Artikkel

Internet of Things: I framtida er alt kopla saman

IoT, mobil
Foto: Colourbox

Internet of Things: I framtida er alt kopla saman

Stadig meir av teknologien vi omgir oss med, snakkar saman via internett. Det gir store utfordringar for personvern og samtidig mange spennande moglegheiter for entreprenørar.

– Alt du har sett på internett kjem til å bli tre gongar meir, og det kjem tre gongar så raskt, seier Josef Noll, professor ved Institutt for teknologisystemer ved UiO.

Han snakkar om Internet of Things (IoT), på norsk kalt Tingene sitt internett, eit samleomgrep om fysiske objekt som snakkar saman over mobil- eller internett.

Dei er over alt

Josef Noll
Josef Noll er ikkje bekymra for folks digitale kompetanse. Foto: UiO

Eksempla på IoT er mange: Sensorar som styrer alarm, energi og varme i husa våre, sjølvstyrande bilar og bussar, teknologi som automatiserer pasientovervaking og robotar som erstattar personell i små og store bedrifter. Mobiltelefon, smartklokke, aktivitetsarmband, Amazon Alexa og Google Home.

Produkta har til felles at dei kommuniserer med kvarandre og med liva våre via internett, og at dei er ein del av ein stadig raskare teknologisk utvikling. Ingen kjem til å sleppe unna, forklarar Noll.

– IoT kjem til å revolusjonere kvardagane våre, og store delar av arbeidslivet kjem til å bli automatisert. Ein studie frå McKinsey viser at meir enn 78 % av alle arbeidsoppgåvene kan automatiserast, og det kjem til å skje, seier han.

Bekymra over eigarane, ikkje produkta

Professoren er ikkje meir bekymra enn nødvendig for konsekvensane av sjølve produkta.

– Vi har ein ganske høgt utdanna arbeidssektor, og dei fleste har rimeleg god digital kompetanse. Eg er meir bekymra for handtering av informasjonen som IoT-produkta samlar inn. Vi veit ikkje kva for data som vert seld vidare og kven som kjøper dei, seier han.

Forbrukarrådet sin gjennomgang av treningsarmband viser at dei ikkje oppfyller norske krav til datasikkerheit og personvern. Noll påpeikar at medisinske data om forbrukaren som til dømes FitBit-armbanda samlar inn, vert send til FitBit sin server.

– Kva som skjer med slike data etterpå, veit vi derimot ingenting om, seier han.

Personvern og informerte val

For å imøtegå bekymringa for kva eigarane av IoT-produkta vil gjere med data om forbrukarar, ønskjer Noll mellom anna å innføre ei personvernmerking på IoT-produkt.

– Når du kjøper eit produkt eller ein app, så skal merkinga gi informasjon om kva som skjer med dine data. Blir dei seld vidare og sett saman med helseinformasjon hos forsikringsskapet? Merkinga skal la forbrukarane ta informerte val om IoT-produkta dei kjøper.

Noll er deltakar i fleire store forskingsprosjekt som tek sikte på å utvikle nye teknologiske løysingar innan helse og energi. Måla er mellom anna å gi forbrukarane betre kontroll over data som vert samla inn om dei.

To råd for PhD-gründarar

Noll trekk fram at det er ei utfordring at dei aller fleste produkta berre snakkar direkte med ein database. Alt for få av produkta er enkle å kople saman og halde oversikt og kontroll over. Ikkje alle er lette å handtere.

– Dersom du må bli programmerar for å kople den nye vaskemaskina til huset ditt, så er det eit problem. Vi treng IoT-produkt som er betre integrert i husa våre, samt at vi får betre kontroll over kva dei gjer, seier han.

Han har to råd til PhD-studentar som ønskjer å prøve seg som gründerspirer for å svare på behovet for nye IoT-produkt.

– Mitt første råd er å komme seg vekk frå ein rein app. Tenk meir på behova til dei som ser verdien i det du lagar. Deretter må du skaffe deg eit nettverk og sørgje for at dine idear blir ein del av eit felles syn på korleis sektoren skal utvikle seg.

Samla gjer dette at innspel frå kundar, samarbeidspartnarar og akademia bidreg til å utvikle produktet vidare.

Verktøy for suksess

Impact on Society

Konferanse for doktogradsstudenter som ønsker å presentere forskningen sin for industrien og næringslivet, arrangeres i Oslo 16. og 17. november 2017.

Organisert av OsloTech og Universitetet i Oslo.

Dette er et treårig samarbeid med andre skandinaviske universiteter under navnet Science for Society.

Ein som har fått til å utvikle PhD-prosjektet sitt til eit kommersielt produkt, er Michal Stala. Han kjem til konferansen Impact on Society i Oslo 16. november for å snakke om sine erfaringar som gründer og PhD-student.

– Eg trur fleire PhD-studentar kunne ha blitt entreprenørar dersom dei hadde fått dei rette verktøya, seier han til Titan.

Då Stala var PhD-student ved universitetet i Lund i Sverige, starta han selskapet Mistbase saman med ein kollega. Dei utviklar teknologi som IoT-produkta nyttar for å kommunisere. I vår vart selskapet kjøpt opp av det internasjonale teknologiselskapet ARM.

Stala fortel at han fekk god støtte frå universitetet til å utvikle produktet. Ei doktorgradsutdanning gir også relevant trening i nokre av ferdigheitene som trengs for å lykkast, meiner han.

– Du må vere førebudd på å gå inn i nye og somme gonger ukomfortable situasjonar.

I framtida er alt kopla saman

Michal Stala
Michal Stala meiner det er mange moglegheiter for PhD-studentar som vil bli entreprenørar. Foto: Johan Lundqvist

Stala ser både positive og negative sider ved auka tal og kompleksitet på IoT-produkta vi omgir oss med. I ei framtid der menneske er kopla endå tettare saman med teknologien, vil det oppstå både meir effektive og betre løysingar enn dei vi har i dag, forklarar han. Det vil også by på utfordringar.

– Vi må tenke oss godt om og legge inn gode sikkerheitsrutinar som sikrar at produkta ikkje vert hacka og nytta til noko anna enn det som var tanken, seier Stala.

Han trur ikkje verda har sett det beste som IoT har å tilby enno og meiner det er mange moglegheiter for entreprenørar som vil utvikle gode idear til ein suksess.

– Det er veldig givande å oppnå suksess med noko du har bygd opp frå grunnen av.

Les om tidlegare UiO-studentar som har satsa på eigne idear:

For daglege forskingsnyheiter om teknologi og realfag: Følg oss på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.

Skriv ny kommentar

Verifiser deg (din epost-adresse vil ikke bli vist offentlig)

Les også

Teamet som har utviklet den nye elektrolysemodulen

Nye materialer produserer hydrogen mer effektivt og klimavennlig

Drømmen om å bruke en spesiell type keramiske materialer til elektrolyse ved høye temperaturer er snart 30 år gammel, men nå har professor Truls Norby og samarbeidspartnere fått det til. Metoden kan for eksempel omdanne en blanding av metan og vanndamp til hydrogengass og ren CO2, som kan deponeres offshore. 

Siri Bromander, Martin Eian, Vasileios Mavroeidis, Audun Jøsang og Laszlo Erdödi

De avslører hackere med smarte analyseverktøy

Med industrisamarbeid, «big data»-analyse, maskinlæring og matematisk logikk som våpen håper forskerne å komme de IT-kriminelle i forkjøpet.

– De som står bak cyberangrep blir stadig smartere.