Image
Nærbilete av hender som set intravenøst drypp på armen til nyfødd

Det er vanskelegare å gje fleire legemiddel intravenøst samstundes til nyfødde enn til større barn og vaksne. Foto: Colourbox

Farmasøytar reduserer årsak til stress hjå nyføddsjukepleiarar

Når nyfødde får legemiddel intravenøst må dei blandast. Farmasøytar forskar systematisk på kva kombinasjonar som er trygge å bruka.

Sjå for deg ei intensivavdeling for nyfødde. Dei små pasientane har plager dei ikkje kan setja ord på. Legane er ikkje alltid sikre på diagnosen. Dei føreskriv mange medisinar. Dei må gjevast saman i same intravenøse slange fordi nyfødde er for små for det som heiter fleirlumens kateter, som Titan har skrive om før.

Fleirlumens kateter er intravenøse slangar som inneheld fleire røyr – lumen – på innsida, slik at ulike medisinar ikkje vert blanda før dei kjem inn i kroppen.

Men når medisinane vert blanda i slangen, som altså er tilfelle med nyfødde, kan dei reagera med kvarandre. I verste fall kan dei danna partiklar som kan tetta dei små blodårene til den nyfødde. Det kan føra til behandlingssvikt eller i verste fall død. Kunnskapen om kva medisinar som trygt kan blandast, særleg hjå desse pasientane, er liten. Dersom det var du som stod der som sjukepleiarar og skulle gje to eller fleire medisinar utan å vita kor trygg kombinasjonen var – kva ville du ha gjort?

Vanlege legemiddel for nyfødde

– Sjukepleiarane på ei nyføddintensiv avdeling møter jamleg dette dilemmaet, og i praksis har dei ikkje noko val, seier fyrsteamanuensis Katerina Nezvalova-Henriksen ved Farmasøytisk institutt (FAI) ved Universitetet i Oslo.

– Du veit ikkje om legemidla er trygge, men du veit kva som skjer om du ikkje gjev dei. Slik sett er valet enkelt, men uvissa fører sjølvsagt med seg stress for sjukepleiaren, som alt står i ein ekstrem situasjon.

Nezvalova-Henriksen er tilsett på Sykehusapoteket OUS, og er jamleg involvert i nyføddintensiv avdeling på sjukehuset. Saman med farmasøytkollegaane sine arbeider ho for å prøva å auka sikkerheita for kombinasjonar av vanlege legemiddel for nyfødde.

Tek ikkje farmasøytiske problemstillingar på alvor

Katerina Nezvalova-Henriksen
– Vi tek for oss dei legemidla vi veit nyføddsjukepleiarane og legane har behov for å vita meir om, seier Nezvalova-Henriksen. Foto: Privat

– Vi tek heilt bevisst for oss det vi veit nyføddsjukepleiarane og legane har behov for å vita, sjølv om det kanskje ikkje er det mest spennande teoretisk, seier Nezvalova-Henriksen.

Ein masterstudent fekk i oppdrag å intervjua sjukepleiarar ved nyføddavdelingane på fem sjukehus i Helse Sør-Øst, for å kartleggja kva som er dei mest brukte kombinasjonane og dermed dei nyttigaste å få meir kunnskap om. Men prosjektet møtte ei uventa hindring.

– Fire av sjukehusa var imøtekomande, men ved det femte sette pasientverneombodet foten ned, fordi studenten ville kunne identifisera pasientane. Vi veit ikkje kvifor det er slik ved dette sjukehuset, men vi opplever nesten at dei ikkje heilt tek farmasøytiske problemstillingar på alvor og innser kanskje ikkje at de har direkte innverknad på helsa til pasienten, sukkar Nezvalova-Henriksen oppgitt.

Har mykje kunnskap om morfin

– Vi måtte nøya oss med å ta utgangspunkt i avdelingane sine oversikter over innkjøpte legemiddel. Då ser vi kva som er dei vanlegaste enkeltvis, men vi manglar jo informasjonen om kven av dei som vert mest brukte saman.

Fyrst sorterte dei medisinane i hovudgrupper. Deretter valde dei ut eitt legemiddel frå kvar gruppe som dei testa i kombinasjon med morfin. Dei rådførte seg med kliniske farmasøytar frå barneavdelingar over heile landet for å forsikra seg om at dei hadde plukka ut så relevante kombinasjonar som råd.

– Morfin er veldig mykje brukt som smertestillande. Det er ein god, gammal medisin som har vore brukt i lang tid og som vi har mykje kunnskap om, seier Nezvalova-Henriksen.

– Vi kombinerte morfin med to ulike antibiotika. Saman med antibiotika gjev vi ofte eit soppmiddel, så vi testa eitt slikt. I tillegg testa vi eit kardio-vaskulært legemiddel, eller hjertemedisin.

Fortynna legemidla med glukose

Ho forklarar at dei brukte fleire ulike metodar for forsøka. Andre studiar held seg som regel til færre metodar, der dei fleste er subjektive og dermed mindre pålitelege. Til saman skapar dette større usikkerheit i begge retningar. Det kan gje ein falsk tryggleik, eller motsett kan det setja ein unødvendig stopper for behandlinga.

Dessutan er svært mange studiar utført på legemiddelkonsentrasjonar og infusjonshastigheitar som ikkje vert brukt på nyfødde. Fortynningsvæska er heller ikkje nødvendigvis den som vert brukt på desse pasientane.

– I våre forsøk fortynna vi legemidla med glukose, som er det ein gjerne løyser legemiddel til nyfødde i. Gjennom glukosen får dei nemlig i seg næring òg, i motsetning til om vi hadde brukt saltvatn, som er alternativet, seier Nezvalova-Henriksen.

Sjukepleiarane kan vera trygge

– Glukose er òg den løysingsvæska som har høgast risiko for å reagera med legemidla, sidan den har ein sur pH. Det som går bra med glukose, vil gå bra med saltvatn òg.

Analysane deira viste at soppmiddelet fluconazol og hjertemedisinen flekainid trygt kan kombinerast med morfin i alle klinisk relevante konsentrasjonar. Dei testa òg ekstreme konsentrasjonar, men heller ikkje då skjedde noko utfelling. Dei to antibiotikaa som vart testa, ampicillin og benzylpenicillin bør derimot ikkje gjevast i same slange om morfin.

– Dette er kunnskap som vi tek med oss rett ut i avdelingane. For desse kombinasjonane kan sjukepleiarane no vera trygge på kven som kan blandast og kven som ikkje bør gjevast saman.

Den vitskaplege artikkelen

Nezvalova-Henriksen m.fl.: Frequently acquired drugs in neonatal intensive care and their physical compatibility. Acta Pædiatrica, Aug 2022