Image
Håvard Hoel og Helle Wangensteen i laboratoriet. Foto: Torstein Helleve/UiO

Håvard Hoel og Helle Wangensteen i laboratoriet. Foto: Torstein Helleve/UiO

Forsmådd og bitter folkemedisinplante under lupa

Søterot var tidlegare ein mykje brukt medisinplante, men har vore oversett av vitskapen. No er innhaldet kartlagt med sikte på vidare forsking.

Hadde planten fått namn i dag, måtte Forbrukartilsynet ha gripe inn mot villeiande marknadsføring. Søterot er nemleg langt frå søt, men kraftig bitter på smak.

– Vi veit ikkje sikkert kvifor den har fått namnet sitt, men ei forklaring det har vore spekulert i er at det var for å blidgjera vettene som heldt til i planten når ein skulle bruka han medisinsk, fortel stipendiat Håvard Hoel ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Han siterer ei gammal regle:

Vil du kalle meg søte
skal eg skaden bøte,
men vil du kalle meg beiskrot
so gjer eg inga bot

Som masterstudent var Hoel blant deltakarane i REA:Life, eit tverrfagleg forskningsmiljø der farmasøytar, historikarar og botanikarar saumfer gamle medisinske skrifter etter plantar som vart brukte i folkemedisinen, for så å undersøkja dei mest lovande kandidatane for verkestoff med moglege medisinske eigenskapar.

Søterot var mykje brukt som medisinplante

– Søterot var ein mykje brukt medisinplante mot mage-tarmplager og luftvegsinfeksjonar, fortel professor Helle Wangensteen frå Farmasøytisk institutt og REA:Life.

– Han var såpass etterspurt at fjellbønder samla han inn og selde på marknadar, og planten vart til og med eksportert til mellom anna Sverige. Søterot er ganske sjeldan her til lands, men på andre sida av Kjølen finst han nesten ikkje i det heile tatt.

Trass i den utbreidde bruken har søterot i liten grad vekt interesse i forskingsmiljøa. Det kom nokre artiklar på syttitalet, men Wangensteen meiner dei kan teljast på ei hand.

– Dermed var søterot veldig interessant for oss i REA:Life, seier ho.

Krokete rot som ligg på eit bord
Som namnet seier er det rota av planten som blir brukt. Den har mest innhald om hausten. Foto: Torstein Helleve/UiO

Ikkje der for smaken si skuld

For å etterlikna den tidlegare bruken av rota, kokte forskarane henne og undersøkte avkoket for verkestoff. Og dei gjorde interessante funn.

– Vi fann at søterot inneheldt elleve ulike innhaldsstoff. Fleire av desse er det som heiter bitterstoff. Som namnet seier, er dette stoffa som gjer at ting smakar bittert, når vi får dei på dei riktige smaksreseptorane på tunga, seier Wangensteen.

– Dei siste åra har vi vorte klar over at det finst slike bitterreseptorar andre stader i kroppen òg, som mage-/tarmsystemet og andedråttsystemet – nettopp dei stadene søterot skal ha hjelpt mot lidingar. Desse bitterreseptorane er der jo ikkje for smaken sin del, så dei må ha ein annan funksjon.

Les også: Svartebøker og urtemedisin kan være nyttig i jakten på nye medisiner

Sankast inn om hausten

Samanhalde med at søterot var så mykje brukt, meiner Wangensteen at dette er lovande for at ein skal kunna avdekkja medisinske bruksområde for ein del av verkestoffa i planten.

– Men eg understrekar at førebels berre trur vi at det er slik. Vi kjenner ikkje til kva mekanismar som eventuelt er i kraft, seier ho.

Hoel fortel om eit anna funn som byggjer opp under at dei gamle visste kva dei dreiv med.

– I kjeldene står det at rota skal sankast inn om hausten. Det er eit vanskeleg tidspunkt å finna henne på, sidan sjølve planten då er visna og daud, seier han.

– Så vi sanka inn på tre ulike tidspunkt: på våren, i august og seinhaustes, i oktober. Den siste inneheldt suverent mest av bitterstoffa, så det har vore vel verdt å venta sjølv om innhaustinga vart vanskelegare.

Den vitskaplege artikkelen

Zhang, Wangensteen, Hoel m.fl.: Phytochemical characterization and anti-inflammatory activity of a water extract of Gentiana purpurea roots. Journal of Ethnopharmacology, Jan 2023