktiv og litt overvektig – "fit and fat" – enn å være stillesittende og slank. Hvorfor er det slik? Forskere ved Farmasøytisk institutt fronter nå en bred allianse som vil utvikle bedre behandlinger mot "parhestene" overvekt og diabetes, som er store og voksende folkesykdommer.