Legar og sjukepleiarar under operasjon i operasjonssal

I ein gastrisk bypass-operasjon vert delar av magesekken og tynntarmen fjerna. Foto: Pixabay

Overdriven uro for dosering av legemiddel etter fedmekirurgi

Ved fedmeoperasjon vert ein stor del av tarmen fjerna. Likevel ser det ut til at opptaket av mange legemiddel ikkje vert særleg påverka.

Av Torstein Helleve
Publisert 4. mai 2022

Legemiddel som vert tekne gjennom munnen vil i ulik grad nå ut i blodet. Det skuldast i stor grad at ein del enzym i tarm og lever bryt ned legemiddelet før det når blodbana. Desse enzyma vert derfor kalla legemiddelmetaboliserande, og det viktigaste blant desse heiter CYP3A. Om lag halvparten av legemidla vi brukar, vert brotne ned av dette enzymet.

Det er i tynntarmen dei fleste legemidla blir tekne opp. Derfor har ein vore bekymra for at opptaket av legemiddel, og effekten, skulle bli påverka når delar av tarmen vert fjerna, som ved fedmekirurgi.

– CYP3A finst i tarmen og levra, og avgrensar andelen av ein legemiddeldose som når ut i blodbana, forklarar stipendiat Kine Eide Kvitne ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Men når vi fjernar store delar av tarmen der nedbryting av legemiddel føregår, vil vi venta at legemiddelopptaket vert endra. Då kan for eksempel den doseringa som er riktig til vanleg bli for høg, og gje auka effekt og auka risiko for biverknadar.

Såg ingen forskjell av betydning

Kine Eide Kvitne
– Det ser ikkje ut til at det er nødvendig å endra doseringa av legemiddel som vert brotne ned av CYP3A kort tid etter fedmekirurgi, seier Kine Eide Kvitne. Foto: UiO

For å undersøkja dette, samanlikna Kvitne to grupper av pasientar som fekk behandling for fedmen sin. Den eine gruppa gjekk gjennom ein såkalla gastrisk bypass-operasjon, der delar av magesekken og tynntarmen vert fjerna. Den andre gruppa vart sett på ein streng lågenergidiett.

Forsøkspersonane fekk legemiddelet midazolam, eit såkalla probelegemiddel for å bestemme CYP3A-aktivitet.

 – Seks veker etter gastrisk bypass-operasjonen hadde vi venta at ein større andel midazolam skulle nå blodbana, som fylgje av at ein stor del av tarmen, der CYP3A-enzyma sit, har blitt fjerna, forklarar Kvitne.

– Men trass i dei store anatomiske endringane i tarmen etter det kirurgiske inngrepet, såg vi ikkje nokon forskjell av betydning.

Undersøkte pasientane to år seinare

Kvitne og medforfattarane ynskte òg å sjå på effekten av vektreduksjon på CYP3A-aktivitet. Sjukeleg overvekt er nemlig forbunde med lågare CYP3A-aktivitet, og det kan difor tenkast at CYP3A-aktiviteten vil ta seg opp att når ein går ned i vekt.

Men verken i gruppa av opererte eller i diettgruppa var det noko endring å sjå. Gruppene hadde mista like mykje vekt, men Kvitne seier at det likevel kan henda at pasientane ikkje hadde hatt stor nok vektreduksjon i løpet av den målte perioden til å få nokon effekt.

For då dei to år seinare undersøkte pasientane som hadde gjennomgått gastrisk bypass, hadde CYP3A-aktiviteten auka hjå dei.

Ikkje nødvendig å endra dosering

– Denne gruppa gått ned frå rundt 130 kilo i snitt til like under 100 kilo. Trass at CYP3A-aktiviteten framleis var nedsett samanlikna med normalvektige personar, hadde den nærma seg, fortel Kvitne.

Sjølv om forskarane ikkje har forstått alle mekanismane for endringane dei såg endå, har dei i alle fall kome fram til ein ting, slår Kvitne fast:

– Det ser ikkje ut til at det er nødvendig å endra doseringa av legemiddel som vert brotne ned av CYP3A kort tid etter fedmekirurgi, trass i dei store endringane i tarmen. Dermed treng ikkje klinikarar vere like urolege for korleis dei skal dosera slike legemiddel etter fedmekirurgi.

Den vitskaplege artikkelen

Kvitne m.fl.: Short- and long-term effects of body weight loss following calorie restriction and gastric bypass on CYP3A-activity – a non-randomized three-armed controlled trial. Clinical and Translational Science, Aug 2021

Emneord: Farmasi