Image
Colourbox

Immundempande medisinar er høgaktuelle for persontilpassa medisinering. Foto: Colourbox

Immundempande samarbeid over landegrenser

Spesialistane på persontilpassing av immundempande medisinar er spreidd over heile verda. Å samla kunnskapen deira er ei krevjande oppgåve.

Immundempande medisinar undertrykkjer immunsystemet. Det høyrest ut som noko ein helst ikkje bør gjera, men for folk som har fått nye organ – hjarte, nyre, lever osv. – er dei nødvendige. Elles er risikoen stor for at immunsystemet oppfattar det nye organet som eit framandelement og går til angrep.

Men samstundes er jo immunsystemet framleis viktig for kroppen. Derfor ynskjer ein ikkje å hemma det for mykje, berre akkurat nok til at ikkje det nye organet vert utstøytt. I tillegg kan dei immundempande legemidla ha biverknadar som ein helst vil unngå.

Derfor er dette eit høgaktuelt område for ei form for persontilpassa medisinering som vert kalla TDM, eller therapeutic drug monitoring på engelsk. Det inneber at ein overvakar mengda av eit legemiddel i kroppen til pasienten, og effekten av det. Så vert doseringa justert etter det.

Viktig med oppsummering

Med andre ord er hensikta at kvar pasient skal få akkurat den dosen vedkomande treng, i motsetning til andre legemiddel der alle vaksne brukar same dose, som 500 mg Paracet.

Stein Bergan er farmasøyt, har hovudstilling på Avdeling for farmakologi ved Oslo universitetssjukehus og er i tillegg professor II ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Han leiar òg den vitskaplege komiteen for immundempande medisinar i foreininga som går under den ikkje særleg korte forkortinga IATDMCT, der vi kjenner igjen bokstavane TDM.

– Viktig med oppsummering frå tid til annan av kvar forskinga står akkurat no, seier Stein Bergan.

– Mykofenolat er eit av dei immundempande legemidla som det vert gjort mykje TDM-forsking på. Å ha heile oversikta er ikkje noko enkel sak for dei som skal ta dette i bruk i praksis, legar og farmasøytar som er i direkte kontakt med pasienten, forklarar Bergan.

– Derfor er det viktig å få ei oppsummering frå tid til annan av kvar forskinga står akkurat no.

Redaktør og pådrivar

Men det er ikkje nokon enkel jobb å laga ei slik oppsummering. Sjølv dei som er spesialistar på persontilpassing av immundempande medisinar har sine spesialfelt igjen innan området, og dei har ulike bakgrunnar. Det er farmasøytar som Bergan sjølv, det er legar, det er molekylærbiologar, (bio-)ingeniørar og andre.

– Det er ein stor jobb å sy saman bidrag frå 35 bidragsytarar, men det er lærerikt òg. Nesten kvart bidrag eg har lest gjennom har lært meg noko eg ikkje visste frå før, seier Bergan.

– Men det krev jo litt å få eit sluttprodukt som alle kan stella seg bak, og det vert ikkje enklare av at sjølv om dei som deltar er engasjerte i oppgåva, gjer dei det i tillegg til sine vanlege oppgåver der dei arbeider. Eg har vore den som har fungert som redaktør og pådrivar, i tillegg til å fylla på innhald.

Etter eit års arbeid er sluttproduktet her. Artikkelen er publisert i Therapeutic Drug Monitoring, som ikkje berre er eit tidsskrift på høgaste nivå. Tidsskriftet har òg ein avtale med IATDMCT om at artiklar frå foreininga skal gjerast fritt tilgjengelege for heile verda.

Utveksla erfaringar og byggja nettverk

Bergan understrekar at komiteen ikkje har nokon regulerande myndigheit, slik at gjennomslaget av artikkelen er det som måtte koma av at andre les eller siterer han.

Men han har meir han vil fortelja om IATDMCT.

– Kvart år vert det arrangert ein kongress med deltakarar frå heile verda, og i 2023 skal vi arrangera han i Oslo. Det er ei fin anledning til å utveksla erfaringar og ikkje minst byggja nettverk, som er spesielt viktig for yngre forskarar, seier han.

– Vi prøvde å få kongressen både i 2021 og 2022, men nådde ikkje opp då. Fyrst var vi lei oss, men når vi ser kva som har skjedd i verda i mellomtida, synest vi eigentleg det er heilt greitt å venta til eit tidspunkt då kongtressen forhåpentleg kan arrangerast fysisk og ikkje berre digitalt.

Den vitskaplege artikkelen

Bergan m.fl.: Personalized Therapy for Mycophenolate: Consensus Report by the International Association of Therapeutic Drug Monitoring and Clinical Toxicology. Therapeutic Drug Monitoring, Apr 2021.