Ei rekkje slangar som er kopla saman med trevegskranar

Når fleire medisinar vert gjevne gjennom same slange, kan ein få «juletre» som dette. Foto: Niklas Nilsson

Tryggare medisinering av for tidleg fødde

Dei minste barna må få legemiddel intravenøst. Men vi veit lite om kva legemiddel det er trygt å blanda i same slange. No finn forskarane svar.

Av Torstein Helleve
Publisert 20. mai 2022

Alle fødslar går ikkje som planlagt. Nokre barn blir fødde for tidleg, eller må vera på sjukehuset den fyrste tida av andre årsaker. Den einaste måten å gje dei næring på er intravenøst, og det same gjeld mange av medisinane dei får.

– Men det er vanskelegare å bruka intravenøst på så små barn enn på vaksne. Dei er rett og slett så små at det berre er tre–fire stader det er råd å setja inn slangen eller kateteret, fortel Niklas Nilsson, klinisk farmasøyt ved Sykehusapoteket Oslo.

– Inne i slangen kan vi ha fleire mindre slangar, det vi kallar lumen. Hjå vaksne kan vi halda tre og fire legemiddel frå kvarandre med ein lumen for kvart. Men hjå dei minste barna har vi berre plass til ein eller kanskje to lumen.

Stoff kan reagera med kvarandre

Han forklarar at løysinga er å kopla fleire medisin- og næringsposar på den same slangen med koplingar, til det dei kallar eit «juletre» (sjå biletet over saka). I prinsippet kan uendeleg mange legemiddel bli gjevne gjennom den same slangen. Men ikkje i praksis.

– Når stoffa fyrst er komne inn i kroppen, vert dei tynna ut i blodet og faren for at dei skal påverka kvarandre er liten. Det kritiske punktet er når dei ulike løysingane vert blanda saman i slangen, forklarar Nilsson.

– Nokre stoff kan reagera med kvarandre, slik at det blir felt ut partiklar som kan gjera slangen tett eller gjera skade om dei kjem inn i den sårbare kroppen. Næringa som kjem gjennom same slangen, inneheld alle slags næringsstoff som den nyfødde treng. Dei kan òg potensielt reagera med legemidla.

Niklas Nilsson, portrett
Vekselbruket mellom sjukehuset og instituttet set Niklas Nilsson i ein unik posisjon. Foto: Asbjørn Lunnan

Testa tre viktige legemiddel

Nilsson jobbar sjølv i team med legar og sjukepleiarar på Nyfødtintensiv avdeling ved Oslo universitetssykehus. Heile tida må teamet vurdera kombinasjonar av legemiddel som den nyfødde treng. Men det finst lite dokumentasjon på kva blandingar som er trygge, så kvar vurdering vert basert på eigne erfaringar og skjøn.

No er Nilsson i gang med å ta doktorgraden ved forskargruppa PersDrug ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Målet er nettopp meir kunnskap om kva medisinar som er trygge å blanda i same slange.

– I denne studien testa vi næringsblandinga avdelinga vår brukar saman med to og to av tre viktige legemiddel: dopamin, som vert gjeve for å auka blodtrykket, smertestillande og roande morfin, og antibiotikumet Cefotaxim, fortel Nilsson.

Veit kva legemiddel det er mest behov for informasjon om

– Vi testa to og to av legemidla saman med næringsblandinga, slik at vi hadde ulike miksar med tre komponentar. Dei fleste andre studiar nøyer seg med to komponentar om gongen og like mykje av kvar komponent. Vi reknar derimot ut moglege miksar som kan oppstå i slangen basert på dosar og infusjonshastigheiter tilpassa til nyfødde. Vi fann ingen problem med å blanda desse legemidla, så konklusjonen vår er at det er trygt å kombinera dei.

Valet av legemiddel er langt frå tilfeldig. Nilsson held fram på sjukehuset ved sida av arbeidet med doktorgraden. Det set han i ein unik posisjon.

– Frå sjukehuset har eg med meg kunnskap om kva kombinasjonar av legemiddel som det er mest behov for informasjon om. Frå universitetet tek eg med tilbake resultata frå forskinga, seier han.

– Same dagen som artikkelen min vart publisert, vart informasjonen frå han teken i bruk på avdelinga.

Den vitskaplege artikkelen

Nilsson m.fl.: Co-administration of drugs with parenteral nutrition in the neonatal intensive care unit—physical compatibility between three components. European Journal of Pediatrics, April 2022

Emneord: Farmasi