Artikkel

Datamaskiner blir meir intelligente med kunnskapsgrafar

Ian Horrocks
– Folk treng betre tilgang til data, seier Ian Horrocks. Han er professor ved University of Oxford og ny æresdoktor ved Universitetet i Oslo. Foto: Åsmund H. Eikenes Bruk bildet.

Datamaskiner blir meir intelligente med kunnskapsgrafar

– Når vi gir datamaskiner meir kunnskap, kan dei begynne å oppføre seg meir intelligent. Då kan dei gi enkle svar på enkle spørsmål, seier professor Ian Horrocks.

Dersom du skriv ”Kor høg er Galdhøpiggen” i søkefeltet på Google.no, får du opp eit enkelt tal som fasit: 2469 meter.

Google tolkar spørsmålet og hentar det enkle svaret frå ein database som inneheld over 70 milliardar fakta. Prinsippet kan nyttast for meir enn fjelltoppar og innbyggjartal.

Ian Horrocks, som er professor i informatikk ved University of Oxford og ny æresdoktor ved Universitetet i Oslo, utviklar liknande teknologi saman med helsebedrifter og med norsk oljeindustri.

– Når vi gir datamaskiner meir kunnskap, kan dei begynne å oppføre seg meir intelligent. Då kan dei gi enkle svar på enkle spørsmål, forklarar Horrocks.

Viser fram kompleksitet

Informasjon og kunnskap om verda vert stadig meir kompleks, noko som kan vere avgrensande for utvikling og effektivisering.

Horrocks nemner to eksempel: Medisinske journalar vert ført i ulike system, og ulike land nyttar ikkje det same namnet på eit havområde. Han og teamet hans bygger difor svært avanserte ”kunnskapsgrafar” som kan handtere, samanfatte og sortere all informasjonen.

– Ein kunnskapsgraf er ein måte å vise fram informasjon på. Det er eit slags kart, der kvar node er eit objekt, og strekane mellom objekta viser relasjonen mellom dei, forklarar informatikaren.

Kven er Brad Pitt?

For å oppføre seg meir intelligent, treng systemet ein kunnskapsgraf som inneheld all informasjonen om eit bestemt tema, slik som anten medisin, oljeleiting eller kjendisar.

Kunnskapsgrafen lagar då ein oversikt over alle objekta, ord som hjarte, oljerigg eller Brad Pitt. Til slutt treng systemet ein såkalla ontologi, eit sett med påstandar om korleis verda heng saman og kva som er relasjonen mellom to objekt.

– Eksempelet frå filosofien er påstanden ”All men are mortal”, forklarar Horrocks. –Dersom vi også fortel systemet at Brad Pitt er ein mann, vil datamaskina bruke logikk for å konstatere at Brad Pitt er dødeleg.

Er du interessert i forskningsnyheter om realfag og teknologi? Abonner på vårt ukentlige nyhetsbrev(link is external) eller følg oss på Facebook.

Korrekte definisjonar

Til skilnad frå andre informatiske metodar, slik som statistikk og modellering, inneheld ikkje kunnskapsgrafane rom for usikkerheit.

– Vi må vere veldig presise i dette arbeidet. Til dømes må vi vere sikre på at definisjonen av ”korrekt” er korrekt, seier forskaren.

Han skildrar arbeidet med å utvikle avanserte kunnskapsgrafar som ein enorm sorteringsjobb, samt eit stykke balansekunst mellom å vere sikker på at svaret dei får er riktig og at datasystemet samtidig har kraft til å rekne det ut.

Forstår kompleks informasjon

Ian Horrocks
Ian Horrocks på Blindern i høve utnemninga til æresdoktor 1. september. Foto: Åsmund H. Eikenes/UiO Bruk bildet.

Kunnskapsgrafane gir til slutt presise svar på komplekse spørsmål. Dei gjer at folk får betre tilgang til informasjon som før var vanskeleg å forstå.

For eit firma innan helsesektoren kan kunnskapsgrafen som Horrocks har utvikla sørgje for at alle pasientar med diabetes får ei årleg augeundersøking.

På oljeplattformane til Statoil hjelper datasystema til med å planlegge vedlikehald av utstyret, slik at kostnadane vert redusert.

– Vi nyttar teoretisk kunnskap for å løyse praktiske problem, seier Horrocks.

Ingen skjulte samtalar mellom maskiner

Kunnskapsgrafar gir også datamaskiner tilgang til enorme mengder informasjon i eit format som dei kan forstå og ta i bruk.

Nokre ser dette som starten på intelligente, sjølvtenkande og potensielt farlege datamaskiner. Horrocks er likevel ikkje bekymra for framtida til menneske og maskiner.

– Spørsmålet kjem nærare og nærare, men vi er lengre unna verkeleg intelligente datamaskiner enn mange folk tenker, seier han.

LES OGSÅ: Robotene – nyttige idioter

– Utruleg tilfredsstillande

Samarbeidsprosjekta innan datavitskap set høge krav til kompetanse hos alle som er involvert. Ifølgje Horrocks er spekteret av menneske også noko av det som gjer forskinga spennande.

Teoretikarar bygger dei logiske databasane, og programmerarar bygger algoritmar og teknologisk infrastruktur. Fagfolk kjenner den aktuelle sektoren og evnar å omsette dette til påstandar om verda, og ekspertar kjenner behova til sluttbrukarane.

– Når vi får til å sette saman koplingar mellom folka, så er det utruleg tilfredsstillande for alle som er involvert, konkluderer Horrocks.

LES OGSÅ:

Meir på Titan.uio.no:

Skriv ny kommentar

Verifiser deg (din epost-adresse vil ikke bli vist offentlig)

Les også

Sykt barn i senga

Feilmedisinering av barn kan unngås med 3D-printede tabletter

Foreldre flest kjenner problemet: Minsten er syk og trenger en kvart tablett av en medisin som er tilpasset voksne, men den blir til pulver når du prøver å dele den. Om noen år kan problemet løses ved hjelp av 3D-printere som lager en tablett med nøyaktig riktig dose. Også vanlige printere kan brukes til fremstilling av persontilpasset medisin. 

Teamet som har utviklet den nye elektrolysemodulen

Nye materialer produserer hydrogen mer effektivt og klimavennlig

Drømmen om å bruke en spesiell type keramiske materialer til elektrolyse ved høye temperaturer er snart 30 år gammel, men nå har professor Truls Norby og samarbeidspartnere fått det til. Metoden kan for eksempel omdanne en blanding av metan og vanndamp til hydrogengass og ren CO2, som kan deponeres offshore.