Image
Figur med silhuett av eit foster mot ein bakgrunn med eit DNA-molekyl

Med moderne utstyr og metodar kan forskarane studera korleis gena til barnet gjer det meir eller mindre utsett for biverknadar av medisinbruken til mora. Ill.: Pixabay, montasje: UiO

Gena styrer korleis medisinbruken til mora påverkar fosteret

Men ein gjennomgang viser at det som har vore gjort av forsking til no ikkje har gjeve oss kunnskap som er god nok til å takast i bruk.

Når forskarane snakkar om biverknadar av legemiddel, snakkar dei gjerne om høg eller låg risiko. At gena har vore ein av faktorane som påverkar risikoen for den enkelte pasient, vart foreslått alt på 60-talet. Men det er fyrst sidan årtusenskiftet at teknologien har kome langt nok til at forskarane har kunna studera dette nærmare.

Emilie Willoch Olstad er stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, og høvesvis fyrste- og medforfattar på to artiklar som har gjort opp status for to ulike sider ved korleis mora sin medisinbruk kan påverka det ufødde barnet.

– Den eine ser på kor genetisk sårbart barnet er. Det vil seia at vi har sett på kor utsett barnet er dersom det er berar av bestemte genvariantar. Effekten kan spenna frå medfødde misdanningar til mindre alvorlege utviklingsutfall, t.d. fødselsvekt, seier Olstad.

Viktig for utviklinga til barnet

– I den andre studien snur vi spørsmålet på hovudet og spør korleis medisinbruken til mora påverkar epigenetikken hjå barnet. Epigenetikk handlar om kva gen som vert aktiverte, eller påskrudde om ein vil, men utan at gena sjølve vert endra.

Emilie Willoch Olstad
– Gena du får tildelt, er som ei utdelt hand i eit kortspel, seier Emilie Willoch Olstad. Foto: Adam R. Babinski, UiO

Ut frå eit sett gjevne kriterier har Olstad og kollegane saumfart databasar for vitskapleg litteratur. Og det var lettare sagt enn gjort å samanlikna dei.

– I studien om genetisk sårbarheit fann vi 29 artiklar som fylte utvalkriteria våre. Mange handla om forskjellige enkeltgen, og hadde brukt forskjellige metodar. Det gjer det vanskeleg å trekkja slutningar som er allmenne, seier Olstad.

– Fleire av artiklane hadde riktig nok sett på genet som heiter SLC6A4. Vi veit at det kodar for ein såkalla serotonintransportør. Hormonet serotonin er viktig for utviklinga til barnet, samstundes som mange antidepressiva rettar seg mot det, seier Olstad.

Som ei hand i eit kortspel

Ho fortel at fleire av studiane som viser at ein variant av dette genet i kombinasjon med eksponering for antidepressiva mellom anna kan gje barnet søvnproblem, gjera det meir irritabelt og redusera fødselsvekta. Men ho ser eit anna problem når studiane berre ser på eitt gen om gongen.

– Kvart menneske har eit sett av mange gen, eit genom, som det heiter. Gena i genomet spelar saman og påverkar kvarandre, seier ho, og illustrerer med eit eksempel:

– Tenk deg at gena du får tildelt, er som når du får utdelt ei hand i eit kortspel. Når du skal vurdera styrken av eit kort, kan du ikkje sjå på det isolert, du må sjå korleis det passar saman med dei andre korta du har på handa. Slik må vi studera gena òg, ikkje stykkevis og delt.

Ungt forskingsfelt

Blant artiklane om epigenetikk var det fleire som hadde sett på større delar av genomet. Men her dukka ei anna utfordring opp.

– Resultata stemte i liten grad overeins med kvarandre. Som ein fylgje av at dei ulike studiane hadde brukt ulike metodar, varierte svara såpass mykje at det ikkje var råd å trekkja nokre konklusjonar, seier Olstad.

– Den eldste artikkelen vi fann var frå 2008, som gjer dette til eit ungt forskingsfelt. Studiane kombinerer ikkje godt nok kunnskap og perspektiv frå fagfelta epidemiologi og epigenetikk, og ender i sum opp med å ha liten klinisk verdi fordi funna er så inkonsistente.

Figur som viser ti anbefalingar i stikkordsform: Hypotese, Valg av medisiner, Statistisk styrke, Studiedesign, Systematiske feil, Valg av vev, Langtidsperspektiv, Dataintegrasjon, Kausal inferens, Replikasjon
Ti anbefalingar for framtidige forskingsartiklar på feltet. Sjå den vitskaplege artikkelen (peikar nedst i saka) for detaljert forklaring. Illustrasjon: Emilie Willoch Olstad/UiO

Forskinga må betrast

I artikkelen sin har derfor Olstad og kollegane foreslått ti anbefalingar for denne typen undersøkingar. Den som ynskjer å lesa meir om dei enkelte anbefalingane, finn peikar til artikkelen nedanfor.

I framtida er håpet at legane kan gje råd om medikamentbruk basert på mora og barnet sine genom. Men dit er det langt fram, slår Olstad fast:

– Ofte konkluderer vitskaplege artiklar med at meir forsking er nødvendig. Men her trengst ikkje berre meir forsking, forskinga må fyrst og fremst betrast samanlikna med det som har vore tilfelle til no.

Dei vitskaplege artiklane

Olstad m.fl.: Prenatal medication exposure and epigenetic outcomes: a systematic literature review and recommendations for prenatal pharmacoepigenetic studies. Epigenetics, Apr 2021

Gomes m.fl.: Genetic Susceptibility to Drug Teratogenicity: A Systematic Literature Review. Frontiers in Genetics, Apr 2021