Artikkel

Nytt flott læringsmiljøsenter opna i ZEB-bygninga

Nytt flott læringsmiljøsenter opna i ZEB-bygninga

Det nye læringsmiljøsenteret for studentar i geofag, farmasi og musikkvitskap vart i dag formelt opna av Solveig Kristiansen, prodekan studier ved MN-fakultetet. Med dette får studentane heilt nye flotte lokaler med lesesalsplassar, kollokvierom, og framføre alt ein plass å møtast.

Opning av Læringsmiljøsenter i ZEB-bygninga
Læringsmiljøsenteret i ZEB-bygget vart i dag 1. februar formelt opna av Solveig Kristiansen (til venstre). Med dette får studentar på geo, farmasi og musikkvitskap eit læringsmiljøsenter. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Det var prodekan for studier ved MN-fakultetet og professor i farmasi Solveig Kristiansen som fekk gleda av opna det nye læringsmiljøsenteret. I sin tale framheva ho at læringsmiljøsenter er viktige for studentane.

Med det nyopna læringsmiljøsenteret får studentane i geofag, farmasi og musikkvitskap eller andre ein etterlengta stad som dei kan bruka i sin studiekvardag.

Frå kantine til læringsmiljøsenter

I lokala var det før ei kantine drive av SIO, men har stått tomt etter at denne vart nedlagt for nokre år sidan. No i dag er lokala med sine store vindauger vorte eit ljost og fint læringsmiljøsenter. Studentane kan gleda seg over utsyn mot det fine grøntområdet bak ZEB-bygget.

Opning av Læringsmiljøsenter i ZEB-bygninga
Bilete frå læringsmiljøsenteret i ZEB-bygninga. Det nye læringsmijøsenteret har fleire sofagrupper for kollokvier eller å treffast mellom for eksempel forelesningane. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Læringsmiljøsenteret kan brukast av studentar i geofag, farmasi og musikkvitenskap og andre til kollokvier, møter, lesing eller til å møtast mellom forelesingane.

Det nye senteret har i alt 5 kollokvierom, 49 'stille' lesesalsplassar, mange bokskap, ein enkel kjøkkenkrok og fleire fine sofagrupper. 

I tillegg til fassilitetene som læringsmiljøsenter får Geofaglig fagutvalg og GÆA NORVEGICA ved Institutt for geofag disponere eit felles kontor i tilknytning til senteret. 

Les også

Kantine blir læringsmiljøsenter

 

Kategori (smånytt):