Image
Kvinne med lue og munnbind studerer eit brett medisinar

Forskarar frå fem europeiske land har kartlagt legemiddelbruken hjå gravide og ammande under fyrste pandemibylgje. Foto: Colourbox

Mindre antibiotikabruk blant norske gravide og ammande under fyrste pandemibylgje

Mønsteret er felles med andre europeiske land. Men Noreg skil seg ut i bruk av paracetamol og astma- og allergimedisin.

Sidan starten av pandemien har forskarar frå fem europeiske land samarbeida for å finna ut korleis medisinbruken hjå gravide og ammande vart påverka.

Spørjeundersøkinga vart gjennomførd i juni og juli 2020. Over 8 300 gravide og ammande kvinner frå Noreg, Sveits, Storbritannia, Irland og Nederland vart spurde om medisinbruken sin dei tre føregåande månadene, mot slutten av den fyrste bylgja av pandemien.

Då forskarane samanlikna tala på tvers av landa, fann dei at nesten 60 prosent av kvinnene i studien hadde brukt minst eit legemiddel dei tre føregåande månadane av svangerskapet eller ammeperioden.

Kronisk sjuke brukte meir legemiddel

– Ein tredjedel rapporterte om dagleg medisinbruk. Då er kosttilskott som jern, folat, vitaminer og mineral ikkje teke med, fortel professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Den vanlegaste medisinen var paracetamol, som meir enn ein av fire gravide brukte sporadisk i svangerskapet. Bruk av reseptfrie legemiddel vert ikkje fanga opp av helseregistera våre, så dette kan vi berre finna ut ved å spørja kvinnene sjølve, forklarer ho.

– Dei kvinnene som hadde testa seg for sars-cov-2-viruset og dei med kroniske sjukdommar, brukte naturleg nok i større grad legemiddel enn andre.

Høgare forbruk av astma- og allergimedisin i Noreg

Men dei såg òg tydelege forskjellar i legemiddelbruken mellom landa i undersøkinga. Norske kvinner skilde seg særleg ut på to område.

– For det fyrste såg me lågare bruk i Noreg av legemiddel som verker på nervesystemet. Paracetamol høyrer til denne gruppa, så det kan det sjå ut som om norske gravide er noko meir tilbakehaldne med slik bruk enn i dei andre landa, seiar ho.

– Me kan heller ikkje sjå bort frå at bakanforliggjande faktorar hos kvinnene som deltok i dei forskjellige landa, og faktorar knytte til pandemien ut over dei vi har målt, har spela ein rolle, forklarar ho.

– Vi såg òg eit høgare forbruk av astma- og allergimedisinar i Noreg, særleg blant dei kvinnene som amma. Undersøkinga dekka vår- og sommarmånadene, der mange slit med pollenallergi, men kvifor bruken vert høgare nettopp i Noreg er vi usikre på.

Mindre spreiing av smittsame sjukdomar

I tillegg til å samanlikna legemiddelbruken mellom landa som deltok i undersøkinga, samanlikna forskarane tala med data frå tidlegare studiar. Det som stakk seg mest ut var bruken av antibiotika, der det var ein markant lågare bruk enn i tidlegare studiar, utførte før pandemien, i dei same landa.

Hedvig Nordeng
– Sidan så mange internasjonale forskarar har jobba saman, har vi vore i stand til å arbeida vanvitug raskt, seier Hedvig Nordeng. Foto: UiO.

I Noreg opplyste 2,5 prosent av dei gravide og 5,5 prosent av dei ammande at dei hadde brukt antibiotika dei tre føregåande månadene. Vanlegvis ville desse tala vore høvesvis 10 prosent per trimester og meir enn 15 prosent dei tre fyrste månadene etter fødsel.

Ho forklarar at tala deira berre viser at antibiotikabruken vert lågare, dei seier ikkje noko om kva årsaka kan vera. Ho trekkjer likevel eit par faktorar som kan ha spelt inn.

– Under nedstenginga var jo alle mykje meir isolerte, og dermed mindre utsette for å bli smitta. Tiltaket vart gjennomført for å hindra spreiinga av covid-19, men førde jo òg til mindre spreiing av andre smittsame bakterielle sjukdomar, seier ho.

Kan ha gløymt å rapportera antibiotikabruk

– Dette stadfestar at tidlegare funn i heile befolkninga òg truleg gjeld for gravide og ammande: Pandemien kan ha redusert behovet deira for antibiotika.

Ei anna mogleg forklaring kan vera at færre gjekk til lege for å få antibiotika, seier Nordeng, og utdjupar:

– Det tok jo litt tid før digitale konsultasjonar vart vanleg i bruk. Kanskje var òg den generelle terskelen for å konsultera lege noko høgare i denne tida. Og sidan dette er ein studie der deltakarane sjølve rapporterer medisinbruk, kan vi ikkje sjå bort frå at nokre av deltakarane rett og slett har gløymt å rapportera at dei har brukt antibiotika.

Undersøkinga vert starten på eit europeisk samarbeid for å belysa helsemessige konsekvensar av pandemien for gravide og ammande.

Fem vitskaplege artiklar på to år

– Denne undersøkinga handlar om den fyrste pandemibylgja, då alt var nytt og usikkert. Korleis er biletet i dei andre bylgjene? Kva rolle har vaksinane spelt for behov for medisinar i svangerskapet og ammeperioden?

For å få svar på desse og fleira spørsmåla, trengst oppfylgjingsundersøkingar. Dette jobbar dei med i europeiske team på tvers av landegrensene.

– Denne fyrste undersøkinga inneheldt ikkje berre spørsmål om legemiddelbruk, men òg om psykisk helse og fødselserfaringa. Sidan så mange internasjonale forskarar har jobba saman, har vi vore i stand til å arbeida vanvitug raskt, seier ho.

– På under to år har vi formidla nye funn om helseforhold til gravide og ammande under pandemien i fem vitskaplege artiklar. Det er mykje.

Den vitskaplege artikkelen

Ceulemans m.fl.: Self-Reported Medication Use among Pregnant and Breastfeeding Women during the COVID-19 Pandemic: A Cross-Sectional Study in Five European Countries.International Journal of Environmental Research and Public Health, Jan 2022

I podkasten Universitetsplassen møter vi Nordeng i samtale med Elise Koppang Frøjd, som den gongen var gravid og venta sitt tredje barn: 32.Pandemien preger gravide - Universitetet i Oslo (uio.no)