Medisiner

Legemiddelgjennomgang i tverrfaglege team kan redusera og revidera legemiddelbruken hjå psykisk utviklingshemma. Originalfoto: Pixabay, montasje: UiO

Psykisk utviklingshemma fekk betre medisinering gjennom tverrfagleg samarbeid

Ein gjennomgang av medisineringa til 40 psykisk utviklingshemma pasientar avdekka problem for ein tredjedel av dei føreskrivne legemidla.

Av Torstein Helleve
Publisert 12. feb. 2020

 

I 2016 tok utviklingssenteret for heimetenesta i Oslo kommune initiativ til eit prosjekt som skulle sjå på legemiddelbruken til ei gruppe psykisk utviklingshemma.

– Dei 40 pasientane som vart valde ut, var pasientar i alderen 34 til 77 år som heimetenestene meinte kunne ha spesielt godt utbyte av ein slik gjennomgang, fortel professor Anne Gerd Granås ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

 

Anne Gerd Granås
– Heimetenesta fungerer ofte som bodberar mellom pasienten og fastlegen, seier Anne Gerd Granås. Foto: UiO

 

Ho understrekar at sidan utvalet er såpass lite og ikkje tilfeldig, kan ein ikkje generalisera ut frå funna. Dei underliggjande problemstillingane som vert avdekka meiner ho likevel gjeld andre grupper òg, sjølv om pasientane i dette prosjektet var handplukka.

– Mange av dei tok ei lang rekkje legemiddel. Gjennomsnittet låg rundt 12 ulike legemiddel pr. pasient. Det er til samanlikning dobbelt så høgt som snittet for pasientar på sjukeheim, fortel ho.

145 legemiddelrelaterte problem

Vernepleiarane og heimesjukepleiarane som var med i prosjektet, deltok på eit kurs i regi av utviklingssenteret, der dei fekk presentert eit system for legemiddelgjennomgangar tufta på erfaringa med læringsnettverk i Pasientsikkerheitsprogrammet. Dette vart ofte omgjort og forenkla, slik at det passa inn i deira kvardag og for denne pasientgruppa.

Etter kurset valde dei ut nokre av sine pasientar som dei såg hadde behov for særskild oppfølging, samla inn relevante kliniske verdiar og ga legemiddeloversiktene til ein klinisk farmasøyt i kommunen som gjorde ein grundig legemiddelgjennomgang.

Saman med verne- eller sjukepleiar hadde så farmasøyten møte med pasienten sin fastlege og diskuterte om det var råd å betra behandlinga. I visse tilfelle deltok pasienten òg.

– Av i alt 481 føreskrivingar avdekka og løyste prosjektet 145 legemiddelrelaterte problem, seier Granås.

Skiftar fastlege fleire gonger

Problema var av ulik art og omfang: val av riktig legemiddel, dosering, korleis ulike kombinasjonar av legemiddel påverka kvarandre, biverknadar, manglande oppfylgjing og overvaking av effekt. I nokre tilfelle var føreskrivinga overflødig fordi pasienten ikkje tok legemiddelet lenger eller ikkje hadde sjukdommen lenger.

– Og i nokre tilfelle var dokumentasjonen uklar på kvifor pasienten sto på eit gitt legemiddel og kven som hadde føreskrive det.

Ifylgje Granås er ikkje dette uvanleg for denne pasientgruppa. Mange skiftar fastlege fleire gonger etter som åra går, og den nye legen kan lett vidareføra medisineringa frå forgjengarane sine på autopilot.

Avhengige av talspersonar

«Sarah»

Eit døme frå studien er 65 år gamle «Sarah». Ho stod på 19 ulike legemiddel for mellom anna vanskar med andedrettsystemet, fordøyelsessystemet og smerter.

Etter felles gjennomgang med klinisk farmasøyt, fastlege og verne-/sjukepleiar vart seks legemiddel avslutta, og ei dosering vart auka. For to legemiddel vart det gjort endringar i måten dei vart tilførde på, og for to legemiddel vart det innført halvårlege blodprøvar for å unngå overdosering eller manglande effekt.

– Dette problemet vert forsterka av at mange psykisk utviklingshemma ikkje ser fastlegen sin så ofte. Det er gjerne heimetenesta som fungerer som bodberar mellom pasienten og fastlegen, seier Granås.

Ho understrekar at dette er ei sårbar pasientgruppe med ein intellektuell kapasitet som kan gje dei vanskar med å kommunisera om seg sjølve. Nokon har òg fysiske skadar som bidreg til dette.

– Desse pasientane tek ikkje ein telefon til fastlegen og klagar over sløvheit eller tørr munn. Dei er avhengige av talspersonar som kan leggja fram problema deira.

Granås rosar vernepleiarane i heimetenesta, men peikar likevel på at dei ofte er usikre i legemiddelspørsmål.

Kjenner pasienten

– Derfor er det viktig for pasientane at slike legemiddelgjennomgangar vert gjort minst ein gong i året, slik forskrifta seier. For pasientar som får mange legemiddel, eller som skal starta opp behandling med nye legemiddel, kan det vera nødvendig med ytterlegare gjennomgangar, meiner ho.

– Det er best med eit tverrfagleg samarbeid mellom klinisk farmasøyt, ein fagperson frå heimetenesta som kjenner pasienten og fastlegen. Saman kan dei koma fram til kva prioriteringar som dei meiner vil vera gunstigast for kvar enkelt pasient.

Den irske forskaren Martin Henman har forska mykje på legemiddelbruk hjå psykisk utviklingshemma, og teamet hans har laga denne vesle filmen der psykisk utviklingshemma viser korleis møtet med fastlegen kan opplevast for dei:

Den vitskaplege artikkelen:

Granås et al: Interdisciplinary medication review to improve pharmacotherapy for patients with intellectual disabilities. International Journal of Clinical Pharmacy, Dec 2019

Meir forsking på dette temaet:

Flood & Henman: Case study: hidden complexity of medicines use: information provided by a person with intellectual disability and diabetes to a pharmacist. British Journal of Learning Disabilities, Jan 2015

Flood & Henman: Building quality indicators for medication use in people aging with intellectual disabilities and behaviour disorders. International Journal of Developmental Disabilities, Feb 2016

Vil du ha fleire forskingsnyheiter om farmasi, teknologi og andre realfag: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på  nyheitsbrevet vårt

 

Emneord: Farmasi