Artikkel

Toppforskarar får millionar for å bli verdsledande

Toppforskarar får millionar for å bli verdsledande

Kva har Giulia Di Nunno, Kirstin Krüger og Christian Brochmann felles? Jo, dei får rundt 20 millionar kroner kvar til å utvikle verdsledande forskingsmiljø ved UiO.

Tre forskingsprosjekt tilknytta Matematisk-naturvitskapleg fakultet ved UiO får støtte frå FRIPRO Toppforsk. I alt 24 forskingsmiljø har nådd fram med sine søknadar, ni av dei ved UiO. Prosjekta får 15 – 25 millionar kvar over fire-fem år.

– Med denne tildelinga har det i løpet av to år blitt investert halvanna milliard kroner for å utvikle fleire verdsledande forskingsmiljø i Noreg. Regjeringa satsar langsiktig på å bygge opp verdsledande fagmiljø her i landet, og dette er ei av prioriteringane i vår langtidsplan for forsking. Difor la vi inn ei auke til FRIPRO i statsbudsjettet for 2018 for å få til dette. Eg ser fram til å se resultata av Fellesløftet om nokre år, seier forskingsminister Iselin Nybø (H).

FRIPRO Toppforsk er ein del av eit initiativ kalla Fellesløftet, eit spleiselag for framifrå forsking som Forskningsrådet har tatt initiativ til overfor forskingsinstitusjonane og Kunnskapsdepartementet. FRIPRO Toppforsk skal bidra til at gode forskarar og sterke forskingmiljø kan utvikle seg til å bli blant dei internasjonalt ledande innafor sine fagfelt.

Tildelinga i 2018 er del 2 av Toppforsk. No er det ein halv milliard som blir delt ut. Første gong, i 2016, blei det delt ut ein milliard kroner. Den gongen gjekk sju forskarar ved MN-fakultetet til topps i den knivskarpe konkurransen.

Denne gongen er det desse forskingsmiljøa som kan feire:

Giulia Di Nunno

Stochastic for Time-Space Risk Models
Prosjektleiar: Professor Giulia Di Nunno, Matematisk institutt
Det overordna målet med prosjektet er å formulere og løyse grunnleggande nøkkelproblem innafor stokastisk analyse og modellering. Resultata vil være av universell matematisk natur og kan brukast innafor ei rekke fagområde, blant anna fornybar energi, biologi og livsvitskap.

 

Kristin Krüger

Volcanic Eruptions and their Impacts on Climate, Environment, and Viking Society in 500–1250 CE 
Prosjektleiar: Professor Kirstin Krüger, Institutt for geofag
Målet for prosjektet er auka innsikt i korleis vulkanutbrot påverka klimaet og livsmiljøet – og dermed utviklinga av vikingsamfunna – i Skandinavia i åra 500 – 1250. Dette skal ein oppnå ved å kombinere arkeologisk materiale og ulike naturvitskaplege prøver. Resultata skal også kunne brukast til å forutseie effekten av framtidige klimaendringar på samfunnet.  

 

Christian Brochmann

How fast does the 'speciation clock' tick in selfing versus outcrossing lineages? 
Prosjektleiar: Professor Christian Brochmann, Naturhistorisk museum
Antallet artar døyr ut i eit urovekkande tempo. Formålet med dette prosjektet er å forstå artsdanning og kor raskt det skjer. Dette skal ein gjere ved å samanlikne artars utvikling på ulike fjelltoppar i Afrika. Fjelltoppane er isolerte frå kvarandre både geografisk og ved at dei lavereliggande områda har heilt andre plante- og dyresamfunn. Dermed fungerer toppen som naturlege laboratorium. Professor Anne Krag Brysting ved Institutt for biovitskap er og ein sentral partnar i dette prosjektet.

Er du interessert i forskingsnyheiter om realfag og teknologi? Følg oss på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.