Image
Ammande mor som held seg på panna

Å ta seg av eit ammande barn samstundes som ein har dundrande migrene er ei utfordring. Foto: Colourbox

Migrenemedisin går lite over i morsmjølk

Ein hovudverk mindre for nybakte mødrer med migreneplagar: dei kan ta medisin utan å bekymra seg for at han går vidare til barnet.

Ammande uroar seg ofte for effekt på barnet når dei tek medisinar. Mange bestemmer seg for å vera føre var, og brukar mindre medisinar enn dei burde.

– Men som regel er det berre minimale mengder av legemidlet som kjem over i morsmjølka. Problemet er at vi ikkje har studiar som dokumenterer godt nok kor mykje eit ammande barn får i seg av det enkelte legemidlet, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Då kan vi heller ikkje gje kunnskapsbaserte råd.

Ikkje slått ut

Ho trekkjer fram antibiotika som eit godt døme på at ammande kan bli overforsiktige i medisinbruken sin.

–Vi har eksempel på at ammande slutta på antibiotikakur mot brystbetennelse for tidleg, fordi dei føler seg betre og fordi dei trur det er det beste for barnet, seier Nordeng.

– Men då er det ikkje sikkert at infeksjonen er slått ut, og han kan koma tilbake verre enn før. Og altfor mange kvinner får råd om å slutta med amming fordi dei treng medisinar, fordi studiar manglar.

Ho er medforfattar av ei nyleg undersøking av om migrenemedisinar av typen triptan går over i morsmjølk. Skjønt nyleg og nyleg – sjølv om studien ikkje omfatta meir enn 19 mødrer, tok den likevel seks år å gjennomføra.

Spesialtilpassa analysar

– Morsmjølk er eit komplekst biologisk materiale som krev spesialtilpassa analysar. Ho inneheld mykje protein, immunstoff, feitt, vitaminar og mineral.

For å utføra analysane måtte fyrsteforfattar av studien Siri Amundsen og kollegaane hennar ved Universitetssjukehuset Nord-Norge spesialutvikla og validera ein metode for å måla nivåa av triptan i morsmjølka.

– Morsmjølka inneheld så mykje feitt og protein at utan spesialtilarbeiding av prøvane vil vanleg analyseutstyr rett og slett gå tett. Å utvikla spesialtilpassa analyser for å måle legemiddel i human mjølk er tidkrevjande, og ei av årsakene til at slike studiar er sjeldne, fortel Nordeng.

Dårleg teke opp i morsmjølk

Men langt om lenge fekk dei resultata sine. Og det var ein gladnyheit for alle som slit med migreneanfall i ammeperioden.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg kor viktig det er for kvinner med migrene å kunne ta medisinar slik at dei slepp å ta seg av barnet sitt under eit dundrande migreneanfall, legg ho til.

– Undersøkingane våre viser at det er noko forskjell på kor mykje av ulike typar triptan som går over i morsmjølka. Når vi justerte mengda i mjølka for vekta på barnet, fann vi at barnet kanskje fekk i seg 2 prosent og lågare for mange av triptana, seier Nordeng.

– Triptanet som det var mest av, naratriptan, hadde ein overgang til morsmjølk på 5 prosent. Dette er framleis moderat. Desse legemidla vert altså dårleg teke opp i morsmjølk, og dei vert brotne raskt ned. Det er heller aldri rapportert nokon biverknader hjå brysternærte barn, forklarar Nordeng.

Hedvig Nordeng
– Morsmjølk er eit komplekst biologisk materiale som krev spesialtilpassa analysar, seier Hedvig Nordeng. Foto: Ola Sæther, Apollon/UiO

Komplisert og tidkrevjande

No håpar ho legemiddelprodusentane fylgjer opp med å oppdatera pakningsvedlegga i sine medisinar.

– Dessverre let produsentane ofte vera å utføra morsmjølkstudiar, og når slike studiar fyrst vert gjort, vert preparatomtalane sjeldan oppdatert.

– Det er ikkje så godt å skjøna kvifor. Det burde jo berre vera ein fordel for dei at preparatomtalen er oppdatert og fleire trygt kan bruka produktet deira, seier Nordeng. Ho legg til at legemiddelmyndigheitar følgjer opp så godt det let seg gjera for å sikra at preparatomtalar vert oppdaterte.

– Når det er så komplisert og tidkrevjande å utføra undersøkingane av medisinar i morsmjølka hjå menneske, er det forståeleg at det ofte er dyre- og celleforsøk som vert utførd. Passasje av verkestoff over til rottemjølk og over cellemembranar er vanleg. Desse metodane er derfor òg viktige, og trengs å gjerast så robuste og brukbare som muleg.

Offentleg-privat forskingsprosjekt

Saman med medforfattarar frå sju europeiske land har Nordeng nyleg publisert en stor gjennomgang av såkalla ikkje-kliniske metodar for å studera overgang av medisinar til morsmjølk. Ikkje-kliniske metodar vil seia at forsøka ikkje vert gjorde direkte på menneske,

– Artikkelen er viktig for oss fordi den er den fyrste frå det europeiske samarbeidsprosjektet ConcePTION, fortel ho.

ConcePTION er eit offentleg-privat forskingsprosjekt, finansiert av det europeiske Innovative Medicines Initiative program. Formålet er å auka kunnskapen om medisinar brukt under graviditet og amming.

Startar rekruttering i mai

– Dette samarbeidet vil bana veg for fleire studiar på medisinar, morsmjølk og amming. Som en del av prosjektet vil morsmjølkprøver frå ammande mødrer bli samla inn, analysert og lagra i en biobank for medisinsk forsking. Forskinga vil koma alle kvinner som treng å bruke medisinar til nytte, seier Nordeng.

No skal ho og UiO leia eit nytt ConcePTION-prosjekt, på ei anna gruppe medisinar: antihistamin, altså allergimedisinar.

– I mai startar vi rekruttering av ammande med allergi som er villige til å gje noko av morsmjølka si til forskingsprosjektet vårt. Vi skal undersøkja levocetirizin og cetirizin, verkestoffa i legemidla Xyzal, Cetirizin, Cetimax og Zyrtec. Er det lesarar som kjenner nokon som kan vera aktuelle, kan dei jo tipsa dei om denne artikkelen.

Dei vitskaplege artiklane

Amundsen m.fl.: Transfer of triptans into human breast milk and estimation of infant drug exposure through breastfeeding. Basic & Clinical Pharmacology & Toxicology, Mar 2021

Nauwelaerts m.fl.: A comprehensive review on non-clinical methods to study transfer of medication into breast milk – A contribution from the ConcePTION project. Biomedicine & Pharmacotherapy, Apr 2021

Studie ved UIO om antihistaminar i morsmjølk