Image
Paracet-tabletter

Uhemma bruk av paracetamol kan skade hjerneutviklinga til fosteret, men det skal store mengder til. Foto: Torstein Helleve, UiO

For mykje paracetamol hemmar hjerneutvikling

Det same kan petrokjemisk og anna organisk forureining gjera. Men det skal større mengder til enn det vi møter i kvardagen.

Ein fordel med å studera cellekulturar i laboratoriet, det forskarane kallar in vitro, er at ein kan utsetja cellene for påkjenningar som det ville vera uetisk å utsetja den levande organismen for.

Det er det Nils-Anders Labba har gjort, for å testa ut nye metodar for in vitro-studiar av levande celler. Labba, som er del av endringsmiljøet PharmaTox ved Universitetet i Oslo, disputerer i februar for doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt.

– Vi har forska på to celletypar: hjerneceller frå nyklekte kyllingar, og menneskelege kreftceller som har blitt behandla slik at dei er svært like hjerneceller, og som gjev oss resultat som kan overførast til vanlege hjerneceller, forklarar han.

Utset cellene for forureining

Cellene har blitt utsette for to ulike påverknadar. Den eine er vanleg paracetamol, som dei fleste har liggjande i medisinskapet sitt. Den andre høyrest betydeleg meir uappetittleg ut, sjølv om namnet POPs-mikstur nesten høyrest litt koseleg ut.

– POPs-miksturen er produsert ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås, for bruk i laboratorieforsking. POP står for Persistent Organic Pollutant, organisk forureining som er vanskeleg å bryta ned i naturen, forklarar han.

– Miksturen inneheld POPs i konsentrasjonar som svarar til det ein finn i blodet til eit gjennomsnitt i den skandinaviske befolkninga. Vi får i oss stoffe gjennom luft, vatn, mat, og kontakt med plast, olje osv. – eigentleg det meste vi må koma i kontakt med for å delta i det moderne samfunnet.

Kortar ned nervefibrane

I begge tilfella fann dei at cellene fekk færre nervefibrar, som i tillegg var kortare enn vanleg. Det reknar dei med at ville ha påverka nervesystemet, slik at det ikkje ville ha utvikla seg normalt.

– Men igjen: i laboratoriet kan vi utsetja cellene for langt meir enn det vi vanlegvis ville ha møtt i kvardagen. For POPs måtte vi opp i ein konsentrasjon på 500 gonger det som finst i lufta, seier han.

­– Om ein person vart eksponert for ein slik konsentrasjon, ville vedkomande ha meir akutte problem enn hjerneutvikling hjå nyfødde.

– i laboratoriet kan vi utsetja cellene for langt meir enn det vi vanlegvis ville ha møtt i kvardagen, seier Nils-Anders Labba. Foto: Svein Arne Selvik, UiB

Diskuter legemiddelbruk med lege

For paracetamol heldt det med betydeleg mindre. Likevel måtte dei opp i seksten gonger storleiken på ein vanleg dose.

– Det er kanskje tenkeleg at nokon som er gravid puttar i seg så mykje på ein gong, og vi fann òg den same effekten ved eksponering over lang tid, seier Labba.

– Men eg må understreka at dette dreier seg om in vitro-resultat som krev betydeleg meir forsking før ein kan demonstrera klinisk relevans, og eg håpar og trur at gravide er klar over at legemiddelbruk i svangerskapet alltid bør diskuterast og avklarast med lege.

Oppdaga ny funksjon hjå protein

Dei fann òg ein anna effekt, på eit protein med namnet beta-2-spektrin.

– Dette proteinet er interessant, fordi det er fyrst dei siste få åra at forskarane har begynt å forstå kva oppgåve det har. Tidlegare trudde ein at det var eit såkalla stillasprotein, som «berre» hadde som oppgåve å knyta saman andre protein, seier Labba.

­– Men forsøk har vist at om ein fjernar beta-2-spektrin, utviklar ikkje hjernen på nyfødde mus og rotter seg slik den skal.

Det må store mengder paracetamol til

Labba fann at store mengder paracetamol førte til ein betydeleg reduksjon i dette proteinet – og berre dette.

– Vi testa på om lag ti andre protein, utan å finna den same effekten av paracetamol, fortel Labba.

– Så sjølv om dosane vi brukar i laboratoriet ikkje er kvardagsdoser, har vi påvist at det finst ein samanheng mellom beta-2-spektrin og paracetamol, som potensielt kan vera nyttig i framtidig forsking.