Nærbilde av mor og spebarns hender.

For tidleg fødde barn har bruk for ekstra omsorg. Foto: Colourbox

Fleire for tidlege fødslar hjå gravide som tok angst- og sovemedisin

Om det er sjølve medisinbruken som er årsaka, er framleis uklart. Studien fann ikkje annan alvorleg risiko for barnet ved normal bruk.

Av Torstein Helleve
Publisert 22. juni 2020

Nokre svangerskap er vanskelegare enn andre. Når vordande mødrer slit med søvnproblem og angst, og alt anna er prøvd, kan det vera nødvendig med medikamentell hjelp.

– Ein prøver fyrst andre metodar. Men ved svært alvorlege angst- og søvnforstyrringar kan benzodiazepinar og benzodiazepinliknande medisinar kalla z-hypnotika vera ei nødvendig akutthjelp, seier professor Hedvig Nordeng.

Ho er hovudansvarleg og blant forfattarane av ein ny studie i JAMA Network Open. Studien er eit samarbeid mellom forskarar frå Farmasøytisk institutt på UiO og Folkehelseinstituttet.

Usikkerheit om medisinbruk

Medisingruppa dei undersøkte inneheld både angstdempande- og sovemedisinar som Sobril og Valium og lettare innsovningsmedisinar som Imovane og Stilnoct. Dei fungerer godt ved kortvarig bruk, men dei er vanedannande, kan påverka køyreevna og har misbrukspotensial.

– Derfor er dei norske retningslinene for befolkninga generelt at dei fortrinnsvis berre skal brukast over korte periodar eller i sporadiske enkeltdosar, seier Nordeng.

Dei same retningslinene vert brukte for gravide. Men det har knytt seg usikkerheit til om medisinbruken påverka forhold som fødselsvekt og tidspunkt for fødselen. For å finna ut meir om det, tok forskarane utgangspunkt i MoBa-undersøkinga, ei stor norsk undersøking som gjekk frå 1998 til 2007 og omfatta over 100.000 mor/barn-par.

Fødde to dagar tidlegare

Hedvig Nordeng
– Eg oppmodar alle som er i tvil om medisinbruk under svangerskapet om å rådføra seg med legen sin, seier Hedvig Nordeng. Foto: Ola Sæther, UiO

Postdoktor Anders Huitfeldt, som er fyrsteforfattar av studien, brukte opplysningar frå over 600 kvinner som sjølve oppgav at dei hadde brukt slike medisinar i svangerskapet. Dei vart samanlikna med to grupper kvinner: dei som ikkje hadde brukt slike medisinar og kvinner med angst- og søvnforstyrringar som hadde brukt slike medisinar før, men ikkje under svangerskapet.

– Deretter samanlikna vi opplysningar frå fødselen og justerte for mulige forskjellar i andre risikofaktorar og bakanforliggande faktorar som gjorde gruppene forskjellige, fortel Nordeng.

– Gravide som hadde brukt desse medisinane undervegs i svangerskapet, fødde i gjennomsnitt to dagar tidlegare enn normale. Barna vog òg 80 gram mindre, men det kjem truleg nettopp av dei to dagane, seier Nordeng.

Er du interessert i forskningsnyheter om realfag og teknologi: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyhetsbrevet vårt

Dobbelt så høg risiko

To dagar frå eller til i eit svangerskap som normalt varar 40 veker, gjev ikkje så stor grunn til uro. Men Nordeng trekkjer fram eit anna funn som det er nødvendig å undersøke vidare:

Risikoen for prematur fødsel, altså fødsel før veke 37, var 6 prosent blant kvinner som brukte angst- og sovemedisin samanlikna med ca. 4 prosent i kontrollgruppa. Analysane vart justerte slik at ein samanlikna med kvinner som hadde same plagene, men ikkje brukte medisinar. Dei vart òg justerte for andre bakanforliggande faktorar, som alvorlegheitsgrad.

Då utgjorde medisinbruken ein auka risiko på 40 prosent i forhold til dei som ikkje brukte slike medisinar. Då forskarane såg berre på dei som fekk medisinane seint i svangerskapet var risikoen for prematur fødsel endå høgare: dobbelt så høg ved angst- og sovemedisinbruk.

Så då skulle ein tru at saka var grei og at ein kan peika ut medisinbruken som årsaka til den auka risikoen. Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje.

Rådføra med legen

– Sjølv med ein så omfattande studie som denne og avanserte statistiske analyser for å gjera dei samanlikna gruppene så like som råd, kan vi ikkje fullt ut ta høgde for at kvinnene som brukar angst- og sovemedisinar kan vera sjukare enn andre kvinner med tilsvarande sjukdom, men utan slik medisinbruk.

 – Og studien byggjer delvis på eigenrapporterte data, som det alltid vil vera knytt ein viss usikkerheit til. Begge desse forholda kan føre til små målefeil som gjer at vi ikkje kan fastslå om det er en klar årsakssamanheng mellom bruk av medisinane og for tidleg fødsel, seier Nordeng.

Ho understrekar at avgjerder om bruk av angst- og sovemedisinar aldri er enkle og oppmodar alle som er i tvil om å rådføra seg med legen sin.

– Dette er reseptbelagte medisinar som berre skal brukast når legen har vurdert at fordelane med å behandle angst- og søvnproblema i svangerskapet med medisin er større enn risikoen ved medisinbruk.

Den vitskaplege artikkelen:

Huitfeldt, Sundbakk, Skurtveit, Handal, Nordeng: Associations of Maternal Use of Benzodiazepines or Benzodiazepine-like Hypnotics During Pregnancy Wih Immediate Pregnancy Outcomes in Norway. JAMA Network Open, 2020

Les også:

Nasjonal veileder for graviditet og vanedannende legemidler  (Helsedirektoratet)

Emneord: Farmasi