Skuleelev som kjedar seg og held boka som eit tak over hovudet

Elevar med ADHD kan ha vanskar med å konsentrera seg om skulearbeidet. Foto: Colourbox

Forskarar sjekkar medisinar for ADHD-forbindelse

Nokre medisinar aukar risikoen for ADHD hjå barnet om mora brukar dei i svangerskapet. Forskarane arbeider med å finna kva medisinar som er trygge.

Av Torstein Helleve
Publisert 14. juni 2021

Mor sin bruk av medisinar under svangerskapet kan ha konsekvensar for barnet. Manglande kunnskap om kva medisinar det gjeld, kan føra til at mora let vere å ta medisinar ho hadde hatt bruk for. To nye artiklar frå Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, har sett på risikoen for ADHD når barnet veks opp.

Stipendiat Sarah Hjorth Andersen er fyrsteforfattar for den eine studien, som tek for seg svake smertestillande medisinar. Forskar Angela Lupattelli har sett nærmare på antidepressiva, der biletet er meir uklart.

Begge studiane tek utgangspunkt i den norske MoBa-undersøkinga, ei av dei største helseundersøkingane som nokon gong er gjort. Opplysningane derfrå har så blitt samanlikna med opplysingar frå andre norske pasientregister. Vidare har dei òg tatt omsyn til når i svangerskapet kvinnene har brukt medisinar.

Symptom utan diagnose

Angela Lupattelli
– Det kan ha mykje å seia når i svangerskapet medisinbruken skjer, seier Angela Lupattelli. Foto: UiO

– I mange tidlegare studiar har dette blitt behandla som eit ja/nei-spørsmål. Men det vert for enkelt, for det kan ha mykje å seia når i svangerskapet medisinbruken skjer, altså på kva stadium i utviklinga fosteret er, seier Lupattelli.

Vidare har dei ikkje nøydd seg med å sjå på barn som har fått diagnosen ADHD, men òg dei som har nokre av symptoma på ADHD.

– For å bli diagnostisert med ADHD må ein ha eit sett av symptom eller koma over ein terskel for alvorsgrad. Men i tillegg til å sjå på ADHD-diagnostiserte barn, inkluderte vi òg barn der foreldra rapporterte enkelte av desse symptoma, som vanskar med konsentrasjon eller hyperaktivitet, men altså utan at barnet hadde nådd terskelen for ADHD-diagnose, seier Lupattelli.

Ikkje teikn til auka risiko

– Bakgrunnen for studien på smertestillande var at det har vore ein del medieverksemd rundt studiar som tyder på ein samanheng mellom paracetamol og auka risiko for ADHD hjå barnet, seier Hjorth Andersen.

Ho har derfor sett på ei anna gruppe svake og ofte reseptfrie smertestillande, såkalla NSAIDs. Det finst mange ulike NSAIDs på marknaden. Nokre av dei mest kjende er Ibux, Voltaren og Naproxen.

– Vi er dei fyrste som har tatt omsyn til at bruk av og indikasjonar for smertestillande varierer i ulike deler av svangerskapet når vi har sett på risiko for ADHD. Vi fann ikkje teikn til auka risiko for verken ADHD eller enkeltsymptom, uavhengig av når i svangerskapet medisinane var brukt, fortel ho.

Litt lågare førekomstar

Sarah Hjorth Andersen
– Vi fann ikkje teikn til auka risiko for verken ADHD eller enkeltsymptom ved bruk av NSAIDs, seier Sarah Hjorth Andersen. Foto: privat

Men ho understrekar raskt at det ikkje betyr at det er fritt fram for NSAID-bruk gjennom heile svangerskapet.

– Det vi har sett på her, er risikoen for ADHD. I samband med fødselen kan NSAIDs mellom anna føra til at fosteret går for tidleg over frå fosterkretslaup til vaksenkretslaup. Det er òg ein auka risiko for for lite fostervatn,  i slutten av svangerskapet skal desse medisinane berre brukast i samråd med lege, åtvarar ho.

For antidepressiva, som Lupattelli har sett på, er altså ikkje biletet like klart.

– Dei fyrste fem–seks åra er det faktisk rapportert litt lågare førekomstar for ADHD-symptom hjå barn av mødrer som har brukt antidepressiva under svangerskapet, samanlikna med dei som ikkje har vore eksponert for desse medisinane, seier Lupattelli.

– Men rundt skulestart kryssar kurvane kvarandre, og vi ser ein auka risiko for ADHD, spesielt konsentrasjonsvanskar. Hypotesen vår er at dei fyrste åra er det hyperaktiviteten som kjem til uttrykk, og at den er underrapportert fordi den ikkje er like lett å observere som symptoma som kjem til uttrykk i skulealder.

Positivt funn

Men ho er open for at det kan vera andre forklaringar enn mors bruk av antidepressiva.

– Mora si mentale helse kan jo òg ha konsekvensar for barnet under svangerskap og  oppvekst, så her er det kompliserte årsakssamanhengar. Vi håpar at andre forskarar vil ta arbeidet vårt vidare og bryta ned på dei enkelte legemidla. I denne studien har vi berre sett på antidepressiva som ei gruppe, forklarar Lupattelli.

Men eitt positivt funn kom det i alle fall ut av studien, i alle fall for forskarane.

– Dei eigenrapporterte opplysingane om bruk av antidepressiva stemte bra overeins med det vi fann i medisinregisteret. Det gjev oss endå litt meir tryggleik til data frå MoBa-undersøkinga.

Dei vitskaplege artiklane

Hjorth Andersen m.fl.: Prenatal Exposure to Non-Steroidal Anti-Inflammatory Drugs and Risk of Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder - a Follow-Up Study in the Norwegian Mother, Father and Child Cohort. Pharmacoepidemiology & Drug Safety, Apr 2021 Lupattelli m.fl.: Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder in Children Following Prenatal Exposure to Antidepressants: results from the Norwegian Mother, Father and Child Cohort Study. Obstetrics & Gynaecology, May 2021

Emneord: Farmasi