Kirurger i operasjonssal

Nyrefunksjon kan testast raskare enn før

Å måla nyrefunksjonen hjå pasientar når haner dårleg, har til no vore ein prosess som har teke opptil eitdøgn. Ved Farmasøytisk institutt er det utvikla ein metode som reduserer tida til fem timar.

Når ein skal måla nyrefunksjon i klinisk samanheng, måler ein det som heiter glomerulær filtrasjonshastigheit, forkorta GFR. Det kan høyrast avskrekkande ut, men er rett og slett kor mykje blod som kvart minutt vert filtrert gjennom ein del av nyra som heiter glomerulus. Derfor vert GFR målt i milliliter pr. minutt (ml/min.).

GFR kan målast på fleire måtar, men den vanlegaste i dag når ein ynskjer nøyaktige målingar, er injeksjon av eit røntgenkontraststoff om heiter ioheksol. GFR vert fastsett ved å måla nivået av ioheksol i blodet etter gitte periodar.

– For personar med god nyrefunksjon ligg GFR på ca. 100 ml/min. Det kan vi måla ved hjelp av to blodkonsentrasjonar, ein målt etter to timar og ein etter fem. Men for pasientar med dårleg nyrefunksjon, har den andre målinga måtta venta åtte eller til og med 24 timar.

Ikkje gode nok målingar

Det forklarar Anders Åsberg, professor II ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo og dagleg leiar av Nyrefysiologisk laboratorium ved Rikshospitalet, sjukehuset der alle nyretransplantasjonar på norsk jord vert utførte. Rundt 250–300 slike operasjonar vert gjorde kvart år.

– Nyretransplanterte vert kalla inn til kontroll fyrste gong etter seks til åtte veker – og så etter eit år. Vi ynskjer å testa GFR’en deira, men det er mange som har kome langveges frå og som ikkje ynskjer å vera eit heilt døgn ekstra i Oslo for å ta den siste målinga.

Åsberg hadde sett seg lei på at dei ikkje fekk gjort gode nok målingar på grunn av tida det tok og bestemte seg for å gjera noko med det.

Testa 219 personar

Anders Åsberg
– Prøvetakingstida kan kuttast ned til fem timar, seier Anders Åsberg. Foto: UiO

– Eg tenkte at med moderne dataverktøy måtte det vera råd å finna ein betre måte å analysere desse prøvane på, som gav oss svara vi trengde utan at pasienten måtte vera lenger heimanfrå enn nødvendig.

Vi hugsar at tida frå injeksjon til andre måling av ioheksol hjå ein frisk person er fem timar. Målet var å koma ned på så kort tid for alle som skal testast.

– Frå 2014 til 2017 testa vi 219 nyrepasientar og -donorar ved Rikshospitalet. 176 av desse inngjekk i ei gruppe som vart brukt til utvikling av ein modell, dei resterande 43 utgjorde ei gruppe der modellen vart validert, forklarar Åsberg.

Vil du ha fleire forskingsnyheiter om realfag og teknologi: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt

Minst like bra resultat

Åsberg tok prøvar etter ulike tidsintervall: 10 minutt, 20 minutt, 30 minutt, ein time osv. Testpersonane omfatta alt frå heilt små barn til eldre pasientar, både friske og nyresjuke. Resultata vart plotta inn i programvare som er utvikla av eit laboratorium Åsberg samarbeider med i Los Angeles.

– Etter kvart viste det seg at det faktisk er råd å kutta ned prøvetakingstida slik vi ynskte. Med fire prøvar over eit tidsrom på fem timar kan vi fastslå kva GFR for kvar enkelt pasient er.

– Og resultata er minst like bra som for den eksisterande metoden. Vi fekk betre resultat for alle 43 personar i valideringsgruppa. Men då vi prøvde å korta ned tida ytterlegare, til tre timar, vart ikkje målingane gode nok, heller ikkje med færre prøvar enn fire.

Nøyaktige målingar

Modellen er teken i bruk på Rikshospitalet, og det er òg utvikla eit nettgrensesnitt for modellen slik at andre laboratorium verda over kan ta han i bruk. Åsberg understrekar at det ikkje berre er på nyretransplanterte han kan brukast.

– Han kan brukast til å diagnostisera nyrelidingar og til å justera legemiddelnivå. For barn som får kreftmedisinar, til dømes, er det viktig at dei får nok medisin til å motverka sjukdommen, men heller ikkje meir. Dei skal sleppa unødvendige biverknadar.

Åsberg fortel òg at det er når ein treng nøyaktige målingar av GFR, at denne metoden har sin styrke.

– Når ein går til legen og tek blodprøve for nyretilstandar, måler ein kreatinin, eit stoff som finst naturleg i kroppen. Det er ikkje ei like nøyaktig måling av GFR, men han er nøyaktig nok til sin bruk.

Den vitskaplege artikkelen:

Åsberg et al: Measured GFR by Utilizing Population Pharmacokinetic Methods to Determine Iohexol Clearance. Kidney International Reports, Feb 2020

Nettgrensesnittet for modellen

Les meir på Titan.uio.no: