Artikkel

Kva er helsedata? – Landets viktigaste ressurs, seier forskar

helsedata
Noreg har mykje, godt organisert og – for forskarar – lett tilgjengeleg helsedata, og mange meiner det kan bli ei svært viktig næring. Denne veka arrangerer UiO seminaret "Verdien av helsedata". Foto: Colourbox

Kva er helsedata? – Landets viktigaste ressurs, seier forskar

Informasjon om nordmenns helse vert stadig meir attraktiv for forskarar og industrielle aktørar. Slike helsedata byr samtidig på utfordringar knytt til personvern og sikkerheit.

Stadig fleire nordmenn deler data om seg sjølv med forskarar og kommersielle aktørar. Når data om ein person seier noko om personens helse, vert informasjonen kalla for helsedata. Det kostar som oftast lite å gi frå seg helsedata, men verdien innan forsking og utvikling er svært stor.

Til dømes inneheld Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) data frå over 100 000 svangerskap. Biologiske data og svar på spørjeskjema frå alle deltakarane gjer samlinga av helsedata om nordmenn heit spesiell, også i internasjonal målestokk.

Den amerikanske forskaren Mollie Wood set stor pris på at helsedata er tilgjengelege for nasjonale og internasjonale forskarar.

– Eg starta å samarbeide med UiO for å få tilgang til MoBa-undersøkinga då eg var doktorgradsstudent, fortel ho.

Helsedata tiltrekk seg talentfulle forskarar

Mollie Wood
– Eg synest det er veldig smart å tillate kontrollert tilgang til helsedata for eksterne forskarar, sier Mollie Wood, som arbeider ved UiO og Harvard. Foto: Milada Mahic

Etter at Wood fullførte graden i USA i 2015, starta ho som postdoktor ved Farmasøytisk institutt på UiO. Stillinga gir ho moglegheit til å dele tida si mellom Blindern og Harvard University og gir eit internasjonalt perspektiv på verdien av helsedata om nordmenn.

– Grunnen til at eg kom til Noreg er fordi helsedataa er så mykje meir komplette og tilgjengelege. Eg synest det er veldig smart å tillate kontrollert tilgang til helsedata for eksterne forskarar. Det er ein god måte å tiltrekke seg talentfulle forskarar med nye perspektiv på problema og utfordringane innan helsesektoren, seier Wood.

Ho forskar på korleis medisinbruk hos gravide kvinner påverkar fosterutviklinga (eit prosjekt som heiter PharmaTox). Målet hennar er å gi gravide kvinner god informasjon om bruk av legemiddel, slik at dei kan ta informerte val om eiga helse.  Ho fortel at helsedata er særleg nyttige i situasjonar der det ville ha vore etisk problematisk å gjennomføre eksperiment med menneske.

Helsedata

Omfattar mellom anna alder, høgde, vekt, blodprøvesvar, oversikt over medisinbruk, svar på spørjeskjema, resultat frå medisinske undersøkingar og operasjonar, samt resultat frå DNA-analysar.

Vert lagra i nasjonale register, i den enkelte pasient sin journal eller vert samla inn direkte av forskarane. Det er kvar enkelt person som eig dataa om seg sjølv, og forskarane låner tilgang til datasetta.

Har tre nivå av anonymisering: 1. Data som er umogleg å knytte til ein person. 2. Avidentifiserte data der fødselsnummeret er erstatta av ein kode som berre kan tolkast ved hjelp av ein separat kodenøkkel. 3. Data som inneheld namn, bilete, video eller fødselsnummer.

10.januar arrangerer Det matematisk- naturvitskapelege fakultet ved UiO seminaret Verdien av helsedata.

– Helsedata kan til dømes brukast til å undersøke effekten av gamle og nye medisinar, samt til å oppdage biverknader ved langtidsbruk av eit legemiddel, seier Wood.  

Mange er i gang

Ved UiO er ein rekke ulike forskarar i gang med å utnytte potensialet i store databasar med informasjon om nordmenn. Forskarane nyttar til dømes helsedata for å undersøke samanhengane mellom genetikk og mentale lidingar (NORMENT) og til å forstå korleis barn utviklar allergiar (PreventADALL).

Andre forskarar nyttar helsedata for å utvikle teknologi som reduserer underernæring hos pasientar på sjukehus (Ernæringsepidemiologi), tilpasse legemiddel etter nyretransplantasjon (Tusen-Tac) og finne rett behandling til kvar pasient (BigMed).

– For meg er norske helsedata ein av landets viktigaste ressursar, seier Wood.

Trygge rammer

For å sikre at denne ressursen ikkje vert misbrukt, har Universitets senter for informasjonsteknologi (USIT) si avdeling Tjenester for Sensitive Data (TSD) lagt ned eit omfattande arbeid i å utvikle ein plattform for forsking på helsedata.

Gard Thomassen
Gard Thomassen i USIT meiner det vil vere nesten umogleg for forskarar ved UiO å misbruke helsedata.Foto: UiO

– Vi er ein fasilitator og gir forskarane eit tomt, virtuelt rom med software og datakraft. Der kan dei jobbe med sensitive data på ein trygg måte, seier systemleiar Gard Thomassen.

Han presiserer at TSD ikkje leverer data, men at det er forskarane sjølv som tek med seg helsedata frå databasar, instrument og sjølvrapportering inn i det virtuelle arbeidsrommet. Systemet har avanserte IT-tekniske sikkerheitsmekanismar, moglegheit for sporing og logging og i siste instans ein kontraktfesta ”code of conduct”.

– Vi ber også prosjektleiarane om å vere tydelege på kven som skal få tilgang. Fleire vel å la dei faste tilsette få full tilgang, medan masterstudentar berre får sjå aggregerte data, seier Thomassen og får støtte frå Wood.

– Det vil vere nesten umogleg for helsedata å bli misbrukt av forskarane. Dei fleste etikarane er einige om at den største faren for misbruk vil vere dersom sensitive data vert offentleg tilgjengelege. Vi forskarane tek datasikkerheit svært alvorleg: Helsedata er svært verdifulle for oss, og vi vil ikkje gjere noko for å risikere å miste dei, seier ho.

Vil du ha fleire forskningsnyheiter om teknologi og realfag? Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.

Strenge reglar og personvern

I tillegg arbeider forskarane som oftast med data som ikkje inneheld personnummer eller anna informasjon som kan brukast til å identifisere kven personen er.

For å få tilgang til opplysningar om nordmenn sin helsestatus, må alle forskarane gjennom grundige søknadsprosessar til Norsk senter for forskingsdata (NSD), dei regionale etiske komiteane (REK) eller Datatilsynet. Prosessen er omfattande og reglane strenge, men for dei som slepp gjennom nålauget, kan helsedata vere ei gullgruve.

I løpet av dei næraste månedane vert personvernreglane for helsedata endå strengare, for i mai 2018 trer EU sine nye krav til personvern i kraft. Personar som deltek i forsking skal då få oversikt over kva helsedata som inngår i forsking, samt moglegheit til å trekke seg frå dei prosjekta dei ikkje vil ta del i.

Framtida for helsedata

Samtidig som det vert strengare reglar for helsedata innsamla gjennom det offentlege helsevesenet, bidreg mange med data om seg sjølv til kommersielle aktørar gjennom smartklokker som Apple Watch og FitBit, samt på sosiale medium.

– Slike nye helsedata kan bli veldig verdifulle i framtida, dersom vi kan forstå korleis vi skal bruke dei. Det er ei spennande tid å vere helseforskar i, konkluderer Wood.

Meir på Titan.uio.no:

Skriv ny kommentar

Verifiser deg (din epost-adresse vil ikke bli vist offentlig)

Les også

Hunnene av den sørlige vågehvalen kan veie opptil 14 tonn, men nå er de blitt magrere.

Endelig enighet om at den sørlige vågehvalen er blitt avmagret

De sørlige vågehvalene, som lever i havområdene rundt Antarktis, har vært gjennom en kraftig avmagring etter 1988. Men det skulle ta 11 år med diskusjoner, og til sist en heftig innsats fra norske statistikere, før Den internasjonale hvalfangstkommisjonen kom fram til den konklusjonen.

Brecht Verstraete og Hugo de Boer

Identifiserer planterester ved hjelp av "strekkoder" i DNA

Hugo de Boer og Brecht Verstraete ved Naturhistorisk museum skal bruke DNA-teknologi og molekylære metoder til å utvikle nye, raskere og enklere metoder for sikker identifisering av planter og planterester. Både tollvesenet og tilsynsmyndigheter i mange land er interessert i denne forskningen, som kan brukes til å avsløre svindel.

Andreas Carlson med de magiske dråpene som gjør at overflater kan endre egenskaper

Ny type materialer har overflate med justerbare egenskaper

Nå kommer en ny type materialer hvor overflatens egenskaper kan varieres ved å justere et magnetfelt. Da kan materialet gjøre så forskjellige ting som å fjerne biofilmer, pumpe små væskestrømmer, flytte små partikler – eller fungere som et lim som slås av og på.

Reidunn Aalen med planteforskernes

– Blader, frukt og frø detter ikke ned av seg selv!

– Tenk om bøndene kunne redigere genene i plantene de dyrker, slik at frukter og frø felles mer koordinert enn i dag. Da kunne vi få mye større avlinger enn i dag uten å øke arealene eller gjødslingen, sier professor Reidunn Aalen. Den drømmen har kommet nærmere etter at Aalen og kollegene har funnet en gruppe gener som er minst 175 millioner år gamle.