Plakat med slagord.

Det høyrest kult ut, men riktig er det ikkje. Plakat på Frederikkeplassen på Blindern.

Slik overvaker hjernen si eiga mjølkesyre

Auka nivå av mjølkesyre i hjernen er eit teikn på at noko er gale. Ny studie viser kvar og korleis hjernen sjølv fylgjer med.

Av Torstein Helleve
Publisert 27. okt. 2020

«Hvis hjernen var så enkel at vi kunne forstå den, ville vi være for enkle til å forstå den», står det i desse dagar på ein plakat på Frederikkeplassen på Universitetet i Oslo. Det høyrest kult ut, men riktig er det ikkje.

Det er riktigare å seia at hjernen er eit så komplisert puslespel at det vil ta oss lang, lang tid å forstå han. Men heile tida, over heile verda, legg forskarar ørsmå nye bitar på plass i det ufatteleg store puslespelet.

Ein av desse forskarane er provisorfarmasøyt Alena Hadzic. Ho har hjernen på hjernen til dei grader at ho ikkje nøyer seg med å ta doktorgrad på hjerneforsking, ho gjer det samstundes med at ho tek profesjonsstudiet i psykologi.

Positiv effekt av mjølkesyre

Den nyaste biten ho har lagt i puslespelet, har utgangspunkt i ein tidlegare studie gjort av rettleiaren hennar, Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Studien viste at vi har ein reseptor eller mottakar i hjernen for mjølkesyre, eller laktat, og at mjølkesyra kroppen produserer når vi trenar hardt, har positiv effekt på hjernen, seier Hadzic.

– Dermed var det interessant å finna ut meir nøyaktig kvar denne reseptoren er lokalisert.

I hjernen er det fire holrom som heiter ventriklar. Kvar av desse ventriklane inneheld eit lite stykke vev som heiter choroid plexus. Det utgjer ikkje meir enn ein kvart prosent av volumet til hjernen, men det har stor betydning.

Produserer hjernevæske

– Det er choroid plexus som produserer hjernevæske eller hjerne-ryggmargvæske, den vassaktige væska som fyller hjerneventriklane og som ligg rundt hjernen og ryggmargen. Vi veit at hjernevæska er viktig, men vi veit likevel ganske lite om henne, fortel Hadzic.

– Choroid plexus regulerer den kjemiske samansetjinga av hjernevæska på same måte som nyrene regulerer samansetjinga av blodet vårt. Derfor vert det gjerne kalla hjernens nyrer. Trass at choroid plexus produserer den viktige hjernevæska, er det ein av dei hjernestrukturane som er aller minst studert.

To av hjerneventriklane vert kalla dei laterale, som betyr at dei ligg på sidene. Dei to andre vert kalla tredje og fjerde ventrikkel, og Hadzic lukkast i å lokalisera mjølkesyrereseptoren til den tredje ventrikkelen, og berre der.

Må passera barriere

Cecilie Morland i laboratoriet
– Denne kunnskapen kan vera viktig når vi skal utvikla framtidige medisinar mot sjukdomstilstandar som slag og Alzheimers, seier Alena Hadzic (ved mikroskopet) og Cecilie Morland. Foto: Gezime Sefiri/UiO

– Nærmare bestemt i choroid plexus, ein del av den indre hjernehinna som heiter tela choroidea og langs veggen i den tredje ventrikkelen, og i to tilhøyrande celletypar: ependymceller, som blant anna syter for at hjernevæska vert pumpa i riktig takt og retning i ventriklane, og fibroblastar, som blant anna utgjer ein del av bindevevet , forklarar ho.

For at legemiddel skal verka i hjernen, må dei passera den såkalla blod-hjernebarrieren. Men nyare forsking viser at det ikkje er fullt så enkelt.

– Det er ikkje lenger sidan enn mi studietid at vi berre lærte om blod-hjernebarrieren. Men i seinare tid har det blitt tydeleg at det finst to til, nemleg barrieren mellom blod og hjernevæske og mellom ependymcellene og hjernen. Det er i de to sistnemnde barrierane at vi finn mjølkesyrereseptoren, forklarar Hadzic.

Mellom hjernen og hjernevæska er det ein balanse mellom ein del stoff. Mjølkesyra er blant dei som aukar i hjernevæska når nivået i hjernen aukar.

– Auka mjølkesyrenivå i hjernen er eit teikn på at noko er gale. Så dersom vi finn ein auke i mjølkesyra i hjernevæska, kan vi bruka det som indikator på at det er ting som ikkje stemmer i hjernen, seier Hadzic.

Viktig kunnskap for framtidige legemiddel

– I tillegg kan vi spørja oss kva effektar mjølkesyrereseptoren har i den tredje hjerneventrikkelen.

Ho forklarar at reseptoren her er strategisk plassert for å kunna oppfatta auka mjølkesyre i hjernevæska. Frå tidlegare veit forskarane at det vert danna fleire blodårer i hjernen når mjølkesyrereseptoren vert aktivert.

– Vi kan tenkja oss at når denne reseptoren registrerer auka mjølkesyre i hjernevæska, svarar han med å setja i gang produksjon av reparasjonsfaktorar i ependymcellene og fibroblastane, som deretter vert frigjorde og transporterte av hjernevæska til det skadde området i hjernen, seier Hadzic.

– Dersom det stemmer, vil denne kunnskapen vera viktig når vi skal utvikla framtidige medisinar mot nevrologiske sjukdomstilstandar som slag og Alzheimers.

Den vitskaplege artikkelen:

Hadzic m.fl.: The Lactate Receptor HCA1 Is Present in the Choroid Plexus, the Tela Choroidea, and the Neuroepithelial Lining of the Dorsal Part of the Third Ventricle. International Journal of Molecular Sciences, Sep 2020

Emneord: Farmasi