Artikkel

Botanisk hage – vakker og vitskapeleg

Botanisk hage – vakker og vitskapeleg

Ein rusletur i Botanisk hage byr på ro og fantastiske dufter. Ny kunnskap får du på kjøpet.

Botanisk hage
Botanisk hage blei oppretta i 1814. Foto: Ragna Bruland/NHM

Samlingane i Botanisk hage på Tøyen i Oslo omfattar meir enn 5500 plantearter frå ulike delar av verda og blir nytta i undervisning, formidling og forsking. Plantene blir dyrka i veksthus og i ulike avdelingar på friland.

Botanisk hage formidlar kunnskap om mangfaldet i planteriket og betydninga av at dette mangfaldet blir bevart. Planter som er trua eller sårbare i norsk natur blir tatt vare på i hagen.

Som ein grønn lunge i storbyen er Botanisk hage også eit viktig rekreasjonsområde for folk i Oslo.

Botanisk hage har mange ulike avdelingar, frå Dufthagen og Oldemor si hage til Palmehuset og Raud- og svartlistebedet. Les meir om dei ulike avdelingane her.

Det er gratis inngang i hagen kvar dag frå klokka 07 til 21.

Les meir på Titan.uio.no:

 

Kategori (smånytt):