Image
Ei handfull tranpiller som ligg utover

Ikkje tvil om at tran er sunt. Men nyretransplanterte bør vera merksame på at medisinen deira kan bli påverka om dei endrar traninntaket mellom sommar og vinter. Foto: Pixabay

Tran kan påverka vanleg medisin for nyretransplanterte

Tran er sunt, òg for nyretransplanterte. Men no viser det seg at ein vanleg medisin dei brukar kan verta påverka av omega-3-feittsyrene.

Det er ikkje alle forskingsfunn som er like planlagde på førehand. Nokre gonger set ein i gang forsøk for å finna svar på eit bestemt spørsmål, og så får ein svar på noko anna i tillegg.

– I dette tilfellet vart det gjennomført ei undersøking om effekten av høge dosar omega-3-feittsyrer på nyrefunksjonen hjå nyretransplanterte, fortel fyrsteamanuensis Ida Robertsen frå Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Halvparten av forsøkspersonane fekk omega-3, medan resten utgjorde kontrollgruppe og fekk berre olivenolje.

Fekk behov for å nedjustera dosen

Men så registrerte forskarane at det skjedde noko med konsentrasjonen av legemidlet takrolimus hjå ein del av forsøkspersonane. Takrolimus er eit legemiddel som hemmar immunsystemet. Det er vanleg å bruka etter organtransplantasjonar for at ikkje kroppen skal støyta frå seg det nye organet, som er ein inntrengjar etter immunsystemet si oppfatning.

– Takrolimus er eit legemiddel som kan gje alvorlege biverknadar. For å sikra at doseringa er høg nok til å ha effekt, men heller ikkje høgare, vert det derfor teke jamlege blodprøvar av pasientane, forklarar Robertsen.

– Det vart det sjølvsagt i denne undersøkinga òg. Då oppdaga dei at påfallande mange av forsøkspersonane fekk behov for å nedjustera dosen av takrolimus. Men sidan forsøket var ein såkalla blinda studie, visste dei ikkje kven av forsøkspersonane dette gjaldt. Så vi vart bedne om å undersøkja dette funnet nærmare.

Tenkjer ikkje på tran

Etter at det fyrste forsøket vart gjennomført, og etter ein månads såkalla wash-out-periode for at kroppen deira skulle få kvitta seg med alle omega-3- eller olivenoljerestar, vart det så ein ny runde for ei gruppe av forsøkspersonane. Denne gongen fekk alle deltakarane omega-3.

– Vi fann at konsentrasjonen av takrolimus auka med 25 prosent når pasientane fekk omega-3 i ein månad, seier Robertsen, som understrekar at dette ikkje betyr at omega-2-tilskott som tran er «bra» eller dårleg» for nyretransplanterte.

– Men det betyr at både pasient og behandlar bør vera merksam på denne effekten. Ikkje minst fordi vi i Noreg vert tilrådde å drikka tran i månadar med r i, slik at vi kan få overgangar som kan gje utslag som elles kan synast uforklarlege. Ein tenkjer jo ikkje til vanleg på tran som noko som påverkar korleis medisinar verkar.

Bortimot dobbel dose

Robertsen legg til utslaga var minst synlege på det tidspunktet det er vanleg å ta blodprøvane, som er rett før neste dose skal takast. Dermed er det fort gjort å oversjå auken eller nedgangen i overgangsperiodane om ein ikkje er spesielt merksam då.

Men sjølv om ein 25 prosent auke ikkje er ynskjeleg, og har det som heiter klinisk relevans, er det ikkje så mykje at det er noko kritisk risiko for pasienten, seier ho.

– I dette forsøket vart det dessutan brukt høge dosar, 2,6 gram for dagen. Rådet til vanleg inntak er mellom 1 og 2 gram for dagen, så forsøkspersonane fekk bortimot dobbelt dose av det som er vanleg, fortel ho.

– Dermed vert risikoen for uheldige effektar òg venteleg mindre. Det er vel ikkje så mange som tek meir tran enn dei bør.

Den vitskaplege artikkelen

Robertsen m.fl.: Increased systemic exposure of once daily tacrolimus in renal transplant recipients on marine omega-3 fatty acid supplementation. Transplant International, May 2021