Image
Skjermdumpar frå MinSafeStart, ein app som skal hjelpa gravide med svangerskapskvalme.

Skjermdumpar frå MinSafeStart, ein app som skal hjelpa gravide med svangerskapskvalme.

App mot svangerskapskvalme mykje brukt av gravide

Mange gravide lastar ned og brukar MinSafeStart, trass i at forskarane sjølve ikkje klarte å påvisa nokon effekt i ei tidleg undersøking.

I ein gjennomgang av forskingsartiklar om helseappar for gravide har stipendiat Elin Ngo frå Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, tidlegare vist at slike verktøy gjer brukarane tryggare, gjev dei høgare kunnskap og let dei gjera meir informerte val.

Væpna med denne kunnskapen har Ngo og kollegaene ved UiO utvikla ein app for kvinner som opplever svangerskapskvalme. Mange gravide opplever ulik grad av slik kvalme. Ofte kan enkle livsstilsendringar hjelpa, men i ein del tilfelle er det nødvendig med medisinsk behandling og til og med innlegging på sjukehus.

Kvinnene generelt nøgde med appen

MinSafeStart har sidan før jul i fjor vore ein av fleire funksjonar i samleappen Helseoversikt. Til no er det registrert 6 000 brukarar, som utgjer anslagsvis rundt 15 prosent av alle gravide. Til saman har gjort over 51 000 registreringar, og appen har fått gode tilbakemeldingar.

Men ei undersøking forskarane gjorde i testperioden, var ikkje like lovande.  Trass at kvinnene som hadde brukt appen, generelt var nøgde med han, oppgav dei ingen forskjell i grad av kvalmeplager.

Sidan appen er såpass mykje brukt, meiner Ngo at det er undersøkinga deira som ikkje gjev eit heilt riktig bilete. Ho viser til ei rekkje moglege svakheiter som kvar for seg eller i kombinasjon med kvarandre kan ha påverka resultata:

– Det viktigaste er at appen er teken i bruk og hjelper mange gravide, seier Elin Ngo. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Kvalmegrad: – Dei fleste av deltakarane rapporterte relativt milde kvalmesymptom. I slike mindre alvorlege tilfelle er det ikkje uventa at nytten av appen er marginal.

Erfaring med svangerskapskvalme: – Rundt tre fjerdedelar av deltakarane hadde vore gjennom eit svangerskap med kvalmeproblem tidlegare. Men vi vil venta at det er mest utryggleik og behov for kunnskap blant fyrstegongsfødande. Dei som har vore gjennom eit svangerskap tidlegare, vil ha mindre behov for ny informasjon.

Tidspunkt: – Vi inviterte gravide på alle stadium i svangerskapet. Men svangerskapskvalme oppstår i snitt rundt veke fire og når toppen rundt veke 10–16. Medianen i gruppa vår var veke åtte, så mange kan alt ha vore over den verste kneika då dei deltok i studien.

– Vi fylgde opp deltakarane etter to veker. Dei fleste viser betring ei veke etter at dei har starta med medisinsk behandling, men det treng ikkje ha vore det optimale tidsrommet her.

Tal på deltakarar: – Vi ynskte oss rundt 250 deltakarar til testgruppa og kontrollgruppa, men fekk berre 192. Det kan ha påverka resultata.

Har avdekt moglege feil

Trass i at det ser ut som kartet ikkje har stemt heilt med terrenget, meiner ikkje Ngo at undersøkinga deira har vore bortkasta.

– Nei, snarare tvert imot. Vi har avdekt moglege feil og svakheiter som vi og andre kan ta omsyn til og unngå i framtidige studiar. Det er slik forskinga vert driven framover, seier ho.

– Og det aller viktigaste er jo at appen er teken i bruk og hjelper mange gravide. Innsamlinga av registreringar skal halda fram heilt til 2025. Dessa dataa vil gje oss betre kunnskap om korleis svangerskapskvalme artar seg.

Den vitskaplege artikkelen

Ngo m.fl.: Impact of a mobile application for tracking nausea and vomiting during pregnancy (NVP) on NVP symptoms, quality of life, and decisional conflicts regarding NVP treatments: the MinSafeStart randomized controlled trial. JMIR mHealth and uHealth, Jul 2022