Egg som vert gjennomlyst i mørkt rom

Hønseegga som vert brukte i forsøka vert gjennomlyste for å få stadfesta at dei er levedyktige. Foto: Denis Zosen

Vanleg epilepsimedisin påverka hjerneutviklinga til kyllingfoster

Legemiddelet vert rekna som ganske trygt å bruka for gravide. Men forskarane har no påvist at Lamotrigin kan føra til små endringar i hønseegg.

Av Torstein Helleve
Publisert 2. mars 2022

Det er utfordrande å forska på kva verknad det har på eit foster at mora tek medisinar. Av etiske grunnar kan ein ikkje gjennomføra vanlege kliniske prøver på det ufødde barnet. Derfor må ein bruka andre metodar for å finna ut kva medisinar det er trygt for mora å ta.

Lamotrigin er eit legemiddel som er mykje brukt mot epilepsi og bipolare lidingar. Det har til no vore rekna som trygt for den vordande mora å bruka, i motsetning til eit anna, eldre antiepileptisk legemiddel med namnet valproat. Valproat er kjend for å vere teratogent, som betyr at det forårsakar defektar og misdanningar i fosterutviklinga. Det inneber fare for at barnet kan utvikla ADHD eller autisme.

Liknande verknadar hjå menneske og høns

Men dette biletet må kanskje justerast. Titan har tidlegare skrive om stipendiat Denis Zosen ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, som forskar på befrukta hønseegg som erstatning for dyreforsøk i forsking på utvikling hjå barn.

– Meir presist konsentrerer vi oss om veslehjernen, eller cerebellum. Veslehjernen er ein evolusjonsmessig konservert struktur. Det vil seia at den har endra seg relativt lite sidan greinene som vart til fuglar og menneske skilde lag, forklarar Zosen.

– Det finst forskjellar, men strukturen er lik nok til at vi kan forventa liknande verknadar hjå menneske som vi finn hjå høns.

Svarar til mange veker svangerskap

Ei anna årsak til at dei forskar på veslehjernen er at 80 prosent av nervecellene i sentralnervesystemet er lokaliserte her. Veslehjernen er mest kjend for å kontrollera bevegelsane, og nyleg har ein òg funne ut at den spelar ein sentral rolle for læring og kognisjon.

Ikkje minst viser pasientar med forstyrringar på autismespekteret endringar av veslehjernen. Dersom utviklinga av han vert forstyrra, aukar det risikoen for at barnet kan utvikla ADHD eller autisme når det veks opp.

– Vi eksponerte 16 dagar gamle egg i 24 timar for høvesvis valproat og lamotrigin. Eit kyllingfoster utviklar seg normalt berre 21 dagar før egget vert klekt, så dette svarar til mange veker i det menneskelege svangerskapet, fortel Zosen.

– Det er eit kritisk tidspunkt for utviklinga av nervecellene, når utviklinga av veslehjernen tek til for alvor i utvikling og er mottakeleg for påverknad.

– Veslehjernen har endra seg relativt lite sidan greinene som vart til fuglar og menneske skilde lag, forklarar Denis Zosen. Foto: Privat

«Bad drug/not so bad drug»

Som venta fann dei at valproat påverka utviklinga av veslehjernen. Men for lamotrigin gjorde dei funn som ikkje har vore gjort tidlegare.

– Det er gjort ein del studiar på begge desse legemidla, mest på valproat. I samanheng med fosterutvikling har dei blitt rekna litt som «bad drug/good drug», seier Zosen.

– Men vi fann at lamotrigin òg hadde noko av den same effekten som valproat,  men ikkje i same grad. Og det var det som var vår primære hypotese. Kanskje vi heller burde tenkja på dei to stoffa som «bad drug/not so bad drug».

Gravide skal vera forsiktige med legemiddel

Påverknaden til dei to stoffa såg ut til å skje gjennom dei same mekanismane. Spesielt reduserte dei nivået av PAX6, eit viktig protein for utviklinga av nerveceller i veslehjernen.

– Forskinga vår antydar òg at denne effekten er avgrensa til nerveceller, slik at dei andre hjernecellene ikkje vert påverka.

Ut frå denne studien er det for tidleg å seia om lamotrigin er skadeleg for fosteret, men funna bør fylgjast opp av nye studiar.

– Uansett skal gravide vere forsiktige med alle legemiddel. All bruk av legemiddel under svangerskapet bør skje i samråd med lege.

Den vitskaplege artikkelen

Zosen m.fl.: Antiepileptic drugs lamotrigine and valproate differentially affect neuronal maturation in the developing chick embryo, yet with PAX6 as a potential common mediator. Neurotoxicology and Teratology, Mar–Apr 2022.

Emneord: Farmasi