Illustrasjon av nerveceller

Nervecellene i hjernen sender signal til kvarandre i svære nettverk. Ill.: Pixabay

Slik ber nervecellene kvarandre om å snurpa igjen smella

Tradisjonelt har vi trudd at signal mellom hjernecellene er som stafettpinnar, som stadig vert sende vidare i same retning. Det stemmer ikkje heilt.

Av Torstein Helleve
Publisert 16. mars 2022

«Kan’ke du snurpe igjen smella litt’a, du maser jo som et lok’motiv» er ein klassisk replikk frå den norske filmen «Lasse og Geir». Nyleg har forskarar avdekka at ein tilsvarande samtale går føre seg i hjernane våre, om enn mindre sitatvenleg uttrykt.

– Staden der ei nervecelle sender eit signal til ei anna, heiter synapse. Tidlegare trudde ein at dette var ein einvegskommunikasjon, der signala har gått som ein stafettpinne, seier professor Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Ei nervecelle sender signal til tusenvis av andre, som kvar igjen sender til tusenvis av nye nerveceller, og så vidare i svære nervecellenettverk. Men i den seinare tid har det gått opp for oss at biletet ikkje er så svart/kvitt at dette signalet berre går i ei retning.

Fanst ikkje i avsendarcella

Allereie på 1960-talet, vart det oppdaga at stoffet N-acetyl-aspartyl-glutamat, forkorta NAAG, fanst i høge konsentrasjonar i hjernen. Men ein ting er å finna stoffet, noko anna er å finna ut kva funksjon det har.

– Det finst i høge konsentrasjonar i nervecellene i hjernen, men ikkje i andre hjerneceller, og i liten grad andre stader i kroppen. Vi har derfor antatt at det har vore det vi kallar ein nevrotransmittar, eit signalmolekyl som formidlar signala mellom nervecellene, forklarar Morland.

– Men då vi undersøkte nærmare kvar NAAG var å finna, oppdaga vi at det var i mottakarcella, ikkje i avsendarcella. Dermed kunne det ikkje ha den rolla som ein tradisjonelt har meint av nevrotransmittarar har, seier Morland.

Cecilie Morland
– Det har gått opp for oss at signal mellom nerveceller i hjernen ikkje berre går i ei retning, seier Cecilie Morland. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Kan føra til epilepsi og hjerneslag

Ho forklarar at innimellom er avsendarcella så aktiv at mottakarcella vert overstimulert av signalstraumen. I desse tilfella er det at mottakarcella skil ut NAAG i retur, med beskjed om å «snurpe igjen smella».

– Så kvifor er kunnskap om NAAG viktig? Nervecellene i hjernen brukar ulike transmittarar, men den suverent vanlegaste er glutamat, eit namn mange vil dra kjensel på som smaksforsterkar. NAAG finn vi berre i synapsane som nyttar glutamat, fortel Morland.

– Overstimulering av glutamat kan føra til epilepsi, hjerneslag og såkalla nevrodegenerative sjukdommar. Dersom vi finn måtar å forsterka NAAG-signala på, kan vi forhåpentleg klara å beskytta mot desse sjukdommane.

Stoffa må injiserast i hjernen

Men til no har det berre vore råd å gjera dyrestudiar av NAAG, forklarar Morland.

– Stoff som skal verka på hjernen, må passera ein barriere mellom blodet og hjernen, blod-hjerne-barrieren som den heiter. Stoffa som vi brukar for å manipulera nivåa av NAAG, har vanskar med å passera denne barrieren, seier ho.

– Sidan desse stoffa derfor må injiserast i hjernen, har det til no berre vore råd å gjera studiar på dyr. Men det er rapportert om at kliniske forsøk, altså på menneske, er i gang. Så snart får vi kanskje meir kunnskap om korleis NAAG kan påverkast.

Dei vitskaplege artiklane

Morland & Nordengen: N-Acetyl-Aspartyl-Glutamate in Brain Health and Disease. International Journal of Molecular Sciences, Jan 2022

Nordengen, Morland m.fl.: Dendritic localization and exocytosis of NAAG in the rat hippocampus. Cerebral Cortex, Mar 2020

Emneord: Farmasi