Image
Denis Zosen framanfor logoen til selskapet Merck

– Den farmasøytiske industrien må vurdera om det er noko å tena på produkta og løysingane som dei forskar på, seier Denis Zosen. Her framfor Merck sin logo i Darmstadt. Foto: Privat

– Nyttig å sjå forskinga si frå industrien si side

Tre månadar skule i innovasjon har gjeve Denis Zosen eit nytt perspektiv på forskinga si på utprøving av legemiddel.

Til vanleg er det laboratoriet som er den viktigaste arbeidsplassen for stipendiat Denis Zosen ved Farmasøytisk institutt. Men i sommar forlet han mikroskop og hønseegg i tre månadar og reiste til Darmstadt for å delta på sommarskulen i innovasjon hjå Merck, den tyske giganten innan kjemisk og farmasøytisk industri.

– Deltakarane vert sett saman i ulike team, som får ei oppgåve som er oppgjeven på førehand. Utfordringa er å foreslå produkt og løysingar som er kommersielt levedyktige, seier Zosen.

Det kan ta rundt 15 år å utvikla ny legemiddel, og likevel vert 90 prosent av lovande kandidatar stoppa før dei når marknaden. Som regel er det fordi dei ikkje er effektive nok, eller fordi ein oppdagar at dei kan gje uynskte biverknadar.

Verdifullt å bruka kunnskap

I eit team med fire andre fekk Zosen i oppdrag å utvikla avanserte cellemodellar som kan brukast ved slik utprøving av nye legemiddel. I Merck si utfordring låg det at testmodellen skulle vera innovativ, sikker og effektiv, og vera relevant for menneske.

Zosen har underskrive ein avtale om konfidensialitet som gjer at han ikkje kan gje detaljar om kva dei kom fram til. Men opphaldet og prosessen fortel han gjerne om.

– Doktorgradsprosjektet mitt går ut på å testa nevroaktive medisinar for hjernen si utvikling, så dette sommarprosjektet var veldig knytt til det eg gjer på laboratoriet og den faglige kunnskapen min om in vitro testplattformer. Det var hyggjeleg og verdifullt å bruka kunnskapen min og erfaringa mi fikk i ein industriell samanheng.

Pågangsmot og samarbeidsvilje

Og det var verkeleg eit internasjonalt team han hamna i. Sjølv er han frå Russland, dei andre deltakarane kom frå Kina, Tyskland, Indonesia og Kamerun. Dei kom òg frå ulike fagdisiplinar, som bioteknologi, kjemi og farmasi.

– Sjølv om vi alle har bakgrunn frå ulike europeiske universitet, var det ein del kulturforskjellar i starten. Men vi fekk veldig fin oppfylgjing frå Merck, fortel Zosen.

– Annakvar veke hadde vi møte med ein organisasjonspsykolog frå bedrifta, som sytte for at små gnissingar vart tekne opp og ikkje fekk utvikla seg til noko verre. I staden opplevde vi auka pågangsmot og samarbeidsvilje etter kvart av desse møta.

Den fyrste halvanna månaden brukte det tverrfaglege teamet på utvikla idear, intervjua ekspertar hjå Merck og venna seg til å tenkja som forretningsfolk.

Planleggja for fleire år framover

I starten anslår Zosen at dei hadde rundt hundre idear. Undervegs luka dei ut den eine ideen etter den andre. Til slutt stod dei att med fire finalekandidatar. Av desse valde dei ut ein som dei arbeidde vidare med resten av tida.

– Det var ein ny og ganske uvant måte å tenkja på for oss. I laboratoriet på universitetet er vi mest opptekne av grunnleggjande og vitskaplege problem som potensielt kan hjelpa menneske, forklarar Zosen.

– Men den farmasøytiske industrien må i tillegg vurdera om det er noko å tena på produkta og løysingane deira. Så då måtte vi lesa oss opp og finna ut av ting som var litt vage for oss på førehand, og planleggja for fleire år framover.

Ikkje same personen

– Men heldigvis var dei tilsette imøtekomande mot oss og villige til å stilla opp for møte, ofte på kort varsel, for å gje oss innsikt i det vi måtte ha bruk for.

Zosen nærmar seg slutten av doktorgradsperioden sin, og er open både for å halda fram på ein akademisk løpebane etter at han har disputert, eller sikta seg inn på ein karriere i industrien. Men uansett kjem han til å bringa med seg erfaringane og perspektiva han har fått gjennom opphaldet i Darmstadt.

– Eg føler at eg er ikkje heilt den same personen som før eg reiste, at eg har fått eit syn på eiga forsking som femner vidare enn før. Eg har blitt kjent med eit nytt miljø, fått eit nytt nettverk og ikkje minst møtt nye folk som har blitt vener, venskap eg håpar vil vara livet ut.