Artikkel

Matte + fysikk + kjemi = sant

Simen Kvaal
Det stod mellom rockeband og realfag. No har Simen Kvaal eit unikt perspektiv på forskinga si. Foto: Åsmund H. Eikenes/UiO Bruk bildet.

Matte + fysikk + kjemi = sant

Det stod mellom rockeband og realfag. No har Simen Kvaal eit unikt perspektiv på forskinga si.

– Det er mange som vil seie at det eg gjer ikkje er kjemi, men kanskje snarare matematikk, seier Simen Kvaal.

Vi møtes til ein prat om forsking og karrierepolitikk på kontoret hans på Kjemisk institutt. Det er høgt under taket, ein blå sofa ved den eine veggen og eit skrivebord fullt av kvite ark med handskrivne utrekningar.

Kvaal har fast stilling som forskar innan kvantekjemi, eit fagfelt han omtalar som ein «pussig mellomstasjon mellom fysikk og kjemi». Han blandar matematiske utrekningar med grunnlover frå fysikk og observasjonar av kjemiske stoff.

– Eg var alltid interessert i naturfag, seier Kvaal.

Rockeband og datagrafikk

Far hans, Knut Kvaal, er professor emeritus i informatikk på NMBU i Ås, og Kvaal fortel at han som ung gut pleidde å bla i fagbøkene for å lære og få idear. Med familiens første datamaskin fekk ti år gamle Kvaal også interesse for datagrafikk.

– På vidaregåande begynte eg å skrive simuleringsprogram heilt på eigenhand, seier han om det som skulle vise seg å bli ein tjuvstart på karrieren.

Men ein periode var det ikkje sikkert at det var teoretikar han skulle bli. Som 20-åring var det framtida som bassist i rockebandet Reggis som lokka.

– Høgdepunktet var då vi «headlina» ein lokal festival på Ski midt på 90-talet, seier han om tida saman med bandet.

Simen Kvaals utregninger
Simen Kvaal arbeider med ei ukonvensjonell formulering av kvantemekanikken. Til det trengs det svært komplekse utrekningar. Foto: Åsmund H. Eikenes/UiO Bruk bildet.

Unikt perspektiv

Av fleire årsaker vart det ikkje platekontrakt, men i staden studiar på Blindern. Mange år seinare har Kvaal ein mastergrad i fysikk, ein doktorgrad der han arbeidde med anvendt matematikk og no ein fast forskarstilling på Kjemisk institutt.

Han fortel at fagkombinasjonen gir eit unikt perspektiv.

– Verktøya frå matematikk lar meg finne nye løysingar på problema, mens intuisjonen og tankegangen frå fysikk gjer at eg kan sleppe tak i matematikken og halde fram med å utvikle faget. Eg har publisert i både fysikk- og kjemitidsskrift, ein allsidigheit som eg har fått igjen for.

Det starta under doktorgraden

– Kva forskingsartikkel er du mest stolt av?

– Ein artikkel frå 2012. Eg omsette ein metode for å studere elektron som er i ro til ein metode for å studere elektron som er i bevegelse. Eg begynte på arbeidet under doktorgraden, svarar ein begeistra Kvaal.

Han forklarar at innhaldet i forskingsartikkelen er spesialisert og nokså vanskeleg, men at det handlar om dei matematiske modellane som skildrar verda rundt oss.

– Eg arbeider med ei ukonvensjonell formulering av kvantemekanikken. Tilnærminga gir nye algoritmar, og det er kanskje ingen andre som gjer akkurat dette, seier Kvaal.

Utrekningane hans gir algoritmar som er nyttige innan kjemi, kjernefysikk og nanoteknologi.

– Moro når mange trur på ideen

Forskingartikkelen frå 2012 var også sentral i søknaden han sendte til EU året etterpå. Komiteen likte det dei las, og i 2014 fekk Kvaal 1,5 millionar euro til å forske vidare dei neste fem åra. No er to stipendiatar og to postdoktarar tilknytt EU-prosjektet han har kalla BIVAQUM.

– Eg har fått betaling for å stå på og jobbe hardt i ung alder. Støtta frå EU bekreftar at eg har hatt ein god idé, og det er moro at mange trur på den, smiler Kvaal.

Begeistringa for forskinga hans har også gitt innpass i Akademiet for Yngre Forskere, ein tverrfagleg møteplass for unge forskarar. 20 medlem vart tatt opp i 2015, deriblant Kvaal, og 14 nye medlem vart tatt opp i 2017.

– Det er veldig gøy å vere i ei gruppe med yngre forskarar som brenn for mange av dei same tinga, seier Kvaal.

Karrierepolitikk og nye perspektiv

Dei siste åra har Akademiet markert seg som ei tydeleg stemme innan forskingspolitikk, særleg med vekt på karriereplanlegging for yngre forskarar. Temaet engasjerer også Kvaal.

– Det er ein kognitiv dissonans blant politikarane. Dei vil at mange skal ta ein PhD, men snakkar lite om kva PhD-kandidatane skal gjere etterpå. Det er altfor vanskeleg å få jobb i akademia for dei som ønskjer det, seier han.

Kvaal trekk fram at dei 14 nye medlemane har gitt eit løft for gruppa.

– Det var ei elektrisk stemning på førre samling.

Den tverrfaglege samansetninga gjer at medlemane kan utveksle erfaringar, metodar og inspirasjon på ein annan måte enn det dei gjer til vanleg. Kvaal trekk fram at mange av medlemane deler dei same erfaringane med å vere ung forskar i Noreg, og at møta løftar fram perspektiv på tvers av fagfelt.

– Diskusjonane avdekker andre dimensjoner med det å vere forskar, avsluttar han.

Meir på Titan.uio.no:

Kategori: 

Skriv ny kommentar

Verifiser deg (din epost-adresse vil ikke bli vist offentlig)

Les også

 Zhanna Tairova (t.v.), Ketil Hylland, Agathe Bour

Muslinger spiser trolig plast framfor mat

Muslinger som lever på eller i bunnen, er omgitt av milliarder av partikler med organisk materiale på – mat de trenger for å leve. Likevel blir de påvirket av ørsmå biter av plast mellom de andre partiklene.