Artikkel

Vil spleise bioteknologi-gründere med nytt laboratorium

Vil spleise bioteknologi-gründere med nytt laboratorium

Inger Sandlie
Inger Sandlie opner snart dørene til eit flunkande nytt laboratorium. Foto: Terje Heiestad/UiO

– Biologar som har ambisjonar om å starta noko for seg sjølv, kan her få alt servert på sølvfat, sier professor Inger Sandlie ved UiOs Institutt for biovitenskap.

Forskarar i bioteknologi som har gode idear, men manglar laboratorium og fagfellar, kan no få begge delar i ShareLab i Forskningsparken i Oslo, skriv Uniforum.

– Vanlegvis ville eit slikt laboratorium med alt naudsynt utstyr ha kosta minst 1 million kroner. Her får dei alt fiks ferdig, seier professor Inger Sandlie og meiner det er som å få alt servert på sølvfat. Saman med dagleg leiar Marius Øgaard er ho straks klar til å opne dørene.

Laboratoriet har både kjøleskap og fryseboksar for celleprøvar og andre ting ein treng i eit laboratorium. Også gode avtrekksvifter er på plass. Til saman er det 24 arbeidsplassar i laboratoriet og 36 kontorplassar i tillegg.

– Me trur at rundt 20 selskap kan vera etablert her om gongen. Undersøkingar frå USA viser at nystarta verksemder i bioteknologi vil vera i eit slikt delt laboratorium mellom 18 og 24 månader før dei flyttar ut og finn seg lokale andre stader, fortel Marius Øgaard.

Meir på Titan.uio.no:

Er du interessert i forskningsnyheiter om teknologi og realfag: Følg oss på Facebook eller abonner på nyhetsbrevet vårt.

Kategori (smånytt):