Artikkel
Nøgde studentar i realfag og teknologi

Nøgde studentar i realfag og teknologi
Denne veka kom dei ferske tala for korleis norske studentar har det på lærestadane sine. Studiane innan realfag og teknologi ved UiO kjem godt ut.
– Dette er svært gode tal. Vi er glade for desse resultata, men vil fortsetje å arbeide knallhardt for å skape enda betre studier i eit gnistrande godt læringsmiljø, seier dekan Morten Dæhlen.
Nokre av dei mest tilfredse i landet
Fysikkstudentane ved UiO trivst usedvanlig godt. Ved bachelorprogramma Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) og Materialer, energi og nanoteknologi (MENA) gir studentane ut frå ei totalvurdering karakteren 4,5 av 5 moglege, og ved begge dei påfølgjande masterprogramma gir studentane 4,6 av 5 mulige.
Også studentane ved informatikkbacheloren Nanoelektronikk og robotikk gir studiet sitt totalkarakteren 4,6, medan biologistudentane gir 4,4.
Fysikkstudenten Øyvind Sigmundson Schøyen trur noko av forklaringa ligg i kombinasjonen av store krav til studentane, godt samhald, kort veg frå student til professor:
– Fysikk, astronomi og meteorologi er eit studieprogram som krevjer veldig stor innsats. Ein konsekvens av dette er lange dagar i lag med medstudentar og eldre studentar i foreiningar som gjer opphav til eit veldig bra studiemiljø. Det er ein låg terskel for å spørja andre studentar og professorar om hjelp samt mykje sosialt opplegg rundt dette, til dømes faglege hytteturar, seier han.
Han meiner også måten studiet er bygd opp på speler ei rolle:
– Fagleg sett er studiet lagt opp veldig smart. Ein byrjer med ei verktøykasse beståande av matte og programmering. Dette er absolutt nødvendig å ha med seg når ein byrjar med fysikken.
Arbeidsame studentar
Masterstudentane i biologi legg i snitt ned over 48 arbeidstimer kvar veke, medan bachelorstudentane i kjemi brukar i snitt nesten 46 timer i veka studia. Dette er langt over gjennomsnittet for norske studentar, som ligg på 35 timer i veka.
– Studiet krev mykje av deg og du må vere motivert for å fullføre. Vi har mykje labarbeid med tilhøyrande rapportar i tillegg til forelesingar og at pensum skal lesast, seier masterstudent i kjemi Kristina Erikstad Sæterdal.
– Heldigvis har eg heile tida hatt eit studentområde der alle andre også tilbring mykje av tida si, og dét hjelp.
Om overgangen frå bachelor til master seier ho:
– Det er minst like mykje arbeid, men med større krav til å ha sjølvdisiplin ettersom det er meir fridom i korleis eg disponerar tida mi. Hos oss blir vi på master del av ei forskingsgruppe, med eige kontor, som ein ”ekte” arbeidsplass, og det likar eg!
Studentenes karakterer
Studentene i realfag og teknologi ved UiO gir følgende karakterer til sine studier (5 er maks). Helhetsvurdering. Kjelde: Studiebarometeret
Bachelor-studiar
Biologi: 4,4
Elektronikk og datateknologi: 4,0
Fysikk, astronomi og meteorologi: 4,6
Geofag: geologi, geofysikk og geografi: 3,8
Informatikk: design, bruk, interaksjon: 4,1
Informatikk: nanoelektronikk og robotikk: 4,6
Informatikk: programmering og nettverk: 3,9
Informatikk: språk og kommunikasjon: 4,0
Kjemi: 3,9
Matematikk og økonomi: 4,2
Matematikk, informatikk og teknologi: 4,3
Materialer, energi og nanoteknologi: 4,5
Molekylærbiologi og biologisk kjemi: 4,2
Master-studiar
Farmasi (5-årig): 4,1
Anvendt matematikk og mekanikk: 4,4
Astronomi: 4,0
Biologi: 4,1
Fysikk: 4,6
Geofag: 3,9
Informatikk: design, bruk, interaksjon: 4,5
Informatikk: programmering og nettverk: 4,4
Informatikk: tekniske og naturvitenskapelige anvendelser: 3,9
Innovasjon og entreprenørskap: 4,4
Kjemi: 4,3
Matematikk: 4,3
Materialer, energi og nanoteknologi: 4,6
Modellering og dataanalyse: 3,6
Molekylær biovitenskap: 4,5
Nettverks- og systemadministrasjon: 4,6
For dei øvrige studiane var det ikkje nok svar til at det kunne setjast karakterar.
Les meir:
Forskerprofilen Kristin Braa: Informatiker og barrikadestormer
Kategorier
Aktuelt
Prestisje-stipend fra EU til fysikkprofessor Wojciech Miloch
Mest lest siste syv dager
Forskere planlegger opptrapping av kampen mot overvekt og diabetes
De fant «nettingstrømpene» som beskytter langvarige minner i hjernen
Prestisje-stipend fra EU til fysikkprofessor Wojciech Miloch
Takker fastelavnsris for ny kunnskap om svangerskap og trygg medisinbruk
Nyheter fra andre
Les også
Studenter holder hjulene i gang i partikkelfysikkens Mekka
Du får ikke være student på Cern hvis du ikke samtidig bidrar til den daglige driften på de mange forskningslaboratoriene. Vi har møtt masterstudent Emma Wistrøm på Cern.
Derfor er ikke mennesker sjimpanser
Bare fire prosent av DNA-et vårt skiller oss fra sjimpansene. Så hva bestemmer at et menneske er et menneske og ikke noe annet?
Solcelle med bakterier ga sølvmedalje til UiO-studenter
De har utviklet en solcelle som bruker bakterier for å produsere strøm. Og ble belønnet med sølvmedalje i internasjonal bioteknologikonkurranse.
Hvilken elementærpartikkel er du?
Skolelaboratoriet på Cern har laget en quiz som forteller deg hvilken elementærpartikkel du ligner mest på.