Aasmund Sudbø

Fysikkprofessor Aasmund Sudbø ved UiO var sentral i utviklingen av teknologien som nå er kjøpt av Dräger. Her blir han intervjuet i en video SINTEF har laget og som ligger på YouTube. Illustrasjon: SINTEF/YouTube

Frå forskingsprosjekt til million-verksemd på 15 år

Den norske verksemda GasSecure vart seld til tyske Dräger for 500 millionar kroner i 2015. Det heile starta med eit forskingsprosjekt ved UiO og SINTEF.

Av Hilde Lynnebakken
Publisert 11. apr. 2016
https://www.youtube.com/embed/eh_GiJzq6NE

 

Aasmund Sudbø

Som nytilsett professor ved UiO fekk Aasmund Sudbø ein idé om å kombinere ljos med mikroteknologi. Han fekk med seg kollegar ved UiO, SINTEF og Stanford-universitetet.

Saman fekk dei pengar til eit såkalla Strategisk universitetsprogram som heitte "Micro-opto-electromechanical and Micro-electromechanical Systems (MOEMS and MEMS)", og starta opp i år 2000.

Håkon Sagberg og Matthieu Lacolle var begge doktorstudentar tilsette på forskningsprogrammet. Dei hadde Ib-Rune Johansen frå SINTEF, Olav Solgaard frå Stanford og Aasmund Sudbø som rettleiarar i studiet.

GasSecure ble opprettet

Teknologien dei kom fram til, eit optisk filter for deteksjon av gass, vart seinare vidareutvikla hos SINTEF, som oppretta verksemda GasSecure i 2008.

I fjor vart altså verksemda seld for ein halv milliard kroner til det tyske selskapet Dräger.

Fakta

Micro-opto-electromechanical and Micro-electromechanical Systems (MOEMS and MEMS)

Strategisk universitetsprogram (SUP) leia av Aasmund Sudbø, der Terje Finstad og Ola Sveen var med frå UiO.

Ralph Bernstein og Anders Hanneborg frå SINTEF var også med i starten, saman med Professor Olav Solgaard frå Stanford-universitetet.

I alt fire PhD-studentar blei utdanna under programmet, som var finansiert av Noregs forskningsråd.

Håkon Sagberg er no leiar for sensorteknologi i GasSecure, medan Matthieu Lacolle er forskingsleiar ved SINTEF MiNaLab.

Du møter alle tre i videoen SINTEF har laga om det dei kallar «ein av dei mest vellykka etableringane nokonsinne.»

Emneord: Fysikk