Artikkel

No blir turgåarar til klimaforskarar

No blir turgåarar til klimaforskarar

Skoggrensa flyttar seg oppover i den norske fjellheimen. For å finne ut kor langt opp, blir du invitert med på forskingsdugnad. Forskarutstyret har du allereie i lomma!

Fra venstre: Roger A. E. Bareksten (DNT), Oddvin Lund (DNT), Anders Bryn (NHM), Mette Øinæs Habberstad (DNT), Peter Horvath (NHM), Inger Kristine Volden (NHM).
Sommeren 2018 inviterer forskere fra NHM i samarbeid med DNT til skogjakt. F.v.: Roger A. E. Bareksten (DNT), Oddvin Lund (DNT), Anders Bryn (NHM), Mette Øinæs Habberstad (DNT), Peter Horvath (NHM) og Inger Kristine Volden (NHM). Foto: Harald Brattli

– Vi trur dette vil kunne gje turgåarar ein nærleik til korleis klimaendringane påverkar der dei er, at endringane vil føre til meir enn «berre» issmelting i Arktis, seier Anders Bryn.

Han er prosjektleiar og fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (NHM). Saman med Den Norske Turistforening (DNT) får dei to millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til å gjennomføre eit folkeforskingsprosjekt om vegetasjonsendringar i fjellet.

Folkeforskinga blir utforma som ein nasjonal konkurranse sommaren 2018, der registreringar av lokalt høge tregrensar vil kunne gje flotte, natur-relaterte premiar. Også gode bilete og ivrige og/eller svært unge deltakarar vil kunne kjempe om premiar.

DNT fyller 150 år i 2018, og prosjektet vil bli ein del av jubileumsfeiringa deira.

Skryt av kule premiar

– Dette er eit utruleg spennande prosjekt, både for oss som forskar på klima- og vegetasjonsendringar og for alle dei som går i og er interessert i naturen. Ikkje berre får ein konkurrere om skikkeleg kule premiar, ein får også utforske og oppleve naturen, freiste å vere klimaforskar og lære meir om miljøutfordringane Noreg står overfor i dag, seier Anders Bryn.

Sikkilsdalen
Finn du eit tre mykje høgare enn andre tre, som her i Sikkilsdalen, vil nokon gjerne vite det.

Gåva frå Sparebankstiftelsen DNB skal mellom anna brukast på utviklinga av ein app som skal gjere det enkelt å registrere dei øvste trea deltakarane finn på tur.

Alt som blir registrert i appen, blir vist både der og på ei tilhøyrande nettside, slik at alle kan få eit oversyn over kva som allereie er registrert i det området dei er i.

– Dei aller fleste har i dag mobiltelefonen med seg overalt. Og når forskingsutstyret allereie finst i lomma, er håpet vårt at terskelen blir låg for å gjere noko ekstra spennande ut av turane ein skal på. Forhåpentleg kan konkurranseaspektet også verke som ein ekstra motivasjon til å kome seg ut, meiner Bryn.

Ser mot framtida

Informasjonen som skal samlast inn om tregrensene, vil bli viktig for klimaforskinga. Framfor alt for å berekne kor mykje grensene har endra seg dei siste tiåra, noko som kan hjelpe oss med å føreseie korleis fjella i Norge kan bli sjåande ut i framtida.

Frå UiO si side er prosjektet knytta til forskingssamarbeidet LATICE (Land-Atmosphere Interactions in Cold Environments) og Geo-økologisk forskingsgruppe (GEco). I LATICE undersøkjer dei mellom anna korleis klima og vegetasjon verkar inn på kvarandre, og der står vegetasjonsøkologane i GEco sentralt.

– Med prosjektet ynskjer vi å vise fram det alle kan sjå: at vegetasjonen endrar seg med klimaet, forklarar Bryn.

– Samstundes skal vi synleggjere ein mindre kjend del av problematikken: at vegetasjonen også verkar inn på klimaet gjennom kor mykje solinnstråling han absorberer og kor mykje vatn han «sveittar» gjennom bladverket.

På sikt er det planlagt å vise fram resultata frå folkeforskinga i ei miniutstilling ved det framtidige Klimahuset ved Naturhistorisk museum på Tøyen.

Enten du likar å klemme tre eller berre er interessert i forsking i realfag og teknologi: Følg oss på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.

Meir på Titan.uio.no:

Kategori (smånytt):